I motsetning til i fjor var vi særs heldige med veret til julemarknaden på Årebrot laurdag 25. oktober. Det gjorde at det kom fleire, men arrangørane lurer framleis på korleis og dei kan få til auka oppslutning om julemarknaden?
Fleire av utstillarane tykte det var godt at tidspunktet for denne julemarknaden var flytta frå november til oktober, då det er ei hektisk tid for dei som deltek på fleire julemarknadar. – Eg har julemarknaden på Årebrot høgt på prioriteringslista mi , sa ein av dei røynde utstillarane, som også skrytte av maten.
I år var det sju utstillarar med ulike arbeid til sals, eigna til julegåver og anna i ulike prisklassar. Med jamt god kvalitet. Dette var utstillarane i år:
Fridtjov Urdal, Årebrot/Vassenden, bilete i dataprint
Merete Langeland, Kalvåg, tova arbeid
Reidun Seljevoll, Eikefjord, støypte og måla betongfigurar
Åsmund Berthelsen, Naustdal/Botnane – arbeid i tægerbinding
Heidi M. Harris, Botnane, saueskinn
Anne-Karin Holm Årebrot, Årebrot, lefser
Britt Maret Sunde, Florø/Årebrot – strikk og lappeteknikk
Britt Maret Sunde er primus motor for julemessa på Årebrot i lag med Sypikene, det vil seie fleire flittige damer på strekninga Årebrot-Botnane som møtest for å sy, strikke, hekle, eller berre prate. Dei let om at dei har det svært kjekt i lag. Det er fjerde gongen dei skipar til julemesse på Årebrot. Dei vil tenkje på om det blir ein femte julemarknad, med kafe og mykje god heimelaga mat. Men kjenner vi dei rett er det gode voner om framhald, om vi berre får opp besøkstalet.
Under bilete frå julemarknaden 25. oktober og døme på det som var til sals.








