Kinn kommune – ei løysing for kysten?

– Personleg hadde eg håpa at fleire i Bremanger hadde lyst til å satse på kystkommunen Kinn. Det er eit dristig prosjekt og ei kommunesamanslåing for framtida. I dag reiser eg oftare til Kalvåg og Måløy enn før, då eg reiste ein gong i veka til Førde. No planlegg Flora og Vågsøy korleis vi skal få betre båtsamband mellom Florø, ytre Bremanger og Måløy, både med tanke på skule – og arbeidsreiser, sa ordførar Ola Teigen (Ap)i Flora kommune då han var på søndagskafeen på Årebrot 14. oktober.

Det var styret i Botnane og Årebrot grendalag som hadde invitert ordførarane i Bremanger og Flora til å kome å diskutere framtida og tenestetilbodet til desse bygdene når Flora blir ein del av Kinn kommune i 2020. Bremanger kommune, som ligg mellom Flora og Vågsøy, har vedteke å ikkje bli med i Kinn kommune og Stortinget brukte ikkje tvang. Botnane høyrer til Bremanger og Årebrot til Flora. Det møtte opp om lag 40 personar på møte, frå over 90 år til 3. månader gamle, og vi la merke til fleire ungdomar i salen.

Ordførar Audun Åge Røys (H) fekk spørsmål om Bremanger kommune kjem til å endre syn når Kinn kommune vert røyndom? Han svara at det var delte syn på dette i Bremanger, alt etter kvar ein bur i kommunen. – Ytre Bremanger er nok meir positive enn indre. Men fleirtalet i kommunestyret er av den oppfatninga at vi har det bra åleine. Folketalet går ned og det vert stadig meir press på tenestene, særleg merkar folk det i utkantane, sa Røys. Han var tilhengar av å slå kommunen saman med Kinn kommune, men som ordførar må han forholde seg til det som er vedteke i kommunestyret.

Ola Teigen sa at han håpa at i alle høve Ytre Bremanger og Botnane vert med i Kinn kommune i framtida. Kinn kommune hadde fått 22.000 innbyggjarar om Flora, Bremanger og Vågsøy gjekk saman. Det er like mykje som Sunnfjord kommune. Flora og Vågsøy åleine er 18.000 innbyggjarar.
– Det er stor skilnad på store og små kommunar sine mulegheiter til å satse og utvikle seg, og yte gode tenester til innbyggjarane sine. Dei er også meir attraktive for verksemder som vil etablere seg, sa Teigen.

Postadresse til plage

Fleire i møtelyden kom med konkrete døme på kor tungvindt det var at Årebrot og Botnane høyrde til kvar sin kommune. Etter at det kom veg til Sørgulen i 1993 vart Årebrot lagt under postkontoret i Svelgen i 1995. I vår digitale tid vert alle registrerte utifrå postnummeret sitt, og det gjer at folk på Årebrot vert rekna til Bremanger. Ei kvinne fortalde at ho nyleg hadde fått seg høyreapparat, og det var det NAV Bremanger som hadde betalt for, sjølv om ho budde i Flora. Når Flora kommune vert spurd om heimesjukepleie på strekninga Årebrot – Husefest så vert folk synte til Bremanger kommune. Sjølv politiet i Flora syner folk til Bremanger når dei vil melde noko på Årebrot. Å få pakke i posten på Årebrot er mest uråd. Er du på arbeid når postbilen kjem midt på dagen så får du ikkje pakken din. Mange opplever at pakkar vert returnerte til sendar. Og same kva etat ein kontaktar og prøver å forklare at ein bur i Flora, men har postadresse Svelgen, så ser dei berre på kva som er registrert, vart det fortalt av fleire.

Spørsmålet vert då om Årebrot skal søkje seg til Bremanger, eller om Botnane skal søkje seg til Kinn? Om det var det nok ulike meiningar i salen, men dei som var der tyktest samde om at det var tungvindt å høyre til i to kommunar. Leiaren i grendalaget, Åsmund Berthelsen, sa at ei eventuell grensejustering ikkje hadde vore diskutert, men nemnt med ujamne mellomrom.

Tynte frå høgare hald

Ingen av ordførarane skrytte av tenestetilbodet dei har i utkantane, korkje i Flora eller Bremanger. Ordførar Audsun Røys trudde t.d. heimetenestene kunne bli betre for området Botnane-Årebrot om kommunane samarbeidde meir, slik dei hadde gjort då dei dreiv skulen på Årebrot i lag. – Men vi vert tynte frå høgare hald på alt. Så det er beklageleg, men sant, at tilboda er dårlegare utanfor sentrum, sa Audun Røys.

Forsamlinga tok opp mange spørsmål. Mellom anna var det stort engasjement for kystveg over Terøya, slik at området kan bli både bu- og industriområde, og Florø får ein omkøyringsveg når riksveg 5 er stengd av ulike årsaker. Her var folk nøgde med innsatsen til Flora kommune, men skuffa over Bremanger, som ville ha kystvegen over Grov. Derimot var det framført takk til Bremanger kommune for støtta til vindmølleparken på Guleslettene.

Etter at det kom steinbrot i Seljestokken og settefiskeanlegg i Botnane er det svært mykje tungtrafikk på fylkesveg 577, noko vegen ikkje er dimensjonert for. No kjem det to nye bruene i Botnane, men også vegen må utbetrast og fartsgrensa må ned. Heile busetnaden ligg langs vegen og folk kjenner seg utrygge for både born og husdyr. Det er generelt mange trafikkfarlege situasjonar, men Vegvesenet har avslege å sette ned fartsgrensa, trass i at både grendalaget og lensmannen i Bremanger har engasjert seg i det.

Mange peika på at veg, breiband og mobildekning er viktig for framtida i området. Flora kommune fekk skryt for breibandsatsinga si og det vart etterlyst noko tilsvarande i Bremanger. Men når folk vil tinge seg breiband får dei beskjed om at det ikkje er plass til fleire, pga at store bedrifter tek stor kapasitet. Breiband- og mobildekninga er særleg dårleg i Botnane, og fleire sa at heile området treng at det vert pressa på for å få fiber hit. Til det sa ordføraren i Bremanger at dei måtte prioritere mellom dei bygdene som trong det mest, men kva bygder det var sa han ingenting om.

Tekst og foto: Magni Øvrebotten