– Tante Agnes ofra alt for oss

For Randi er det både gode og dårlege minne som dukkar opp når ho er attende i Botnane, men ho tykkjer det er kjekt at sonen Øyvind er interessert i bakgrunnen hennar.
Randi Grutle var attende i Botnane to gonger denne sommaren, saman med sonen Øyvind. Ho er 79 år og har budd på Bømlo sidan ho gifta seg i 1972. Randi Hamrebø vaks opp på den minste jordflekken i Botnane, Neset i Sørbotten. Når eg spør kva dei levde av er svaret kontant: – To kyr, nokre sauer, fisk og at tante Agnes arbeidde støtt.
Siste søndagen i august blir eg med Randi og Øyvind Grutle på gravstaden, dei skal plante på familiegravene. Randi går målbevisst til Agnes Sørbotten si grav. Ei svigerinne held gravene velstelte, men det betyr mykje for Randi å plante noko der sjølv når ho ein hende gong er i Botnane.
– Tante Agnes ofra alt for oss, seier Randi og fortel om morsystera Agnes Sørbotten, som forlet kjærast og arbeid i Bergen for å stelle for far sin, Hans på Neset, då han vart gamal. Han døydde i 1933 og i februar 1934 omkom son hans, Harald Sørbotten, i drukningsulukka ved Opnarhella, der tre menneske frå Botnane drukna. Planen hadde vore at Harald skulle overta Neset.

Det har ikkje lukkast å finne eit bilete av Agnes åleine, men her står ho heilt til høgre på bilete. Det er frå 1923 og er henta frå Bygdebok for Bremanger, band 2. Frå venstre står Hans Sørbotten (far til Hilda og Agnes), Margit Andreassen, deretter syskena Jetmund, Hilda, Harald og Agnes Sørbotten. Framme Kasper Larsen og Harriet Mundal.
Same året gifta foreldra til Randi, Hilda Sørbotten og Peder Hamrebø, seg i Korskyrkja i Bergen. Dei skulle etter planen overta eit bruk i Barlinbotn (Eikefjord), der Peder kom frå. Men no vart det dei som tok over garden i Botnane. Dei bygde nytt hus, som stod ferdig i 1939 og gamlehuset vart bygt om til fjøs. Hilda og Peder fekk fire born; Harald (1935), Helga (1937), Trygve (1940) og Randi (1942).
– Det at Harald drukna skipla mykje. Agnes reiste ikkje attende til Bergen etter at bestefar og onkel Harald døydde, fordi mor mi var så helselaus. Mor fekk tuberkulose på 1920-talet og var svakhelsa resten av livet. Eg skjønar ikkje korleis vi skulle klart oss utan Agnes, seier Randi. Ho legg ikkje skjul på at det var ein tøff barndom med ei svakhelsa mor, ein vanskeleg far og lite å leve av. Mora døydde av kreft i 1955 og faren reiste etter kvart frå dei.

Syskenflokken Hamrebø med kvar sin katt på fanget. Frå venstre Helga, Trygve, Randi og Harald. Randi er no den einaste attlevande. Foto privat.
– Agnes hadde ei fantastisk evne til å gjere sitt beste. Ho var som ei mor for oss. Det er forferdeleg å tenkje på lagnaden hennar. Ho budde i huset med oss heile tida, men gjekk for lut og kaldt vatn. Likevel stod ho på for oss og gav seg ikkje. Ho arbeidde støtt.
I dei vanskelege åra etter at mora døydde og faren reiste frå dei fekk dei støtte og økonomisk hjelp frå morbroren Øyvind i Ålesund. – Trygve, yngste bror min, bidrog med både mat og inntekt frå fiske, og syster mi, Helga, hadde skulevasken i Botnane, og delte av inntekta si. Slik fekk vi det til å gå i hop, fortel Randi.
Ho tenkjer med glede på at tanta Agnes (f. 1890) fekk eit god alderdom på sjukeheimen i Kalvåg dei siste åtte åra ho levde. – Eg reiste frå Botnane i 1964. Både Helga og eg var opptekne av at Agnes måtte få plass på sjukeheimen før vi reiste ut i verda for godt. På Kalvåg hadde vi slekt og vi arbeidde der begge nokre år, og fekk tid saman med Agnes. Men ho døydde diverre før bryllaupet mitt i 1972, seier Randi og det kjennest framleis sårt at Agnes ikkje fekk oppleve det.
- Bli kva du vil, men ikkje sjukepleiar
Mora Hilda vart aktiv i Den indre Sjømannsmisjon då ho arbeidde på Fiskarheimen på Kalvåg, før ho gifte seg. I Botnane hadde ho kvinneforeining og den sokalla Hilda-basaren til inntekt for Sjømannsmisjonen. Ho var mykje inn og ut av sjukehus dei siste åra ho levde, både på Haukeland og i Florø. Den siste gongen ho reiste til sjukehuset tok Randi farvel før ho gjekk på skulen. «Det blir tungt når du fer, mamma», sa Randi. Mora svarde at ho var sikker på at Randi kom til å klare seg godt. «Bli kva du vil, men ikkje sjukepleiar, var det siste rådet Randi fekk frå mor si. Men ho utdjupa ikkje kvifor ho sa det. Randi hugsar at ho gøymde seg oppe på loftet og gret då dei fekk beskjed om at mora var død. Ho hugsar mor si som ei ihuga misjonskvinne med eit lyst sinn. – Eg arva heldigvis humøret hennar og evna til å sjå lyst på livet. Eg var ei rabbagastjente og gutajente, som likte mannfolkarbeid ute betre enn kvinnfolkarbeid inne, fortel Randi.
Etter framhaldsskulen i Bremanger i 1957 arbeidde ho på garden Vollane på Kalvåg, der dei hadde slekt. Vidare gjekk ho på Solvang folkehøgskule i Førde, lånte pengar for å gå på Husmorskulen på Sjøholt og arbeidde på gardar, kafear og på Fiskarheimen i Bergen. Hausten 1968 søkte ho Bibelskulen i Stjørdal og kom inn. Etter Bibelskulen, gjekk ho på Husmorvikarskulen i Levanger. Der arbeidde ho ekstra på sjukeheimen på fritida. – Men eg kom til at eg ikkje ville bli husmorvikar, slik mange jenter vart i den tida. Det var ikkje noko for meg.
Randi kom over ei lysing der Sjømannsmisjonen søkte etter folk til sjømannskyrkjene i utlandet, og sende inn ein søknad. Ho fekk jobb i København og reiste dit i 1969. Det var der ho møtte Bjarne Grutle, som skulle bli mannen hennar. Bjarne Grutle reiste med båten Randesund på den sokalla Veritasruta Bergen – Trondheim – Gøteborg – København. Han var såleis godt kjend på kysten og hadde oppfatta at Randi var frå Botnane. Men han hadde gløymt å spørje henne kva ho heitte. Neste gong han kom på Sjømannskyrkja spurde han kvar Olaskjæret var? (Namnet på ei fyrlykt i Frøysjøen utanfor Botnane).
– Eg melde meg, ler Randi. – Eg hadde jo alltid sagt at eg skulle finne meg ein sjømann.

Bjarne og Randi med den eldste sonen Øyvind. Foto: Privat
Dei gifte seg i 1972 og flytta til garden Grutle, på Bømlo, og fekk fire born: Øyvind (1973), Bente (1974), Runar (1975) og Signe Lise (1980). – Det var travle år, med tre born tett i tett og gardsdrift. Heldigvis likte eg gardsarbeid godt og når ungane vaks til vart dei flinke til å hjelpe til, både på garden og med fiske. Til liks med oss foreldra, elska dei sjøen. Vi har mange gode minne som familie, seier Randi.

Familiebilete av storfamilien på 1970-talet på Grutle. Frå venstre Bjarne med Bente på fanget, bestemor Nilsine Berta med Runar. I midten sit Øyvind, deretter bestefar Lars Kornelius og Randi. Yngstejenta Signe Lise var ikkje fødd. Foto: Privat
Borna har vore til god støtte og hjelp heile vegen, noko ho sette særleg pris på då Bjarne vart sjuk. Det var han i 17 år før han døydde i 2000, berre 60 år gamal. – Sjølv om han var mykje sjuk og døydde altfor tidleg fekk vi mange fine stunder og turar saman, til dømes med Hurtigruta til Nordkapp, bilturar til Botnane og på besøk til slekta i Florø. Dette sette både ungane og mannen min pris på.

Randi og Øyvind framfor huset på Neset. Han tykkjer det er kjekt å kome attende til Botnane som vaksen. Frå barndommen hugsar han at onkelen Trygve henta dei med tresnekka si i Florø, og at det som regel blest kald nordavind nordover til Botnane.
Mange lagnadar
Når ho ser attende på livet sitt er det tydeleg at dei tre åra ved Sjømannskyrkja i København var spesielle og lærerike år, med mange opplevingar og store kontrastar i arbeidet. Kvar jul vart dei tilsette inviterte til Den Norske Ambassaden og ho ba onkelen Øyvind om å få låne pengar for å kjøpe seg ei klokke. Det var ikkje sjølvsagt å ha i den tida, men sopass til «statussymbol» tykte Randi at ho trong på armen når ho skulle på ambassaden. Onkelen ville ikkje ha att pengane då ho var klar til å betale dei attende.
– Det var mange krigsseglarar som besøkte Sjømannkyrkja. Mange tunge lagnadar, dårlege nerver og rusproblem. Nokon makta ikkje å reise heim, andre reiste heim og fann ut at kona hadde funne seg ein annan. Det var mange utfordrande situasjonar også for oss som arbeidde der, men det var fyrst og fremst gjevande og kjekt arbeid, seier Randi Grutle.
– Korleis er det no å kome attende til Botnane?
– Det er med blanda kjensler, det dukkar opp både gode og dårlege minne. Men eg tykkjer det er veldig kjekt at Øyvind er interessert i slektsrøtene sine og tek seg tid til å fare hit med meg. Eg er glad i å fortelje, sjølv om minna sit lenger inne no enn før. Men dei dukkar opp etter kvart. Og så har eg innsett at bømling vert eg aldri, eg er og blir sunnfjording.
Foto og intervju: Magni Øvrebotten 28.08.2021.
