,

Kva fortel gravrøysene?

 

Dette er prosjektleiar og arkeolog Berit Gjerland, i Vestland fylkeskommune, si forteljing om kva gravrøysene fortel oss. Ho heldt tala ved opninga av kulturminne-løypa Botnane-Årebrot, i Botnane 30. mai 2021:

Høvdingen var død. Det utenkjelege hadde skjedd. No var tida for å gjere han klar for den siste reisa. Gravferdsstaden var valt ut for lenge sidan og den nedste meteren med stein i gravrøysa var alt lagt opp. Han hadde bestemt at hans gravstad skulle vere den aller største. Den skulle kneise på ryggen nord for gardane, gravrøysa skulle strekke seg mot den heilage himmelen og bli eit minne om han og ætta og landemerke for alle som for forbi i leia. Alle var samde med han i det.

Gjestene var komne langvegs frå. Høvdingen hadde mange allierte – sjølv om det også var mange høvdingar som ville han og ætta hans vondt.

Etter dei omfattande gravferdsseremoniane var over, høvdingen var lagt i grava i sin finaste stas og sjela hadde starta på reise til det hinsidige, dei fremtredande gjestene hadde drege sin veg – då tok byggearbeidet for alvor til.

Trælar og andre undersåttar i Botnane og grendene omkring tok til på det tunge og langvarige arbeidet med å bere stein frå marka omkring og frå fjøra. Oksar drog kjelkar med stein fram til røysa. Kvar stein vart plassert for hand i det som skulle bli den største gravrøysa frå bronsealderen på Vestlandskysten – Søre røysa som er heile 38 meter i tverrmål og 5 m høg.

Slik kan vi tenkje oss noko av det som skjedde kring gravferda her i Søre røysa.

Vi kan stille oss ei rad spørsmål –  Når skjedde dette? Kva slags tid var det? Kva slags samfunn var det på den tida?  Og kunne det verkeleg vere eit maktsenter her i Botnane??

Over heile Europa blei det bygd store gravminne på denne tida. Hjå oss vart dei bygde i stein slik som her. I andre gode jordbruksbygder lenger sør i dagens Noreg og vidare sørover vart dei ofte bygde av jord. Desse store gravhaugane og gravrøysene vart i Skandinavia bygde i bronsealderen,  – i laupet av nokre hundre år i eldre bronsealder. Vi er då 1700 – 1100 år før Kristi fødsel.

Det var framtredande personar i viktige slekter som fekk slik gravlegging. Det gjaldt både kvinner og menn i desse slektene. Storleiken på gravminna signaliserte mynde og autoritet. Det kravdest stor mynde, både religiøst, militært og politisk for å få bygd slike store konstruksjonar. Det visste folk i samtida, og det var mykje symbolikk knytt til dei gravminna, også i tida etterpå.

Styrke og mynde var sentrale momenta i samfunnet, i alle fall hjå dei rådande ættene. Det var eit lagdelt samfunn med rikdom hjå nokre og fattigdom hjå andre. Det var eit samfunn med rivalisering og konkurranse, og inga overordna statsmakt til å regulere forholda. Det var eit samfunn der den sterkaste makta rådde. Difor kunne maktforholda endre seg frå generasjon til generasjon.

Her i Botnane ligg det derimot fire ekstra store gravrøyser frå denne tida – det indikerer eitt stabilt maktsenter over fleire generasjonar, kanskje eit par hundre år.

Store gravrøyser rommar ofte ei gravlegging, men det er døme på at det har blitt sett inn sekundærgraver, gjerne i kanten av store gravrøyser. Det for å vise slektskap og tilhøyre til den mektige i gravrøysa.

Dei avdøde vart gravlagde i sin finaste stas og utsøkte klede. Kvinnene kunne ha store bronsesmykke og mennene flintdolkar, nokre fekk bronsesverd med seg til det neste tilværet. Det er ikkje kjent gjenstandar frå desse gravrøysene i Botnane. Her er groper i fleire, det tyder på plyndringar, men uvisst når det kan ha skjedd. Det kan ha vore rituelle haugbrot i samtida, det kan ha vore skjending av gravminne utført av rivaliserande høvdingar eller det kan ha blitt gjort dei siste hundreåra då respekten for dei daude i slike graver var på veg ut.

Det er slett ikkje sikkert at folk fann noko, i alle fall ikkje no etter så lang tid. I slike gravminne der den rå og fuktige sjølufta siver inn mellom steinane, der løyser organisk materiale seg opp og alt blir til støv, bokstavleg talt.

Dei fire store gravrøysene på kvar si side av Pollen utgjer ei sjeldsynt samling med ekstra store gravrøyser. Dei viser at det har vore ein unik og spesiell situasjon her, eit tydeleg maktsenter i eldre bronsealder. Den største røysa har vi nemnt alt. Den nest største er 30 m i diameter og ligg her rett i mot på andre sida av Pollen. Dei nærmaste røysene av same storleik finn vi nord i Ulvesundet ved Måløy medan vi må like til Stord i sør før å finne tilsvarande.

 

Arkeolog Berit Gjerland heldt tale ved opninga av kulturminneløypa ved Søre røysa i Sletten i Botnane. Foto: Arne Kleiva

Kvifor eit maktsenter i Botnane? – vil du gjerne spørje.

Maktgrunnlaget låg i landskapet her. Ei heldig plassering i si tid.

Det var ei bygd med gardar rundt Pollen, her kunne det bu ein del folk samla på eit relativt konsentrert og avgrensa areal. Her var lune stader til kornåkrar. Kyr, sauer og geiter hadde rikeleg med beite i liene, i dalane innanfor og oppe på fjella. Det var varmt og tørt klima på denne tida, og dyra kunne gå ute året rundt. Slik slapp bøndene å sanke vinterfôr. I sjøen var det mat å få tak i heile året.

Så her kunne det brødfødast bra med folk slik at det var folk tilgjengeleg for det som truleg var det viktigaste grunnlaget for makta her;

Innkrevjing av passeringsavgifter.

Innkrevjinga skjedde, gjerne med våpen i hand, av høvdingen og krigarfølgjet hans.

Leia gjekk forbi – då som i dag. Sjøen var hovudferdsleåra, og all ferdsla og trafikken fôr forbi her. Det var rike bronsealderssamfunn nord i Trøndelag og på Sunnmørsøyane, i Sogn og sør i Sunnhordland, Karmøy og Jæren. Det var slektskap og alliansar mellom dei framtredande slektene over vide avstandar, og i sommarhalvåret var det kontakt mellom dei. Alle måtte dei fare forbi her.

Folk rodde i lange, smekre kanoar, båtar og roskip. Segl kom i bruk først 2500 år seinare. Her vi er, var leia open – det var ingen holmar og øyar å gøyme seg bak for dei som fôr leia. Passeringsavgifter kunne også bety garanti for dei reisande for ei sikker og trygg reise innanfor eit vidare område. At dei skulle sleppe å bli overraska av små røvarbandar som plutseleg kunne dukke opp.

System med passeringsavgifter er det også indikasjonar på andre stader, t.d. på Karmøy. Her sat det ei mektig slekt som kontrollerte ferdsla gjennom Karmsundet.

Det er mykje som kan seiast om dei interessante og spennande samfunna i eldre bronsealder. Vi får innblikk i religiøse førestillingar, t.d. gjennom helleristningar. Gravrøysene si plassering har også samanheng med religion. Røysene var ikkje berre maktdemonstrasjonar.

Mange gravrøyser i denne tida er vende mot leia, også mot sjøen og særleg det opne havet. Det ser vi vi tydeleg her og sørover til Villevika. Kan hende hadde folk førestillingar om det hinsidige – på andre sida av havet. Strandsona var i tillegg  spesiell – her møttest dei tre verdene; den overjordiske/himmelen, den jordiske og den underjordiske/undersjøiske. Kompliserte førestillingar om tilværet og tida etterpå har ikkje vi i dag einerett på.

Den tette kopling til strandsona ser vi særleg tydeleg i den heilt særeigne rada med gravrøyser som vi finn litt lenger sør, frå Storevika og sørover til  og med Årebrot og Nærøyane. Her ligg det over 30 gravrøyser som perler på ei snor i strandsona.  Dei er frå bronsealderen og etterfølgjande jarnalderen. Her har den førhistoriske leia alltid gått – slik ho også gjer i dag med vår tids langt meir solide og kraftige skip.

Dette og langt meir kan vi fundere på når vi stille vandrar kring desse minna frå ei lenge svunnen tid.