Med kvinnfolk på hjortejakt

Stykket «Med kvinnfolk på hjortejakt» vart skrive av Sigrid Øvrebotten for 55 år sidan. Ho skreiv i Bergens Tidende under dekknamnet «Småbrukarkona» og dette stykket stod på trykk der 25. november 1970. Det er ei sann historie om då ho og nabokona Oline vart kalla ut til å vere med mennene sine, Arne og Abraham Øvrebotten, på jakt.
BT-teiknaren Sverre Bø illustrerte stykka til «Småbrukarkona» Sigrid Øvrebotten. Dei vart samla i boka «Småbrukarkona fortel», på Vestlandsforlaget i 2010.
Siste veka av jakt-tida var alt halvgått. Dette såg ikkje bra ut. Berre nokre få dagar att og endå ikkje løyst skotet. Det gjekk på æra hans snart. Dei to jaktmennene våre her i inste grenda kom til å missa ansikta sine heilt. Lenger ute hadde dei fått dyr både på nord – og sørsida. Og her sat vi i den aller beste jaktmarka utan noko slag.
Men her ein dag ved middagstider kom an`nabo farande heim med tiend til oss kvinnfolka:
I dag skulle det bli hjort av, like visst som han heitte det han heitte! No skulle dei ha oss kjerringane til vaktarar ein stad innmed vatnet og skræma dyret om det skulle finna på å røma unna den vegen. Offeret hadde dei alt sett seg ut i kikkerten, mannen min sat att innved vatnet og skulle «gjæta» det til vi kom.
Klesvasken min var berre halvt på snorene, men no fekk vask vera vask. Etter å ha slukt i meg noko halvkokt middagsmat, stod eg klar til avgang i neste blunken. Nabokona hadde og gjort seg ferdig i ein fart, og innetter bakkane bar det med oss alle tre.
Vel opptil vatnet, kom hin jegeren vassande over elva. Han hadde tapt dyret av syne, fortalde han, men det var ikkje einstydande med at det ikkje var der enno. Truleg hadde det lagt seg ned, slik dyr plar ha seg ein «siesta» midt på dagen. Han nabo skulle sitja vakt her ved Demma, det strategiske punktet i generalplanen. Om alt klaffa ville dyret kome setjande utover for på berga seg over elva og ta seg til skogs den vegen.
Vi andre tre lista oss på «katteføter» innover stien langs vatnet. Akta deg at du ikkje trør på lause steinheller, han der oppe både såg og høyrde utruleg godt! Men beste teften hadde han i nasen, vindretninga var på vår side – utover.
Eg hadde fått vaktstaden min like oppunder Stølshamrane, nokre svarte, loddrette fjellveggar. Ein måtte snu nakken brått bakover om ein ville meditera over krekse-furuene som hadde klort seg fast øvst oppe i nakne kluftene.
Her skulle det bli kjerring-gaul og attljom om det trongst! Vi skulle gå hi tytta ein høg gang, ho som ropa til fjellet om ho skulle til gjestebods eller bli heime. For å ha noko å rutte med, ruska vi i hop noko hivandes og: gamle trerøter, småstein, pinnar og jordtorver. Her skulle stor-hjorten måtta slå retrett.
I dag hadde vi tid til verkeleg å sjå kor vakkert her er. Etter tre sure dagar på rad, hadde det skine opp til ein haustdag av dei sjeldne. Sol og skyer laga artige lys- og skuggeverknader oppetter lia. Det fekk lauvet som enno hang att til å lysa som bronsebrune fargeklattar mot den mørkegrøne barskogen. Endåtil steinrapa, som her var mange av, måtte ta seg godt ut i slikt eit overlys: Dei skifte frå djupaste blå-grått til skiraste raud-lilla, alt ettersom dei var i sola eller skyene sin sektor.
Øvst oppe var Jotene, desse karakteristiske takkete formasjonane av forvitra sandsteinsfjell var rissa i tusen variantar mot den klåre hausthimmelen.
Høgt der oppe ein stad var det objektet vårt heldt seg. Men om vi stirde augene ut or skolten, aldri om vi såg ein ting rørde seg. Annsleis var det med jaktmennene våre, dei hadde «Ørneøyne fra mers», for å sitere Terje Vigen. Dei kunne sjå eit dyr røra seg på utruleg avstand.
Den store stilla rådde kring oss, ein kunne høyra ufsedropane falla ein for ein. Berre elva susa svakt nede i dalbotnen der ho rann ut i vatnet. Nokre sauer gjekk og beitte på stølsvollane, kanskje fann dei seg ein smak tytebær endå –
Då small det. Eit einaste dumpt skot, det måtte tyda eitt av to; anten ein fulltreffar eller eit skræmeskot. Det var umuleg å seia for visst om det kom ovanfrå eller nedanfrå. Men alt var like stille ikring oss, her kom ingen hjort farande i fullt flog. Og kvar vart det av signalet vi skulle få? Det gjekk endå ein halvtime og vi samrådde med kvarandre: Skulle vi gå? Nei, hadde vi fått ordre om å stå her, så stod vi her til dei gav lyd frå seg. Dei skulle ikkje ha det å seia på oss at vi tapte hovudet berre for eit skot og forlet postane våre. Det tok til å røyna på tolmodet, det er i alle høve ikkje mi sterkaste side. Hadde mannfolka gløymt at vi var med?
Endeleg kom signalet, ein lang plystretone, med tre korte sist.
Vi var nede av rabbane våre fortare enn svint og denne gongen fekk steinklopper og heller ramla som dei ville. Spenninga vaks til nærmare vi kom osen. Det tyktest oss så reint utruleg at dei kunne ha felt dyr der, berre snaue kilometeren i strak linje heim. Men snart fekk vi syn for segn. Vel framme på Demma, der terrenget brått skråar slakt nedover, såg vi skyttaren sjølv nedi bakken. Han sat til skrevs over bytte sitt og slurpa i seg heit kaffi frå ei termosflaske. Både sessen og kaffien såg ut til å bekoma han vel, han humra nøgd. Hin stod ved sida av og tok augnemål av dyret. Han hadde gått «jaget ut», som det heiter på jaktspråket, heile lida og urdane utover, det var difor vi laut venta så lenge.
Dyret var ein femgreinar, ikkje av dei aller største, men mannfolka var vel nøgde. Vi skulle versågod få vera med oftare –
Så kunne vi rusla heimover, mennene greidde resten best sjølve. Vi hadde gjort vårt jobb, men ein ørlien tvilar inni oss lurde på om hjorten hadde hatt teften av oss i det heile? Kor om all ting var, litt avkopling og spenning i den grå kvardag hadde det vore og kor mange gjer hjortejakta unna på to og ein halv time?
Dessutan: Jaktæra var berga for i år, like eins sundagsmiddagane langt ut i neste år.
Bergens Tidende 25.11.1970. Sigrid Øvrebotten.
