«Det vil helst gå godt»
Det er eit utsagn eg føler oppsummerer intervjua eg har hatt med tre av dei fire borna til folkeskulelæraren min, Knut Gulestø. Han var lærar på Botnane skule frå 1959 til 1974 og budde med familien sin i Gulestøa, ein då einbølt gard nord om Botnane. Dit kom det veg same året som til Botnane, i desember 1993. Fram til då måtte ein i båt same kvar ein skulle. Med tresnekka Fix, på 24 fot, reiste Knut fram og attende Gulestøa-Botnane kvar skuledag, med opp til tre av borna i båten samstundes. Eg hugsar at vi stod i glaset heime og speida etter båten hans når det var skikkeleg galever. Korleis var det då å vere ombord?

Gulestøa. Foto: Privat.
Linda Gulestø: – Såg på far min som ein Gud i båten
Linda Gulestø (1954) er eldst av dei fire borna til Johanne (1933-2016) og Knut Gulestø (1930-2008). Hausten 1961 byrja Linda på skulen og minnest at ho fyrste tida var med far sin i eit ope, lite raudt eggeskal av ein båt, som det ikkje var forsvarleg å gå vinteren i møte med. Men Linda var ikkje redd, for ho såg på far sin som ein Gud i båten.
Den hausten kjøpte Knut Gulestø seg ein Tresfjord båt, som fekk namnet «Fix», ein båt han brukte i alle dei 15 åra han var lærar i Botnane. På Fix vart det frå fyrst av bygt ei treråme framme med presenning over, for å livde for verste vinden og sjøsprøyten. På godversdagar kunne båtreisa Gulestøa-Botnane vere ein roleg og fin tur langsmed land, men i styggever var det alt anna enn roleg. Linda likte seg best i styggever, godver var kjedeleg. Ho hadde med seg bok for å forkorte tida.
– Eg kan ikkje hugse at eg var redd nokon gong, eg tykte det var spennande å vere med. Eg trur eg såg på far min nærmast som ein Gud i båten. Når han var roleg så var eg det óg, fortel Linda. Ho opplevde ingen av dei motorhavaria som brørne var med på, men hugsar ein gong at presenningen datt ned over henne og broren Kåre Johan (1957). Seinare vart det bygt eit overbygg på Fix.

Fix på veg mot land ved nausta i Gulestøa. Foto privat.
– Du opplevde aldri at far din var redd?
– Nei, eg hadde aldri inntrykk av det. Den gongen hadde eg ingen tanke for kor redd mamma må ha vore mange gonger. Det skjønte eg ikkje før eg sjølv fekk barn. På det meste var tre av oss med pappa i båten, men dei fleste åra var vi to. Og pappa skulle på jobb og vi på skulen same kva ver det var.
– Mor di fortalde at det var to gonger ho truga med å reise frå Gulestøa for godt om han drog, og då vart de heime?
– Ja, ho skal ha pakka kofferten to gonger for å dra om han reiste i det galeveret som var. Det var tydelegvis ikkje ein trussel ho brukte ofte sidan han tok det på alvor dei to gongene. Mamma var oppteken av at vi ikkje skulle merke slike diskusjonar mellom dei, men stemninga fekk vi no med oss!

Familiebilete frå 2000. Johanne og Knut framme, Frå venstre bak: Kåre Johan, Sven, Linda
og Terje. Bilete er skanna frå Bremanger bygdebok. Band II.
– Og i Botnane gjekk vi og såg etter båten til Knut når det var styggever.
– Ja, eg hadde inntrykk av at bygda passa på oss. Eg trur Alma Sande ringde mamma så snart ho såg i båten vår når det var skikkeleg styggever. Eg har ei svak aning om ei overnatting i Botnane fordi folk overtalte pappa til ikkje å fare heim på grunn av veret. Eg gjekk heile oppveksten og ynskte at vi skulle bu i Botnane, særleg etter at eg byrja på skulen og oppdaga at det fanst andre ungar der!
– Brørne dine lærde seg tidleg å føre båten, kva med deg ?
– Du, det sveiv meg aldri å spørje om å få gjere det. Trur ikkje pappa hadde nekta meg det om eg hadde spurt, men tydelegvis såg ingen av oss det som naturleg. Eg hadde ingen tanke om å lære meg å legge til eller ta frå land med båten, men for brørne mine var det heilt naturleg å lære seg det. Men alle lærde at vi ikkje skulle ha sjøstøvlar på i båt.
Elles hugsar Linda ein gong ho og faren skulle til Kjelkenes og handle, noko dei gjorde ein gong i veka, og vart gåande rundt og rundt i skodda. Men også det løyste seg og dei kom fram. Ho vart ikkje redd på sjøen av oppveksten i båt, heller tvert om. – For nokre år sidan reiste eg med ei veninne med ein ribb-båt over Oslofjorden. Det var godt ver, men ribben slo og slo mot båra, og eg tykte det var nett som då eg var unge. Det var som å reise på skulen med båten vår, seier Linda Gulestø. (Intervjua 02.07.24.)
I songen «Dagane på skulen i Botnane» har Knut Gulestø sjølv skildra båtreisa. Det er ein takkesong på seks vers, truleg skriven til avsluttingsfesten for Knut då han slutta som lærar i Botnane i 1974. Dei to siste versa lyder slik:
Det hende at mi skute så reint for liten var,
når regnet small mot rute og vinden var så hard.
Men alltid var det husrom, og seng vart laga til,
slik var det alltid kvar eg kom. For det eg takke vil.
Og tidt det kom beskjed; ta berre borna med
og kom så att til middag for den er laga te`.
Når eg skal skrive songen om ei forgangen tid,
eg kan`kje gløyme gongen då eg lei havari.
Det var nok fleire vender at Fix var nær på grunn,
men alltid var det hender til hjelp i slik ei stund.
I stormen tryggleik var i kvart eit augepar
som følgde oss på ferda til vel i hamn vi var.

Terje Gulestø og Linda Gulestø sommaren 2025. Foto: Privat.
Terje Gulestø: – Vi hadde ingenting å hjelpe oss med
– Pappa var ein flink mann på sjøen og vi hadde ein solid båt som låg godt i vatnet, men det var likevel mange vågale turar mellom Gulestøa og Botnane, ikkje minst når eg tenkjer på at vi hadde ingenting å hjelpe oss med om det gjekk gale. Ingen redningsvestar, ingen flåte, ingen radio. Absolutt ingenting, fortel Terje Gulestø (1960). Han er nummer tre i syskenflokken i Gulestøa og rakk eitt år på skulen med storesyster og storbror i båten, og tre år til saman med dei to brødrene. Det var dei fire åra Knut Gulestø hadde med tre av fire born i tresnekka Fix til og frå skulen i Botnane.
Ei tid var det todelt skule i Botnane og den ekstra læraren budde i Sørgulen, og vart henta der om morgonen av Knut. Terje hugsar ei ung lærarinne frå Bergenskanten som må ha vore vanvittig redd for båtreisa i styggever, han skjønte det berre ikkje som barn. – Båten hadde berre kalesje, med eit lite firkanta vindauge framme med manuelle vindaugsviskarar. Der sat pappa med taumar og styrde båten. I Heianeset møtte vi storhavet, båten gjekk opp og ned i store bølger, opp og ned. Då treiv lærarinna tak i meg og sette meg på fanget sitt, og på dei verste bølgetoppane kneip ho meg veldig hardt. Trur ikkje eg skreik, sjølv om det gjorde vondt, men stakkars dame, ho må ha hatt det fælt.
– Vart du ikkje redd?
– Nei, eg har aldri vore redd på sjøen. Veit ikkje om eg er dumdristig eller ikkje har betre vit, men redd var eg ikkje. Men eg brukar stundom historia om denne lærarinna for å forklare folk korleis det var å ta seg fram med den vesle trebåten.
– Og utan redningsvestar?
– Ja, nei, det var ikkje vanleg utstyr for snart 60 år sidan. Trur det kom ei forskrift om at det skulle vere redningsvestar om bord, og då trur eg pappa overtok nokon frå syskenbarnet sitt, Kristoffer i Pollen. Han skulle byte dei ut, men dei var ganske ubrukelege til føremålet, men vi hadde dei med i båten. Det var ikkje mykje pengar å rutte med. Pappa hadde prøvt å få litt meir godtgjerdsle for å drive skuleskyss attåt lærarjobben, men utan særleg gjennomslag. Ikkje trur eg han hadde heilt trua på at det var noko hjelp i desse redningsvestane heller.
– De reiste i alt slags ver?
– Ja, i grunnen gjorde vi det. Pappa hadde ikkje radio i båten, og skulle i Sørgulen og hente den andre læraren, så vi ungane hadde i oppgåve å pugge siste vermeldinga før vi kom i båten nokre minutt over åtte. Det var ikkje berre lett å skjøne og hugse vermeldinga, vindretningar og styrke. Trur det var ustabile meldingar han fekk av oss. Og veret kunne skifte mykje frå morgon til kveld, og vi la til den kaia i Botnane som det var vindforhold til å kome seg i land på. Også heime i Gulestøa måtte det ofte til fleire forsøk før han kunne legge båten til lands. Det kom ikkje kommunal kai før i 1972, meiner eg å hugse. Før den tid var det berre ein steinvorr.
Tre havari i svartestilla
– Knut skriv i ein song om då han «lei havari» med Fix. Var du med?
– Ja, det er ei forunderleg historie. Det vart vel heile tre havari til saman. Pappa hadde skifta båtmotor frå ein Sabb på 4-6 hestekrefter til ein Marna, ein litt kraftigare motor. Det var ein norskprodusert motor frå Mandal, som pappa hadde blitt rådd til å kjøpe. Det gjekk bra ei stund. Det fyrste havariet var då veivakslingen brotna, ein støypt metalldel midt i motoren. Det var eit totalt motorhavari, som skjedde i blikkstilt ver. Han fekk tak i ein ny veivaksel, som også rauk ein dag det var heilt stilt. Pappa tok kontakt med dei som leverte desse veivakslingane, men dei tok ikkje på seg noko ansvar. Han måtte ha tre motorhavari med same type aksling før motorfabrikken vedgjekk at det var ein feil med den. Det skjedde alltid i stilla og pappa snakka mykje om kor svinheldige vi var med veret. Barn tenkjer ikkje så langt, så vi oppfatta ikkje kor gale det kunne ha gått om det ikkje var stilt. Det hadde vore rett i fjøresteinane om det bles.
Halvtimen det tok å reise frå Gulestøa til Botnane brukte dei til å pugge lekser. Båten rulla og gjekk, stampa og hoppa, og dei pugga salmevers og andre lekser. – Vi visste at vi var dei fyrste han spurde når timen starta. Vi tykte det var urettferdig, men han ville ikkje høyre frå andre foreldre at han favoriserte eigne ungar. Difor måtte vi til pers.
Terje hugsar at han misunnte borna i Botnane som kunne gå rett heim til middag, medan dei som skulle til Gulestøa gomla på ei turr skive dei hadde spart til heimreisa. – Heimturen kunne ta ei æve om pappa tok med tre-fire tømmerstokkar heim for å sage dei på sagbruket. Dei bremsa heile Frøysjøen, og sleit dei seg måtte vi snu og plukke dei opp. Vi gjekk heimover med ein fart på ein til to knop.

Johanne Gulestø. Foto privat.
– Mamma likte seg ikkje på sjøen
Johanne Gulestø var frå Bø i Vesterålen, men sjølv om ho var nordlending likte ho seg ikkje på sjøen. – Ho var ikkje med ut å fiske eingong, fortel Terje. Det var ho som stelte med sauene og kyrne og stod for den daglege drifta på garden, saman med borna. Etter at svigerforeldra døydde var ho åleine på garden når Knut og borna var på skulen eller vekke for vidare skulegang. – Mamma var nok ikkje av den mest lettskremde typen, men å sitte åleine på land er det verste. Det er då tankane tek over. Då ringde ho til Gunda i Pollen eller Alma i Botnane for å ha nokon å snakke med, sjølv om det var dyrt å bruke telefonen i den tid.
Skulen i Botnane vart lagt ned i 1975, og Knut slutta eitt år før for å ta lærarutdanning i Bergen. Det måtte til for å halde fram som lærar i Svelgen, sidan han ikkje hadde formell lærarutdanning. Etter at han byrja skule i Svelgen fekk Johanne seg arbeid på aldersheimen der og reiste med Knut i båten. – Sjølv om dei slapp å køyre forbi Heianeset når dei reiste den vegen kunne også den båtturen vere tøff. Eg hugsar vi prøvde å få han til å kjøpe overlevingsdrakter dei kunne ha på seg, men det skulle han ikkje ha noko av. Det berre bles han av, fortel Terje Gulestø (intervjua 16.12.25).
11. desember 1993 kom den lenge etterlengta vegen til Gulestøa og Botnane. Knut og Johanne var i 60-åra. Han hadde skrive tallause songar og prologar og ein av dei siste prologane han skreiv var til denne vegopinga. Den er med i boka «Berrføtt i tangskog», eit utval av dikt, prologar, kåseri og andre tekstar som borna fekk gjeve ut i 2019, med Grethe Johnsen som redaktør. Prologen om vegopninga har tolv vers og i det sjette heiter det:
For meg er saksa og snora
berre ein seremoni,
om ein ikkje kan knyte til orda
og minna frå gammal tid.
Ei glede kan ikkje bli fullendt forutan å vite
og også forstå;
at det er det beinharde nerveslitet
i fortid du byggjer gleda di på.

Vinter i Gulestøa. Foto: Privat.
Sven Gulestø: – Vi hadde mykje flaks
Sven Gulestø (1962) er yngstemann i syskenflokken i Gulestøa. Han trekkjer fyrst fram kor flotte båtturane kunne vere på godversdagar, særleg om vinteren. Å fare heimover i morelden var fantastisk, og når det var snø vart det eit heilt eige landskap. Men det var ikkje så ofte det var godver om vinteren. – Styggever opplevde eg som ubehageleg, men eg var aldri redd. Det var fordi pappa var så roleg. Eg hugsar eg følgde med på ansiktsuttrykka og rørslene hans, dei var rolege og då følte eg meg trygg. Pappa var dyktig og trygg i båten og på sjøen. Men som vaksen har eg tenkt at vi også må ha hatt mykje flaks, seier Sven Gulestø.

Dette bilete av Knut Gulestø er truleg teke tidleg på 2000-talet, ombord i ein nyare båt enn den omtalte Fix. Foto: Privat.
Til liks med Terje hugsar han havaria med båten Fix i godver. Då den tid kom at han og faren var åleine i båten minnest han ein gong dei miste roret utanfor Sletten. Dei var på veg heimatt og det var også ein finversdag. Vi hadde to gamle, små bildekk som fendear på båten, og vi hadde alltid med tau. Vi festa tauet i dekket og den andre enden høgt oppe på båten, og styrde med å presse tauet fram og tilbake, alt etter kva veg vi ville. Vi kom oss vel heim og det var ein nyttig og praktisk fysikktime for meg.
– Korleis hugsar du «redningsutstyret» om bord?
– Det var desse belta pappa hadde overteke etter Kristoffer i Pollen. Dei var i kork og lerret, kan ha vore frå krigens dagar for det eg veit? Hadde vi brukt dei i storver hadde vi garantert drukna. HMS-krav var ikkje påkome den tid vi farta Gulestøa-Botnane, men belta etter Kristoffer kom om bord fordi det kom krav til «sikkerheitsutstyr» i båtar som dreiv skuleskyss. Det gjorde både Kristoffer og pappa, men det var ikkje mykje pengar å hente i det. Og vi var vel eit godt stykke ut på 2000-talet før sikkerheita i småbåtar vart teken på skikkeleg alvor.
– Korleis hugsar du båten Fix?
– Det var to-tre utgåver av den båten. Fyrst var det berre vindskjerm på han, så kom det presenning framme og trevegg bak. Og så laga Norvald i Seljestokken overbygg og rekkverk til å halde seg i.
– Det kjendest vel som eit stort framsteg?
– Ja, absolutt. På Fix var det rorkjetting og den drog til den sida du svinga rattet. Men på Fix var det viktig å ikkje dra for hardt til, for då kunne kjettingen låse seg til ei av sidene. Det hende Terje og meg nær Kjelkenes ein gong. Det gjekk bra det også, Alf i Mulida kom til og hjelpte oss.

Sven Gulestø med eigenkjøpt Wrangler jeans og vest, klar til tur med båten Fix. Foto: Privat.
– De gutane fekk altså ta ut med båten åleine?
– Å, ja då. Vi reiste med den båten frå 11-12 års alder. Det må vel helst seiast å ha vore uforsvarleg tidleg. Men båten hadde ikkje den farten som båtar har no, og vi kjende nok på ansvar for å fare fint med båten til far. Når vi var på veg ut døra brukte han å minne oss om at vi ikkje måtte dra for hardt til. Pappa var oppteken av at vi skulle lære oss å takle både båtar, vind og sjø, og lukkast bra med det. Båt var det einaste framkomstmiddelet vi hadde om vi skulle til og frå Gulestøa, så medan andre lærde seg å køyre bilen til far, lærde vi båten.
– Gjorde du også lekser på veg til skulen?
– Det gjorde eg sikkert. Men eg hugsar best at eg gjorde lekser på veg heim, i alle høve leseleksene, slik at eg hadde fri heime. Elles så var eg ein lesehest og hadde med bøker om tida fall meg lang. Heime likte eg å vere med mamma i fjøsen og stelle sauene, stutane og den eine kua eg hugsar, som vi vel hadde for å halde oss med mjølk. Ho hadde så store og sørgmodige auge, og må ha blitt horngamal.
Sven hugsar at faren ville vere for seg sjølv på saga eller med anna arbeid når han endeleg var komen heim og kunne få litt åleinetid. – Han var ikkje flink til å lære oss praktisk arbeid, men vi fekk vere med om vi kunne vere til nytte, til dømes i skogen når han skulle vinsje stokkar til sjøen.
– Han hadde lange arbeidsdagar?
– Ja, og han var nok tidvis aldeles utkøyrd. Arbeidsdagen hans starta med at han reiste til Nesbø med mjølkespann, deretter henta han den andre læraren i Sørgulen, før han plukka opp oss ungane i Gulestøa. Så var det båtturen til Botnane, heil skuledag og heimatt med anløp i Gulestøa – Sørgulen – Nesbø, for å hente mjølkespann. Ein gong svima han av i båten og køyrde seg opp på ein sandbank på Nesbø. Det vart sjølvsagt ikkje snakka noko om, men vi overhøyrde at det hadde skjedd.

Sven Gulestø i dag.
– Du byrja i sjuande klasse same hausten som far din byrja som lærar i Svelgen, og gledde deg til å sleppe han som lærar?
– Ja, det såg eg fram til. Det er ei veldig lojalitetskonflikt å ha ein forelder som lærar, du veit ikkje kven du skal halde med. Men i Svelgen fekk eg han som klasseforstandar! Det var nedtur! Etter at han var ferdig med klassen min byrja han med ein fyrsteklasse, som han følgde oppover i sju år. Fleire av dei har fortalt oss at han var ein så god lærar. Det hugsar eg overraska meg, for eg hadde aldri tenkt over korleis han var som lærar, seier Sven Gulestø. (Intervjua 18.12.25).
Tekst: Magni Øvrebotten 21.12.25.
