
Både små og store med på årsmøte i grendalaget.
Årsmeldinga som vart godkjent på årsmøte viste at grendalaget hadde kring 20 ulike arrangement og aktivitetar gjennom heile 2025. Planane for 2026 viser at det vert lagt opp til noko liknande dette året. I tillegg til arrangement har det vore jobba med fleire viktige tiltak og saker. Rekneskapen som vart godkjent på årsmøte syner eit årsresultat på nesten 190.000 kr og grendalaget har bra med pengar på bok. Men vi har også planar om å bruke pengar både på arrangement og tiltak i 2026.
Laget er i gang med å planlegge ein liten parkeringsplass i Breivika slik at dei som vil gå stien opp til der radiostasjonen Roska låg har ein plass å setje bilane. På parkeringsplassen vert det informasjon om radiostasjonen og hendingane der under andre verdskrigen. Det same vil laget gjere i Botnane om hytta i Nøre Dalen der motstandsfolk gøymde seg i mot slutten av andre verdskrigen.
Grendalaget har alt vedteke å arrangere to konsertar. Silisium Vokal kjem til Botnane alt i april, medan Line Dybedal kjem til Årebrot i slutten av september. Det vert også lagt opp til konsert ved opninga av bygdehelga som skal vere 10.-12.juli.
På to av søndagskafeane har laget alt planlagt å ha innslag. I oktober står geologi og Ålfotmassivet på programmet med professor Atle Nesje som foredragshaldar. I november er det Magnus Helge Torvanger og Reidar Brandsberg, frå Flora Historielag som kjem. Torvanger skriv bok om «kystagentane Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen, medhjelparane og hjelparane deira», der også motstandsarbeidet Botnane-Årebrot vert omtalt.
På arbeidsplanen står også kurs i å filetere fisk og partere hjort.
Når det gjeld saker er det Frøysjøvegen som står øvst på lista. Der vil grendalaget arbeide for å få utbetre det faste dekket på strekningen som står att, frå Sagebø til Botnane. Laget vil særleg ta opp og få utbetra den svært uoversiktlege svingen på Myklebust og få opp autovern inst i Vindspollen. På nytt vil grendalaget ta opp å få fastsett fartsgrensa til 60 km i timen gjennom Botnane og nokre strekningar sørover til Villevika. Villevik kai vil grendalaget endre til Årebrot kai og få opp skilt i Myklebustkrysset som viser til kaia. Til slutt i arbeidsplanen er det med eit punkt om at laget vil arbeide for å få endra soneinndelinga til Skyss slik at Botnane og Årebrot kjem i same prissona!
Åsmund Berthelsen (leiar i styret i grendalaget)
Her er dokument på saker som vart godkjent på årsmøte.
Resultatrapport 2025 BÅG Balanse 2025 BÅG
Reglar for utleige i grendahusa
Vedtekne endringar i vedtektene











