Del av Per Fett sitt storarbeid
Arkeolog og konservator Per Fett la ned eit gigantisk arbeid med å registrere vestnorske kulturminne, frå Sunnmøre til Sunnhordland. Han gav ut hefter om førhistoriske minne og dei to som handlar om området Botnane-Årebrot heiter «Kinn prestegjeld» og «Bremanger prestegjeld».
Gravrøysene på strekninga Botnane-Årebrot vart fyrst registrerte av arkeolog og konservator Wenche Slomann ved Bergen museum i 1947. I 1956-57 vart dei reviderte i marka av arkeolog og konservator Per Fett (1909-96) frå same museum. Han var her i periodar og var innom alle gardane. Fett snakka med folk, tok mål av og skreiv om røysene. Han fekk nøyaktige opplysingar om funnstadane til funn som tidlegare var leverte inn til museet og opplysingar om gjenstandar som var funne, men ikkje leverte inn og dermed tapte.
Per Fett sitt registreringsarbeid frå 1950-talet dannar såleis faktagrunnlag for skilta og nettsida om gravrøysene. Du finn registreringane hans frå heile museumsdistriktet på internett i dag.
Per Fett på Årebrot
Fridtjov Urdal (1952) hugsar konservator Per Fett frå då han dreiv feltarbeid på Årebrot. Paul Urdal, far til Fridtjov, var svært interessert i historie og det er grunn til å tru at Fett budde hjå familien Urdal. Dei vart i alle høve godt kjende. «Vi var aldri til Bergen utan at vi var innom Historisk museum og Per Fett sitt kontor», fortel Fridtjov Urdal. Han har skrive ned to minne om Fett:
Kva sa dei om røysene før i tida?
Eg hugsar Per Fett spurde ut bestemor mi, ho Anna på Kviene, som var oppvaksen i Seljestokken, om kva ho visste om desse røysane og kva som hadde vorte sagt om dei i den tid?
– Dei sa da var dar Nessekongane låg begrevne.
– Så folk visste altså at det var gamle graver?
– Ja, det skulle gamle biskop Neumann ha fortalt og sjølv om dei var heidningar så skulle dei liggje i fred, fortalde ho bestemor. Det fylgde ulukke med å skiple røysene, vart det sagt. Då kunne dei hemne seg dei som låg der. I Sunnervåg hadde dei tekje stein frå ei røys til ein husgrunn (ut under Varen). Då vart det ufred der. Kva denne ufreden gjekk ut på veit eg ikkje. Truleg vart det ikkje nemnt som anna enn ufred.
Anna Lovisa Korneliusdotter (1872-1969). Gift Iversen, lokalt kalla Anna på Kviene. Farmor til Fridtjov Urdal.
Fett fekk landskapet til å fortelje
Konservator Per Fett hadde den eigenskapen at han kunne gjere folk stolte over gravhaugar og røyser. Han kunne snakke med folk på eit vis som gjorde at dei kom i kontakt med fortida. Det var ikkje berre ei røys eller ein haug som låg i vegen når ein skulle pløye eller slå. Det vart eit band til dei som hadde vore der før. Her hadde folk levd i hundre og tusen år. Det var ikkje uvanleg å høyre: Per Fett kom her og han hadde sagt/fortalt. Han fekk landskapet til å fortelje. Ein formidlande vitskapsmann.
Eg har eit minne om at han var heime hjå oss då han for på registrering her seint på 1950-talet ein gong. Seinare når eg var til Bergen med far min var det fast skikk å gå på Historisk museum. Då var vi i som regel innom kontoret til Per Fett.
Når vi pløgde åkeren på Vollen kom det i regelen fram eitt eller anna. For det meste var det flintavslag, brot av kritpiper og kleber. Ein gong hadde vi med fem kleberstykke. «Dette er av ei gryte og ho har vore stor», sa han og let handa fylgje bogen på det største stykkjet. Ei nyttig oppleving av at det er råd å sjå det som ikkje er der. Ein annan gong hadde vi med to deler av eit spinnehjul. «Dette kan vere over 1000 år gamalt», sa han. I hop med eit grytebrot i kleber og kjåsteinar (steinar til å strekke renningstrådane i ein Oppstadvev). Per Fett sa at desse funna kunne vere frå ein buplass med ei mykje eldre historie enn tømmerdriftene på 1700- og 1800-talet. Sjølv om kritpipene, børseflinten og dei to myntane var frå den tid.
På Vollen hadde det frå gamalt av stått ei stove (gamlestaua) som etter seiande hadde vore i bruk under dei store tømmerdriftene under Køhler. Det var to slike stover inne i Dalen, bak Mastrehogen sto Dalastaua.
Alle stader har ei historie å fortelje. Der mennesket har vore har det etterlete seg talande spor, anten det er namn eller gravrøyser.
Fridtjov Urdal 11.02.2021.
Bilen Malene var både kontor og framkomstmiddel for Per Fett. Foto: Privat
Familien Fett då Egil Fett var liten. Foreldra Eva og Per Fett var begge arkeologar. Foto: Privat
Arbeidet var eit kall for Per Fett
Arkeologen Per Fett (1909-1996) brukte feltsesongen og sommarferiane sine til å registrere historia om busettinga av Vestlandet, frå Sunnmøre til Sunnhordland. Han var på Årebrot i 1956 og i Botnane i 1957.
– Mor var sommarenke, han reiste i slutten av mai og kom att i midten av august. Far elska dette arbeidet, det var som eit kall for han. Når han fekk drive med denne lidenskapen sin kjende han knapt trong for ferie, trur eldste sonen, Egil Fett.
Foreldra hans, Eva og Per Fett, var begge arkeologar og vart kjende i studietida i Bergen. Egil hugsar at han og mora var med Per Fett til Flemsøy på Sunnmøre ein av dei fyrste somrane faren dreiv med dette registreringsarbeidet. Egil var fødd i 1937 og trur han var omlag fem år den gongen. Det var i alle høve medan han var einebarn. Store delar av krigen budde mora og borna på Austlandet, hjå mormora hans, som hadde lettare tilgang på mat enn det dei hadde i Bergen. Men Per Fett reiste og registrerte merke etter fortida, det var ein del av jobben hans ved Historisk museum i Bergen.
Store funn var sværast
– Den gongen var arkeologien meir tilfeldig enn no og særleg oppteken av å gjere store funn, som t.d. Osebergskipet (1904). Far var ikkje spesielt ute etter flotte og store funn. Han var ein systematikar og ville forske på busettingshistoria for alle lag av folket, og han gjekk grundig til verks. Han tok utgangspunkt i prestegjelda og gjekk frå gard til gard og snakka med folk. Kva visste dei? Kva fanst av merke etter folk og busetting, gravrøysar og andre fortidsminne?
Per Fett reiste rundt i ei folkevogn som fungerte som kontor. Han hadde med seg ei skrivemaskin som han skreiv registreringane på. Det var nøyaktige opplysingar om tidleg busetting og funn etter folk. Nøyaktige mål på kor store gravrøysene var, og han sjekka tidlegare opplysingar som fanst i museumsarkivet. Historisk museum i Bergen gav ut det han skreiv i 80 små hefte om Førhistoriske minne, eitt for kvar prestegjeld i Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Fett ville helst ikkje grave fram fortidsminna, det ville han overlate til framtida, minnest sonen Egil.
Viktig arbeidet for ettertida
– Kva syn var det på dette arbeidet når samtida var mest oppteken av store og prestisjetunge funn?
– I starten var det kanskje ikkje sett på som så viktig, for det var ikkje glamorøst det han dreiv på med. Men etter kvart som dei systematiske registreringane hans kom til nytte når det skulle byggast vegar, bustadfelt og industriområde, vart arbeidet hans meir verdsett. Det vart ein viktig del av plan- og lovverket. Når til dømes vegvesenet skal bygge ein ny veg har dei ein katalog over fortidsminne i far sitt arbeid nettopp der vegen skal gå.
– Kva sa han sjølv om arbeidet sitt?
– Han var klar over kva jobb han hadde gjort, men han var ikkje oppteken av å vere stor og berømt. Eg trur også han var klar over at det var ein stor fordel for han at mor også var arkeolog og forsto seg på kva han dreiv på med. Det var framsynt arbeid og eg trur han kjende på eit ansvar for å formidle kunnskap om fortidsminna. Det gledde han sjølvsagt at registreringane hans, frå Sunnmøre til Sunnhordland, kom til nytte i den vidare samfunnsutviklinga.
Den sorten som snakka med alle
– Korleis hugsar du far din?
– Han var ein roleg og sindig kar, og støttande av natur. Han kom lett i kontakt med folk og fekk dei i tale, og var av den sorten som snakka med alle. Eg hugsar han som ein god forteljar. Far var mykje brukt som meklar i personkonflikter og då han døydde vart det sagt i eit minneord at han døydde utan ein einaste fiende.
Per Fett vaks opp på Frogner i Oslo. Far hans, Harry Fett, var den fyrste riksantikvaren i Noreg. Etter at Per Fett kom til Bergen var det berre i brev til mor si han skreiv på bokmål. Elles brukte han nynorsk både privat og i jobben sin resten av livet, fortel sonen. Fett var veldig oppteken av språk og lærde seg fleire framandspråk, til dømes gresk.
Historisk museum, Universitetet i Bergen hadde museumsansvaret frå Sunnmøre til og med Sunnhordland, og registreringane Per Fett gjorde på Årebrot og i Botnane er grunnlaget for skilta om dei vel 40 gravrøysene her.
Magni Øvrebotten intervjua Egil Fett 03.04.2021.