Bygdehelg 23.-25.juli!

I sommar vil grendalaget prøve noko nytt. Vi har i mange år hatt ein eigen sommarbasar i juli månad, midt i fellesferien.For å få inn pengar til drifta av dei to grendahusa våre, i Botnane og på Årebrot.  I år vil vi ha fleire arrangement gjennom ei helg, og så avslutte med den tradisjonelle basaren på søndagen.
 
Det vert helga 23.-25.juli! På fredagskvelden er det ide om å invitere til ei samkome om eit tema som er aktuelt i bygdene våre, på laurdag kan det vere aktuelt med fiskekonkuranse i Nøre vatnet eller eit anna vatn, fellesturar på ein av dei merka stiane og felles grilling ein stad om kvelden. Det er også aktuelt med omvising i Diktarstien og ved ein eller fleire av gravrøysene. Og så vurderer vi å opne utstillinga av kunsten til  Aase Botnmark denne helga.
.
Vi vil selje lodd til basaren gjennom heile helga og avslutte med mat, loddsal og trekning på søndag ettermiddag.
 
Vi treng folk til å ta på seg ulike oppgåver og vere ansvarlege for arrangementa! Vi ber om dei som er interesserte melder fra. Så ser vi om det er mogleg å få til alt dette. Vi treng folk til å ta på seg å ha fiskekonkuransen, fellesturen og grillinga. Og til basaren treng vi ein eigen komite med ansvar for loddsal, mat og gevinstar.

Kva med eit par fellesturar i dei merka turstiane i bygdehelga? Her frå Storhornet i Botnae.

Bygdehelga vil bli avslutta med den tradisjonelle sommarbasaren med mat, loddsal og trekning.

Det er aktuelt å opne utstillinga av kunsten til Aase Botnmark som no er plassert i grendahuset i Botnane.