,

Merknader til Kommunedelplan for trafikktrygging, Bremanger kommune

 

60 km-sone, busskur og gatelys i Myrane/Sørbotten er viktige punkt i merknadene grendalaget har sendt til framlegget til trafikktryggingsplan i Bremanger kommune.

 

18.10.21

Til Bremanger kommune

 Botnane og Årebrot grendalag vil med dette kome med nokre merknader til framlegget til plan. Som leiar i laget skriv eg merknadene med grunnlag i dei synspunkt grendalaget tidlegare har gjeve uttrykk for og punkt vi har på arbeidsplanen som årsmøte i laget har vedtke. Det gjeld 60 km-sone gjennom Botnane, gatelys i Sørbotten og generell utbetring og opprusting av fylkesvegen.

Vi tykkjer det er eit godt framlegg med gode strategiar for trafikktryggingsarbeidet i kommunen – og at alle viktige område er med. Vidare ser vi at kommunen er avhengig av samarbeidspartnarar for å gjennomføre alle dei viktige tiltaka. Ikkje minst er det eit spørsmål om økonomi både for kommunen og fylkeskommunen. Når det gjeld spørsmålet om redusert fartsgrense er det også spørsmål om haldningar og regelverk. Grendalaget har ved fleire høve teke opp spørsmålet om redusert fartsgrense gjennom Botnane med Statens vegvesen/fylkeskommunen, men fått avslag. Trass i støtte frå både kommunen og politiet. Her er det viktig at kommunen står på for å få dette til. Det er eit tiltak som kostar lite – og som etter folk i Botnane si meining burde vere sjølvsagt. Ein skal ikkje køyre gjennom Botnane med høgare fart enn i 60 km. Eit par stader bør fartsgrensa vere 30 km.

Vi støttar difor innspel nr. 61 og 62, om 60 km-sone gjennom bygda. Vi støttar også at det vert sett opp gatelys fleire stader. Grendalaget har teke opp spørsmålet om gatelys ved nokre høve, særleg i Sørbotten der det er eit klart ynskje om det. Laget har det på arbeidsplanen å arbeide for gatelys i Sørbotten – og laget vil engasjere seg for å få dette gjort med mellom anna å få inn eksterne midlar. Men det er viktig å få avklara ansvaret for kven som skal gjere dette, kommunen eller fylkeskommunen.

Eit anna tiltak det har kome innspel på, er busskur i Myrane (Sørbotten). Dette tykkjer vi heilt klart at må kome, og det må verte prioritert i tiltaksplanen. Her er det også viktig så snart som mogleg å avklare ansvarsforholda.

Elles ser grendalaget på ei generell opprusting og utbetring  av fylkesveg 5711 (Frøysjøvegen), frå Myklebustkrysset til Villevika som eit viktig trafikktryggingstiltak. Det gjeld ikkje minst gjennom Botnane der vegen er smal, går tett inn på hus og har fleire uoversiktlege parti. I periodar går det mykje tungtransport som er utfordrande for alle, både gåande, syklande og anna biltrafikk. I tillegg til at vegbana ikkje er bygd for tungtrafikk.

Frøysjøvegen høver godt for sykkeltrafikk med lite stigning og mange flate strekningar. Men i fleire parti er det ein risikosport å sykle. På dei smalaste partia gjennom Botnane må du gå av sykkelen for at bilar skal passere.

Oppsummert har vi desse merknadene:

For å gjere vegen gjennom Botnne tryggare for alle trafikantar er desse tiltaka svært viktige og må verte prioriterte:

  1. 60 km- sone gjennom heile bygda. Og helst 30 km-sone eit par stader.
  2. Gatelys i Sørbotten.
  3. Busskur i Myrane (Sørbotten)
  4. Generell opprusting og utbetring av fylkesveg 5711 med å gjere den breiare og meir oversiktleg.

Med helsing

Botnane og Årebrot grendalag

Åsmund Berthelsen

asmund.berthelsen@icloud.com

93237073

Last ned pdf-fil av brevet her:

Merknader frå BÅG