Åleine jente på Årebrot skule

 

Hausten 1948 byrja Knuthild Husefest Lunde på Årebrot skule, og der var ho åleine jente mesteparten av skuletida. Ho gjekk på skulen annankvar veke og budde hjå Agnes Uren på Gamlebøen. Det gjekk ikkje å bu heime i Husefest, for det var korkje veg eller båtsamband. Husefest låg i Bremanger kommune, men borna som budde der gjekk på Årebrot skule, og båtsambandet stoppa ved kommunegrensa.

Dei to åra Knuthild, og den fem år eldre systra Hulda, begge gjekk på same skulen var dei vekke kvar si veke. Det var småskule eine veka og storskule det andre. Faren Guttorm skyssa den som skulle på skulen til Ura søndag kveld, med medbrakt mat.

– Det var slik det var. Sikkert mykje verre for dei som sende oss frå seg enn for meg som budde vekke frå eg var sju år gamal. Ho Agnes var eit eineståande menneske som brydde seg like mykje om meg og Hulda som sitt eige folk, fortel Knuthild.

Lærde å vere usynleg

Huset på Gamlebøen var ikkje stort, men det hyste likevel ein del folk. Knuthild budde på rom med Agnes på lemmen. Der budde også dei to fosterbrødrene til Agnes, Agnar Faye og Rikard Rasmussen. Dei delte óg rom. – Nede var det eit lite kammers der Juditta, mor til Agnes, sat og såg ut glaset. Ho likte ikkje ungar i huset, så vi måtte lære å oppføre oss. Eg lærde tidleg å vere usynleg, slær Knuthild fast. Det var ikkje ei uvanleg øving for jenter i den tida.

– Eg brukte å ha med meg fersk fisk heimanfrå søndag kveld. Den hadde vi til middag måndag og om kvelden åt Juditta resten av fisken på skiva, med sukker på. Det gjorde inntrykk. Ho var alltid svartkledd og vel utstyrt med kamferdråpar, rigabalsam og honning. Det hjelpte mot alt, minnest Knuthild Lunde.

Mora Alma brukte å gje henne beskjed om at ho måtte vere grei med Juditta og ikkje klatre i hamrane på Ura. – Det fyrste eg gjorde når eg kom bort var å klatre i hamrane. Eg hadde ingen å leike med. Det vil seie ingen jenter. Eg var åleine jente på skulen mesteparten av skuletida. Å pakke ball og hoppe tau visste eg ikkje kva var.

Ho er likevel glad for at læraren, Johan Slettevold, ikkje gjorde noko ekstra for henne til skilnad frå gutane. – Då hadde eg vorte «brælebarnet» til læraren og det hadde eg ikkje kome godt utav. Eg er glad mobbinga ikkje var oppfunnen, då heitte det «erting». Eg lærde meg å slåst på harde nevane, det måtte eg for å berge meg mot seks gutar.

–  Du var vel ikkje godt vande med mange ungar i Husefest heller?

– Nei, det var eg ikkje. Men eg var veldig glad i alle dyra våre heime og styra mykje med dei. Eg har grete mang ein gong for hundar, sauer, kyr og grisar når dei vart slakta, men det gjorde meg ingenting å skylje tarmar når vi slakta. Vi hadde både kattar og hundar heime, og eg vart eit kattemenneske. Diverre kan eg ikkje ha katt her eg bur no.

Til Botnane for handarbeid

I fjerde klasse dukka handarbeid opp som fag på skulen. Då visste dei ikkje kva dei skulle gjere med Knuthild, å ha sløyd saman med alle gutane var utenkeleg. Løysinga vart at ho var heime i Husefest i tre veker og lærde mykje handarbeid.

– Vi var ein handarbeidsfamilie, så det var nok å lære. Men då eg byrja i femte klasse måtte eg til Botnane for å få handarbeid. Der var vi berre jenter i klassen og det var ei oppleving! Det var ho Kari i Vikja, som eg kjende frå før. Ho Marta på Håjen som eg óg visste kven var, og så var det Helga og Randi på Nesa. Eg trur ikkje vi var fleire dei tre vekene det varde. Men det var veldig stas.

– Men det var ikkje båtsamband til Botnane heller som høvde med skulen. Du måtte bu vekke der óg?

– Eg budde hjå besteforeldra dine, Magna og Thorbjørn Øvrebotten. Far min og Thorbjørn var syskenbarn, så sjølvsagt budde eg hjå slekta. Eg låg på lemmen saman med Oddbjørg, dotter deira. Eg hugsa at vi lo veldig mykje etter at vi hadde lagt oss. Dei veken der hugsar eg med glede. Dei hadde geiter og det hadde vi ikkje heime. Det var artige dyr. Og dei flotte dyra Thorbjørn skar ut med tollekniven har eg aldri gløymt.

Sidan Knuthild hadde slekt i Botnane var det ikkje «ukjendt land» for henne, som for mange andre på stranda. Mjølkeruta frå Gulefjordane, via Botnane, var innom Husefest og Breivika. Men der var kommunegrensa, så frå Seljestokken var det Ura-ruta som gjekk til Florø.

Året etter handarbeidsvekene i Botnane var det fleire jenter i storskulen på Årebrot og då fekk dei handarbeidsopplæring i stova til Agnes Uren. – Siste året eg gjekk på skulen på Årebrot var det samla skule frå nyttår av, og då var vi berre jenter. Eg trur eg var prega av å ha gått så mykje på skulen med berre gutar. Eg hugsar at når eg kom bort på Flora og fekk venninner så skjønte eg ikkje kvifor dei var så interesserte i desse forbaska gutane. Men det skjønte eg no etter kvart, ler Knuthild Lunde.

Radioen var fantastisk

– Kva var det de underheldt dykk med i din oppvekst?

– Det var basarane til kvinneforeiningane og preikarane som reiste rundt og forkynte. Og radioen! Elles vart vi lærde opp til å synge mykje, både heime og i skulen. Vi lærde songane utanboks og eg har framleis glede av å synge og kunne mange songar.

Knuthild kallar radioen og telefonen to viktige apparat i sin barndom. Det var telefon hjå Jenny og Hjalmar Uren, hjå Knuthild sitt folk i Husefest og i Posten i Botnane. – Eg hadde telefonskrekk, men visste at eg måtte ta han om eg var åleine heime. Det var forferdeleg. Men å springe i Seljestokken med bod om at nokon hadde ringt etter dei, det var heilt greitt. Trur vi hadde 1. kr. for denne bodtenesta.

Men der Knuthild minnest telefonen med skrekk står radioen i eit heilt anna lys. – Vi høyrde ikkje på radio i tide og utide, nei, for han gjekk på batteri. Men eg fekk høyre på  barnetimen og laurdagsbarnetimen, og på Ura hjå Agnes også andakten. I 1954 fekk vi straum i Husefest og då fekk vi høyre på radio med vi ville. Det var heilt fantastisk!

Intervju og foto: Magni Øvrebotten 08.12.18.