Bark-prosjektet 2019-21
I 2017 løyvde Riksantikvaren midlar til å skilte og legge til rette for at folk skal få kunnskap om dei største gravrøysene i Botnane. Pengane kom over statsbudsjettet. Her litt historikk om prosjektet.
Fylkeskommunen søkte på midlane gjennom Bevaringsprogram for utvalde arkeologiske kulturminne (BARK). Midlane i programmet skal gå til informasjon, tilrettelegging og skjøtsel av vegetasjon ved eit utval av automatisk freda kulturminne. Det er freda kulturminne av nasjonal verdi.
Tiltaket føresette eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune (frå 2020 Vestland fylkeskommune), Bremanger kommune, Botnane og Årebrot grendalag og grunneigarane.
Botnane og Årebrot grendalag ynskte å ha med strekninga Storevika–Årebrot og sjå heile området i ein heilskap. Prosjektet blei utvida med skilt i Seljestokken og på Villevika i samarbeid med grunneigarar, Flora historielag og Kinn kommune.
Skilt og heimeside
Det er utarbeidd, designa og sett opp fem større informasjonsskilt. I tillegg er det laga ei eiga nettside om gravrøysene og kulturhistoria. Den er tilgjengeleg på heimesida til Botnane og Årebrot grendalag, www.Botnane.no Det er Ivar Høyvik, i Rakkar AS, har utforma sida.
Arbeid i prosjektet har føresett omfattande eigenandel og dugnadsinnsats frå både fylkeskommunen og grendalaget. I samarbeid med arkeolog Berit Gjerland i Vestland fylkeskommune, har Magni Øvrebotten, frå grendalaget, vore med på skrivinga. Berit Gjerland har vore fagleg ansvarleg for prosjektet.
Elizabeth Oltedal har omsett delar av teksten på skilta og heimesida til engelsk. Runa Gjerland har teikna karta og vikingkvinna på eit av skilta. Grafisk arbeid og produksjon av skilt og skiltstativ har blitt utført av Arkeoplan.
Oppstillingsplassar for bilar
Vegen gjennom Botnane er smal og det er vanskeleg å sette frå seg bilen for å sjå nærare på skilt og gravrøyser. Difor ynskte grendalaget og grunneigarar eigne plassar til dette. I prosjektet har det blitt laga ein biloppstillingsplass i ei eksisterande avkøyrsle i Nordbotnen slik at det er plass til nokre bilar og hovudskiltet i kulturminneløypa.
I tillegg blei det, med midlar frå Bremanger kommune, laga ei avgrensa utviding av fylkesvegen i Sørbotnen. På den måten kan folk setje frå seg bilen og lese skiltet som står der.
Botnane og Årebrot grendalag ved leiar Åsmund Berthelsen har vore initiativtakar, teke seg av søknadsarbeidet og følgt opp sakene.
Dugnadane med å rydde røysene
Sommaren 2020 vart det gjort eit stort dugnadsarbeid i Botnane og Årebrot grendalag sin regi kring Storrøysa og røysa i Vika. Det vart rydda skrot og saga ned tre og kratt kring dei to røysene.
Leiaren for grendalaget, Åsmund Berthelsen, var primus motor for både saginga av tre og organisering av arbeidet. På dugnadane møtte det både bygde- og feriefolk og folk frå fylkeskommunen. Sistnemnde har også rydda slik at røysene som ligg nærmast skiltet i Seljestokken er meir synlege.
I vekene før opninga av kulturminneløypa Botnane-Årebrot vart det arbeidd på dugnad både i Seljestokken og Botnane, med skilt, grindar og rydding av stiar. Vi takkar alle for hjelpa.
Opninga av kulturminneløypa
Kulturminneløypa vert opna 30. mai 2021 av fylkesordførar Jon Askeland i Vestland fylke. Det kom 50-60 personar til opninga i godver og tilnærma vindstille. Opninga var ved hovudskiltet i Sletten (Nordbotnen) rett nedanfor den største gravrøysa.
– Vi er samla for å markere og stoppe opp ved eit viktig kulturminne i vestlendingane si livssoge. Eg vil uttrykke takk og heider til Botnane og Årebrot grendalag og andre, som har lagt ned mykje arbeid for å få denne historia fram i lyset, både for oss som leve i dag og for etterslekta, sa fylkesordførar Jon Askeland.
Saman med fylkesordføraren var også ordførarane i Bremanger og Kinn inviterte til opninga, fordi Botnane ligg i Bremanger kommune og Årebrot i Kinn. – Botnane var eit høvdingesete i bronsealderen, så det er temmeleg lenge sidan det har vore samla så mange småkongar her som i dag. Men i motsetning til då er vi valde i val, så folk kan velge oss vekk om dei vil, sa Askeland.
Ordførar Anne Kristin Førde i Bremanger kommune var imponert og glad for arbeidet som var gjort med å få historia fram i lyset. Ho peika på at for å få til eit løft som dette er ein avhengig av eit godt samarbeid mellom grunneigarar, grendalag, kommune og fylkeskommune. Ordførar Ola Teigen i Kinn kommune håpte skilta og historia dei fortalde kunne gjere oss stolte av historia vår og plassen vi kjem frå.
Leiaren for Botnane og Årebrot grendalag, Åsmund Berthelsen, leia markeringa som vart avslutta med at prosjektkleiar og arkeolog Berit Gjerland fortalde om kva røysane fortel oss. Les talen hennar her. Til slutt vart 45 påmelde med på ein guida busstur Botnane-Årebrot, der Berit Gjerland fortalde om fortida og Magni Øvrebotten om bygdene i dag.