,

Kjem fortida i vegen for notida?

Frå fjellknausen der gravrøysa Stokkevarden ligg ser ein rett ned på fylkesvegen og kaiområdet til steinbrotet i Seljestokken.  Foto: Magni Øvrebotten

– Fortida har ein tendens til å legge seg i vegen for notida, seier Fridtjov Urdal, som vaks opp med ein svært historieinteressert far i Uradalen på Årebrot. Det var ikkje gravrøyser på deira eigedom, men dei fann stadig spor etter fortida når dei pløgde. Og funna tok dei med til Historisk museum i Bergen. I Seljestokken er det heile ti gravrøyser, men der var dei knapt omsnakka. I Botnane føler folk at vernestyresmaktene er meir opptekne av dei som ligg i gravrøysene enn dei som leve no.

Fortidsminne som gravrøysene vart freda i 1905, i den fyrste lova det norske Stortinget vedtok. Dei skulle vere tilgjengelege for ålmenta og er ein del av den felles kulturarven vår. Allmennkunnskapen om dei er ikkje gamal. Lover og regelverk har kome til etter kvart, men er lite kjende. I skulen lærde vi om pyramidane i Egypt, men ikkje om gravrøysene i vår eiga bygd.  – Det er vanskeleg å vere stolt av eller glad i det du ikkje veit om, seier Fridtjov Urdal.

Det er heller ikkje så enkelt å ha ei freda gravrøys nær tunet. Det set begrensingar på kva du kan gjere og utfordrar sjølvråderetten. – Haldninga var at det som er funne på vår grunn, eller rak i land i vår fjære, det er vårt, seier Fridtjov Urdal.

– Seinare kjem den store skrekken, at nokon skal kome og grave og vi må betale. Men denne frykta for å måtte betale er av nyare dato. Vi har fagfolk for at dei skal passe på faget sitt, til dømes fortidsminna. Det er jobben deira og det skal vi ha respekt for. Men nokon av dei gjev ikkje slakk og kjem såleis i vegen for seg sjølv, meiner Fridtjov Urdal.

Aldri omsnakka

På strekninga Botnane-Årebrot er det registrert vel 40 gravrøyser, men det er nytt for dei fleste. Ti av dei ligg i  Seljestokken. – Pappa var ikkje oppteken av slikt. Eg trur knapt han fortalde oss om Stokkevarden, og heller ikkje om røysa på Djupevikneset. At det er heile ti gravrøyser her på garden var aldri omsnakka. Eg lurer rett og slett på om han visste det. Eller om problemet var at han ikkje fanst interessert? undrar Torleif Seljestokken

Dottera Nina Seljestokken hugsar at det kom folk langvegs frå for å sjå på røysene då ho var  lita. – Eg var heilt sjokkert, eg ante ikkje at det var noko spesielt med dei. Men eg hugsar at vi fekk beskjed om å ikkje ta stein frå dei. Gravrøysene skulle ligge i fred. Ho kan ikkje minnast at dei 30 gravrøysene frå Storevika til Årebrot vart brukt i undervisinga i skulen.

Gravrøysene var ikkje noko problem då Norvald Seljestokken byrja bygge opp båtverkstaden på 1950-talet. Men då det i 2005 var planar om steinbrot i Seljestokken måtte det heilt til topps i departementet, for Riksantikvaren ville ikkje ha steinbrot i dette gravrøyslandskapet. Lokalt var det underskriftsliste om at «Vi kan ikkje bu i eit museum» og argumenta om bygdeutvikling og busetting vart avgjerande for steinbrotet.

Ingrid Seljestokken har slektsrøter på Årebrot, men kjende knapt til gravrøysene før ho og Torleif var nygifte sist på 1970-talet og det kom folk frå Universitet i Bergen for å sjå på gravrøysene. Ho har vore lærar både på Årebrot og i Florø, men det er lite fokus på lokal historie i skulen, seier ho. Ingrid synst det er fasinerande å tenkje på at det har budd folk i Seljestokken så lenge.

– Ja, og det er same grunnen til at vi er her som at gravrøysene ligg her. Det er nærheita til sjøen. Dei som reiser forbi her legg merke til båtverkstaden, og dei møtest på kaiene rundt om. Og spør kvar har du fått tak i den båten? Når svaret er Seljestokken så veit dei kvar det er. Eg lurer på korleis båtane såg ut i bronse- og jernalderen, då gravrøysene vart bygde? spør Torleif Seljestokken.

Utsikt til Storrøysa frå stoveglaset. Foto: Grete Thorsen Nøttingnes.

Å bu i eit forhistorisk rom

Grete Thorsen og Sigfred Nøttingnes ser beint ned på Storrøysa i Sørbotten frå stoveglaset i Kvia. Ho kjem frå Østfold og er vel van med gravhaugar. Men der er dei dekte med jord, så ho skjønte ikkje at dei store røysene i Botnane var gravhaugar. – Ikkje før eg ein dag sa at eg var så imponert over kor folk i Botnane hadde rydda stein og lagt i så svære haugar. Då fekk eg beskjed om at dette var gravrøyser, ler ho.

Sigfred leika på Storrøysa som liten gut. Ho låg nær gardstuna og han minnest at dei flytta på steinar i von om å finne eitkvart. Men fann dei noko var det helst rusk og rask som var stukke vekk under steinane i nyare tid.

– Ser du røysa er du i eit forhistorisk rom og det gjer det vanskeleg om du ynskjer å gjere noko, til dømes bygge på huset. Heldigvis fekk vi gjennom at det som ligg ovanfor vegen er unnateke det rommet, elles er det vanskeleg å gjere noko som helst her i Botnane. Bruka ligg nær sjøen og ovanfor er det definert som rasfarleg, sjølv der vi ikkje alltid skjønar kvar rasa skal kome frå, seier Sigfred Nøttingnes.

Bygging 30 meter frå sjøen (definert strandsone i Bremanger kommune), rasfare og fire store gravrøyser, gjer det vanskeleg å få løyve til å bygge nytt og gjere endringar på det som er bygt i Botnane, meiner Nøttingnes.

Positivt engasjement er det beste vernet

Rune Nordbotten har nett hatt arkeologiske undersøkingar på garden sin fordi han ynskjer å legge høgspentlina i bakken. Han oppfattar det slik at eigendelen på mellom 25. og 30.000 kr, som han må betale, kjem seg av desse undersøkingane. Han har klaga og vore i kontakt med arkeolog Berit Gjerland, i Vestland fylkeskommune, som seier at ho ikkje har vore borti eit liknande tilfelle før.

Historisk sett meiner Rune Nordbotten at gravrøysene i Botnane ikkje har vore noko problem for dei som bur her. Dei har lege der og folk har styra med sitt. Det er dei seinare åra det har vorte meir merksemd kring dei.

– Eg meiner dei som steller med kulturminne har forsømt seg når dei ikkje har delt meir av kunnskapen om røysene med lokalbefolkinga. Det har gjort at dei fleste av oss har hatt eit ubevisst forhold til røysene og det er det farlegaste forholdet vi kan ha. Om dei hadde fortalt kva vi skulle leite etter i jorda hadde det kanskje vore funne og teke vare på meir? Til dømes kva skal vi sjå etter i jorda for å finne tuftene etter garden(ane) i bronsealderen? Elles meiner eg at staten bør betale utgifter vi får på grunn av gravrøysene. Det skaper fort problem slik det er i dag, seier Rune Nordbotten.

Modell av «Frøysjøkatedralen», teikna av arkitekt Stein Halvorsen. Foto: Arkitekt Stein Halvorsen AS.

Nordbotten har ivra for å få opp eit eige visingshus der ein kan syne historia om røysene og bygda. Arkitekt Stein Halvorsen AS (som mellom anna har teikna Sametingsbygningen) har teikna «Frøysjøkatedralen» til føremålet. Huset er godkjent i kommunedelplanen i Bremanger, men det er ikkje finansiert eller søkt om byggeløyve. Kulturavdelinga hadde motsegn, men fekk ikkje medhald.

– Om vi kan skape eit positivt engasjement kring gravrøysene er det det beste vernet dei kan ha, meiner Rune Nordbotten. Han meiner også at funn frå førhistorisk tid, som blir levert til museet i Bergen, må bli lånt ut. – Det er når folk får sjå gjenstandane at dei blir stolte og interesserte, og då trur eg at mange fleire ville ha augene med seg og levere inn funn, seier Nordbotten.

Utegangarkyr beitar fredeleg ved Søre røysa. Foto: Magni Øvrebotten

Hadde vore molo for lenge sidan

Audun Sande er nærmaste nabo til den største gravrøysa på vestlandskysten, Søre røysa, i Sletten. Både han og generasjonane før han har levd godt med det naboskapet. No har han gjeve grunn til å sette opp hovudskiltet om gravrøysene og lage parkeringsplass mellom Søre røysa og garden hans.

– Vi vart lærde opp til at gravrøysene var freda og skulle ligge i fred. Vi leika på dei, men fekk beskjed om aldri å ta vekk stein frå røysene. Lokalbefolkninga har i generasjonar hatt respekt for gravrøysene og hadde vi ikkje hatt det hadde dei vore tekne til molo for lenge sidan. Då hadde her ikkje vore mykje å sette opp skilt om i dag, seier Audun Sande.

Han hugsar at det var folk frå Bergen og grov i røysene då han var gutunge, men det var alltid så hemmeleg kva dei dreiv på med og lokalt fekk vi aldri høyre om dei fann noko. Det var som om det ikkje vedkom dei som budde i bygda.

– For 25 år sidan hadde vi planar om å bygge to hytter inn i bakken nær Søre røysa, tilpassa landskapet. Då tilbydde eg også plass til parkering og skilt om røysene, men det var blankt avslag, fortel Sande. I nyare tid har son hans bygt seg nytt hus i gardstunet utan problem.

Audun Sande understrekar at han er for å ta vare på gravrøysene, men han er uroleg for framtida.  – Eg er redd for at gravrøysene skal bli brukt mot oss når vi vil ha noko gjort. Eg hugsar enno godt at Berit Gjerland på eit møte her sa at etter hennar syn skulle ein ikkje sette opp noko nytt der ein såg i gravrøyser. I røynda betyr det heile bygda, bortsett frå i Øvrebotten. Då er dei som ligg i røysene viktigare enn vi som leve i dag, meiner Audun Sande.

– Kva med den arva frykta her i bygda for å finne noko og måtte betale?

– Ja, den sit djupt i oss. Eg høyrer at det vert sagt at vi slepp om det ikkje er snakk om næringsverksemd, men vi ser stadig at folk må betale. Sist no tilfellet med kraftlinja i bakken hjå Rune. Om vi fekk det svart på kvitt at vi slapp betale om vi fann noko, ja, då trur eg det ville blitt snakka meir om både kva som er funne og blir funne, seier Audun Sande.

Van med at kraftlinjeselskapet betalar

Arkeolog og seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, Berit Gjerland, seier at kulturavdelinga alltid har oppfatta det slik at i dei sakene der det må gjerast arkeologiske undersøkingar, så tek kraftlinjeselskapet seg av det og legg ikkje kostnadane vidare på tiltakshavar eller den som ynskjer arbeidet utført. Etter at Gjerland vart kjend med at Rune Nordbotten måtte betale har ho undersøkt   med kraftselskapet Linja AS om kulturavdelinga si oppfatning er rett.

– Det viser det seg at det nødvendigvis ikkje er tilfelle. Selskapet tek betalt for oppdrag kunden har teke initiativ til, sokalla «kundeinitierte oppdrag», og NVE har sett reglar for dette. Linja AS forklarar at i dei tilfella der kunden ynskjer ombygging eller flytting av kraftlinjer, så skal kunden betale alle kostnader. I Botnane er det snakk om omlegging frå luftspenn til jordkabel, etter ynskje frå Nordbotten og då må han betale. Ved oversending av saker til kulturavdelinga, er det sjeldan opplyst om oppdragsgjevar, seier Gjerland.

Ho seier vidare at når det gjeld betaling for arkeologisk arbeid så blir det kravd ved offentlege og større private tiltak, sjå også lov om kulturminne §§ 9 og 10. Ved det som heiter «mindre private tiltak» dekkar det offentlege kostnadane, og slike tiltak kan vere privat hus, hytte, grøfter, landbruksveg og anna. Rundskriv T-2/07, også det er å finne på nettet, forklarar dette nærare. – Generelt sett, dersom det er tilfelle der ein meiner at utgiftene er urimeleg tyngande, så seier den same lova at er det høve til å søke staten om å få dei dekka, seier seniorrådgjevar Berit Gjerland i Vestland fylkeskommune.

Intervju Magni Øvrebotten 28.05.2021. Siste avsnittet vart oppdatert med nye opplysingar frå Gjerland 21.06.21.