Arkeologen Per Fett (1909-1996) brukte feltarbeidet og sommarferiane sine til å registrere historia om busettinga av Vestlandet, frå Sunnmøre til Sunnhordland. Han var på Årebrot i 1956 og i Botnane i 1957, og det er på grunnlag av arbeidet hans gravrøysene no vert skilta.

– Mor var sommarenke, han reiste i slutten av mai og kom att i midten av august. Far elska dette arbeidet, det var som eit kall for han. Når han fekk drive med denne lidenskapen sin kjende han knapt trong for ferie, trur eldste sonen, Egil Fett.

Foreldra hans, Eva og Per Fett, var begge arkeologar og vart kjende i studietida i Bergen. Egil hugsar at han og mora var med Per Fett til Flemsøy på Sunnmøre ein av dei fyrste somrane faren dreiv med dette registreringsarbeidet. Egil var fødd i 1937 og trur han var omlag fem år den gongen. Det var i alle høve medan han var einebarn. Store delar av krigen budde mora og borna på Austlandet, hjå mormora hans, som hadde lettare tilgang på mat enn det dei hadde i Bergen. Men Per Fett reiste og registrerte merke etter fortida, det var ein del av jobben hans ved Historisk museum i Bergen.

Gjekk frå gard til gard

– Den gongen var arkeologien meir tilfeldig enn no og særleg oppteken av å gjere store funn, som t.d. Osebergskipet (1904). Far var ikkje spesielt ute etter flotte og store funn. Han var ein systematikar og ville forske på busettingshistoria for alle lag av folket, og han gjekk grundig til verks. Han tok utgangspunkt i prestegjelda og gjekk frå gard til gard og snakka med folk. Kva visste dei? Kva fanst av merke etter folk og busetting, gravrøysar og andre fortidsminne?

Per Fett reiste rundt i ei folkevogn som fungerte som kontor. Han hadde med seg ei skrivemaskin som han skreiv registreringane på. Det var nøyaktige opplysingar om tidlegare busetting og funn etter folk. Nøyaktige mål på kor store gravrøysene var, og han sjekka tidlegare opplysingar som fanst i museumsarkivet. Historisk museum i Bergen gav ut det han skreiv i 80 små hefte om Førhistoriske minne, eitt for kvar prestegjeld i Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Fett ville helst ikkje grave fram fortidsminna, det ville han overlate til framtida, minnest sonen Egil.

Viktig arbeidet for ettertida

Kva støtte hadde han når samtida var mest oppteken av store og prestisjetunge funn?

I starten var det kanskje ikkje sett på som så viktig, for det var ikkje glamorøst det han dreiv på med. Men etter kvart som dei systematiske registreringane hans kom til nytte når det skulle byggast vegar, bustadfelt og industriområde vart arbeidet hans meir verdsett. Det vart ein viktig del av plan- og lovverket. Når til dømes vegvesenet skal bygge ein ny veg har dei ein katalog over fortidsminne i far sitt arbeid nettopp der vegen skal gå.

Kva sa han sjølv om arbeidet sitt?

– Han var klar over kva jobb han hadde gjort, men han var ikkje oppteken av å vere stor og berømt. Det var framsynt arbeid og eg trur han kjende på eit ansvar for å formidle kunnskap om fortidsminna. Det gledde han sjølvsagt at registreringane hans, frå Sunnmøre til Sunnhordland, kom meir til nytte i den vidare samfunnsutviklinga.

– Korleis hugsar du far din?

– Han var ein roleg og sindig kar, og støttande av natur. Han kom lett i kontakt med folk og fekk dei i tale, og var av den sorten som snakka med alle. Eg hugsar han som ein god forteljar. Far var mykje brukt som meklar i personkonflikter og då han døydde vart det sagt i eit minneord at han døydde utan ein einaste fiende.

Avhengig av støtte frå kona

Per Fett vaks opp på Frogner i Oslo. Far hans, Harry Fett, var den fyrste riksantikvaren i Noreg. Men etter at Per Fett kom til Bergen var det berre brev til mor si han skreiv på bokmål. Elles brukte han nynorsk både privat og i jobben sin resten av livet, fortel sonen. Fett var veldig oppteken av språk og lærde seg også fleire framandspråk, til dømes gresk.

– Kva fortalde han heime om arbeidet sitt?

– Han fortalde lite heime om det han forska på, men dreiv ein god del med høgtlesing. Vi skulle lære oss språk, medrekna gamalnorsk, og han las høgt frå dei islandske ættesogene. Eg er oppkalla etter Egil Skallagrimsson, seier Egil Fett.

– Begge foreldra dine var arkeologar, men far din kunne ikkje ha gjort dette store arbeidet utan at mor di tok mykje av ansvaret heime?

­– Nei, eg trur det var ein fordel for både far og ekteskapet at mor også var arkeolog. Ho skjønte kva han dreiv på med og at det var viktig arbeid. Dei fekk barn både på 1930-, 40- og 50-talet og mor dreiv med skriftleg fagarbeid heime ved sidan av å vere husmor og mor. Seinare var ho også sensor i arkeologi og timelærar i religionshistorie på Religionshistorisk institutt. Men eg kan tenkje meg at vi ungane var ein hemsko for mor si faglege utfalding, sjølv om ho var veldig oppteken av å prioritere oss, seier Egil Fett.

Ekteparet Eva Nissen (1910-2003) og Per Fett (1909-1996) var båe arkeologar.

Eva Nissen Meyer (1910-2003) heitte mor hans før ho gifta seg med Per Fett. I 1933 var ho den fyrste kvinna her i landet som tok magistergrad, året før Per Fett. Det var ikkje mange arkeologstillingar å søkje på. Egil Fett minnest at faren på spøk sa at einaste måten han kunne «slå» mora på i konkurransen om jobbar var å gifte seg med henne. Underforstått så søkte ho ikkje same jobben som han ville ha.

– Far forsto nok at ho ville slått han. Begge hadde magistergrad i arkeologi, men ho hadde eitt år meir ansienitet. Ho studerte helleristingar og han nordisk arkeologi. Dei jobba saman på eit helleristingsfelt i Rogaland. Seinare arbeidde mor mest med religiøse uttrykk i førkristen tid, medan far saumfor Vestlandet etter førtidsminne. Men dei samarbeidde truleg meir fagleg enn eg veit om, seier Egil Fett.

Universitetet i Bergen hadde ansvaret frå Sunnmøre til og med Sunnhordland, og registreringane Per Fett gjorde på Årebrot i 1956 og Botnane i 1957 er grunnlaget for skilta om dei vel 40 gravrøysene her, som kjem opp våren 2021.

 

Intervju: Magni Øvrebotten 04.04.2021.