Som perler på ei snor langs leia
Frå Storevika til Årebrot ligg det over 30 gravrøyser etter kvarandre på ei strekning på mindre enn ei mil. Denne perlerada med gravrøyser er spesiell og har samanheng med det opne landskapet og at leia alltid har gått her.
Gravrøysene vart plasserte på same måten i terrenget. Dei ligg på berg og knattar langsmed stranda, mange berre 10-20 meter frå sjøen. Alle vart bygde av stein som folk fann i stranda.
Her er gravrøyser som ut frå storleik og byggemåte, vart bygde i bronsealderen medan andre er frå den etterfølgjande jarnalderen.
Gravrøysene skulle syne godt. Dei var både graver, maktsymbol og landemerke. Dei vart plasserte nær stranda, der dei også meinte at dei religiøse verdene møttest.
Herja og plyndra
Skattejegerar og vardebyggarar har vore på ferde og herja med mange av gravrøysene på denne strekninga. Her er søkk og groper etter plyndring, og små vardar har blitt sett opp. I seglskutetida forsynte folk seg med stein til ballast. Mange av gravrøysene manglar stein i sida som vender mot sjøen. Nokre røysar vart bygde av hellestein, som seinare vart tekne til murar.
Den fuktige og salte sjølufta tærer bort klede og anna organisk materiale og metallsaker i gravene så skattejegerane fann neppe det som dei ynskte seg.
For lenge sidan blei det levert inn ei steinøks frå Årebrot til museet i Bergen. Funnopplysningane tyder på at øksa kom frå ei kremeringsgrav, og i følgje dei same opplysningane hadde funnstaden vore dekt av ei samling med stein. Dette er dermed det andre funnet vi kjenner, som kjem frå desse gravrøysene.
Gardane
Gravrøysene står fram som symbol og religiøse ytringar. I tillegg er dei også fysiske spor etter jordbruks- og fiskarsamfunn i førhistorisk tid, samfunn som elles har sett få synlege spor etter seg i landskapet.
Det ligg sju gardar langs stranda her, og alle har gravrøyser frå bronse- og jarnalder. Gravrøysene syner at gardane var i bruk då røysene vart bygde.
Innmarka på gardane var avgrensa, men det var nok til å dyrke eige korn. Bygg er kornslaget som har vore dyrka gjennom fleire tusen år. Kyr, sauer og geiter kunne gå ute heile året i dette landskapet. Fiske og fangst var viktige for levemåten, slik det har vore fram til våre dagar. Gardstuna her frå førhistorisk tid har vi enno til gode å finne.
Grunnen til at det ikkje ligg gravrøyser i Øvrebotten og Husefest kan vere at desse plassane låg for langt inne i kvar si bukt. Røysene ville ikkje syne godt nok frå sjøen.
Også dette landskapet vart nytta av jegerar og sankarar i steinalderen før bøndene tok området i bruk. På Kvalvik er det funne spor etter ein leirstad til steinalderfolka.
Du finn informasjon om dette gravrøyslandskapet også på skiltet i kaiskuret på Villevika. Frå kaia går det rutebåt til Florø.