Familien Uren ber inn til haustfest

 

– Motivasjonen min for å be inn til haustfest er å bli meir kjend med folk og kanskje få fleire med på å dyrke grønsaker. Hjorten åt opp dei fyrste graskara eg sådde, så eg får neppe fram nye tidsnok til å delta i konkurransen om det største graskaret dyrka på strekninga Årebrot-Myklebustkrysset, seier Siren Uren. Ho trur ho må kjøpe graskar for å lage graskarsuppe til haustfesten.

– Men du må ikkje framstille meg som nokon ekspert i grønsakdyrking. Eg har vore god på poteter, men er helst for nybyrjar å rekne med grønsaker. I år har dei sådd seg sjølve, og så lenge eg ikkje har gjerda inn åkeren er det hjorten som har mest glede av grønsakene.

– Har det meldt seg nokon graskardyrkarar?

– Ja, det har meldt seg eit par stykke så langt og eg håpar det kan bli fleire. Men folk må sjølvsagt kome sjølv om dei ikkje dyrkar graskar. Det er mest ein gimmik for å få fokus på dyrking av grønsaker. Vi prøvde oss på å arrangere haustfest i fjor også, men då avlyste vi på grunn av lita påmelding, seier Siren Uren, som håpar på betre oppslutning i år. Ho har med seg dottera Sofie og barnebarnet Oliva på tiltaket. Dei bur i Bergen. Haustfesten skal vere på Årebrot grendahus, laurdag 19. oktober, kl. 16.00.

Fristen for å melde seg på, med og utan graskar, er no laurdag 12. oktober. Påmelding til Siren Uren sin mobil 482 14 990, eller e-post:urensiren@gmail.com