Den blå stjernedjupe
kvelden
når blanke vinter
månen
kleiv himmeldjupet
over Nipa
når bøane stod
sylvslegne
i klingande rim
og tusseskuggar
skvatt i tunet

handa hans
peika ut
himmelheltane
nemnde på namn
Orion Sagittarius
Pollux og Kassiopeia
så kalla grekarane dei
Men eg spurde
kor stor er månen
er den større
enn slipesteinen?

Fridtjov Urdal 2025