25 år sidan fyrste hjortefesten
Det er hjortejegarane som står for pynting, mat og serving til hjortefesten i Botnane, og det er framleis ein mannsdominert flokk, sjølv om det har kome med fleire damer på jaktlaga. I år var det hjortegryte til hovudrett og is med bjørnebær til dessert. Forretten stod den yngre garde med jegarar for; ertepuré, grava ytrefilet av hjort, rømme rørt saman med tyttebær og flatbrød.
Fyrste hjortefesten vart arrangert i 1996, men avlysinga pga corona i fjor gjorde at det ikkje var 25-årsjubileum i år. Tradisjonen med bilete frå jakta i dei ulike jaktvalda var med. Mest futt var det i videoen studentar frå Verdsgymnaset (UWC) i Flekke hadde laga etter å ha vore på opplæring i hjortejakt med Vetle Aase Øvrebotten tidlegare i haust.
Han er også styremedlem i Botnane og Årebrot grendalag og fekk denne kvelden gleda av på ynskje to nye innbyggarar velkomne til Botnane. Det er mor og dotter Hannele Turunen og Heidi Yttrehus, som tok over garden dei har kjøpt i Sørbotten 1. november.
Tekst og foto: Magni Øvrebotten
Rune Nordbotten leia festen. Her med tre av dei som var med og stelte til fest; Otto Ullevålseter, Torbjørn Øvrebotten og Sigfred Nøttingnes.
Dei yngre hjortejegarane stod for den fargerike og velsmakande forretten.
Vetle Aase Øvrebotten høyrer til den neste generasjonen med hjortejegarar i Botnane. Her er han klar til framsyning av bilete og video frå hjortejakta 2021.
Vetle Aase Øvrebotten representerte styret for grendalaget då han overrekte ein blomsteroppsats til dei nytilflytte i Botnane, Heidi Yttrehus og Hannele Turunen.





