,

Nina Seljestokken: – Folk trur framleis at eg berre er med på jakt

Berit og Nina Seljestokken klar for jakt. No er dei rundt 40 år og har gått på jakt med gevær sidan dei var 18 år.

Systrene Nina (40) og Berit (39) Seljestokken var dei fyrste kvinnene i området her som byrja gå på hjortejakt med gevær. Eg hugsar det var eit storhende på hjortefesten dei åra «jentene i Seljestokken» hadde skote sine fyrste hjortar. Særleg imponerte var vi damene som aldri hadde tenkt på at vi kunne ha noko på jakt å gjere. No er det eit par unge damer til som går på jakt med gevær, men det er framleis mest vanleg at kvinner er med utan børse. – Når eg fortel at eg går på jakt, så trur folk framleis at eg berre er med, seier Nina Seljestokken. Berit Seljestokken opplever likevel at det er meir vanleg no, enn då ho tok viltprøva på vidaregåande i Florø.

Dei fekk ikkje vere med på jakt før dei hadde fylt 18 år og hadde klart viltprøva. Det var faren Torleif nøyen med, men då hadde dei alt lenge vore med på å få heim dyra og flå dei.
– Det var vi gode nok til. Pappa stod opp tidleg og skaut hjort, og så vekte han oss for at vi skulle hjelpe til. Det lærde vi oss frå barnsbein av, heile familien var med på det, fortel Nina, som er den eldste av tre systre.

Nina gjekk på jakt i to år før ho våga skyte. Ho var redd for å skadeskyte og hadde alltid ein grunn til å la vere å skyte. Faren var frustrert over at ho såg så mykje dyr, men aldri skaut. Så han tok affære og vart med henne på jakt og lova at han skulle skyte dyret om ho bomma.
– Vi gjekk langsmed bøen, slik at eg kunne skyte på eit oversiktleg område. Pappa sette seg ved sida av meg og brått kom det ei kolle, men eg vart så forfjamsa at eg fekk ikkje sikta. Så kom det ein bukk og eg sikta, men han måtte stå heilt «perfekt» før eg kunne skyte. Då kjende eg albogen til pappa i sida og beskjeden «No!» Eg skaut og bukken stupte. Då var det liksom gjort, og sidan har eg skote hjort, seier Nina.

–  Pappa, pappa, eg har skote hjort!

Berit var ein litt meir framfusen type enn storesystra og gjekk rett på jakt åleine. Ho hadde teke jegerprøva på vidaregåande og var 18 år, og rende opp i Bjørkeliskaret ein dag ho var åleine heime. Ho var ikkje før komen opp så kom det ei kolle, ein kalv og ein stilk (fjorkalv) fram på ei myr, og ho skaut stilken. – Men då vart eg så fortumla at eg sette frå meg geværet og sprang heim til pappa. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere. Pappa var på arbeid på båtverkstaden då eg kom gaulande: «Pappa, pappa, eg har skote hjort!»

Sidan det har dei skote ein god del hjort til saman, men har ikkje noko tal. Det er fire hjorteløyve i Seljestokken og dei skyt eit dyr for ein nabo. I fjor skaut Nina fire dyr. I haustferien i år skaut dei eit dyr kvar. Berit, som brukar å skyte dei største dyra, fekk ein stilk. Då yngste son og finnmarking, Olav, såg den sa han: » Mamma, æ syns nu den her reinen var litt liten……»

Nina meiner ho skyt best i sjølvforsvar. – Eg møtte på ein aggressiv hjortebukk ein gong, så eg likar best å skyte kolle og kalv, seier Nina.  Berit meiner ho har størst hell når ho er høggravid.
– Den største hjorten eg har skote var nær 100 kilo. Han kom mot meg, men eg kunne ikkje skyte fordi eg såg berre hovudet på han. Så kom han brått rett mot meg. Han var hissig og eg høggravid. Han var berre ti meter frå meg då eg skaut. Kjende mest pusten av han. Det var artig, ler Berit. Samstundes låg sambuaren hennar, Tormod Onarheim, på post eit stykke frå og det einaste dyret som kom i hans veg var ein mus som gnagde på skoen hans.

Dei bur i Finnmark og brukar kvar haustferie til hjortejakt i Seljestokken. Både dei og Nina ser på hjortejakta som ein fritidsaktivitet. – Pappa såg nok meir på det som ein jobb, attåt alt anna han måtte gjere. Trur det var difor han ikkje ville ha oss med då vi var yngre. Han var redd vi skulle rote det til for han, slik at det tok endå meir tid, seier Nina.

Torleif tek framleis storviltprøva for å skyte dyr på slutten av jakta, om døtrene og svigersonen Tormod ikkje rekk det. – Han er tidleg oppe og gjer klar traktoren. Ja, han har ofte starta traktoren i det eg går på jakt. Eg får mest prestasjonsangst, men han hjelper alltid til med å få dyra ned, fortel Nina.

Dei blei slik

Så langt i intervjuet er også foreldra, Ingrid og Torleif Seljestokken, komne på besøk. Dei tre døtrene, Nina, Berit og Tone, har rive gamlehuset og bygt eit nytt i tre etasjar, der alle bur når dei er heime i Seljestokken. Yngstejenta Tone er på veg heim, men ikkje for å gå på jakt. Det har ho aldri brydd seg om.

– Var det i mangel på søner at du oppdrog dei to eldste døtrene dine til hjortejakt, Torleif?

– Dei er ikkje blitt oppdratt til det, dei blei slik.  Det var ikkje råd å oppdra dei til noko som helst som dei ikkje ville sjølve, seier han med ettertrykk, til stor latter frå døtrene.

– Det var jenter vi hadde og middagsmaten gjekk på bøen. Både Ingrid og dei var med når vi slakta dyr heime før, og dei var med når hjorten skulle berast heim frå skogen, flådde og parterte. Dei fekk eit naturleg forhold til det, seier Torleif.

Ingrid Seljestokken meiner det har hatt sitt å seie at det var miniatyrskyting i grendahuset då jentene var små. Både ungar og vaksne var med, og slik lærde jentene seg å skyte. Ho fortel livfullt om korleis det var å kome som byjente til Seljestokken og lære seg å stelle med maten frå grunnen av. Ho bestemte seg for at ho skulle lære seg det og no er det ofte ho som er med døtrene og steller med hjortekjøtet.

– No jaktar eg mindre. Ja, nei, eg slepp ikkje til på jakt lenger. Eg har nok med å halde i orden det dei treng, som til dømes å slipe knivar og passe på at skuffa er på traktoren. Dei er svære til å gå på jakt, men eg har visst brælt dei vekk med alt det andre som må til, seier Torleif. Døtrene ler, men seier han ikkje imot. Nina fortel om ei helg ho fann ut at ho ville jakte åleine. Det var ingen andre som hadde tid. – Eg skaut ei kolle og ein kalv på bøen. Men traktoren ville ikkje gå, så eg køyrde dei heim i firmabilen. Det var tungt å få dei både inn og ut av den. Eg flådde og styra på og var heilt kokt om kvelden. Då skjønte eg at teamarbeid er viktig, det er ikkje nødvendig å styre med slikt åleine, seier Nina.

Det vert ikkje utleige her

Dei er mange når storfamilien i Seljestokken er samla, og det er ungar i alle aldrar. Nina sine tre er eldst, men dei to finnmarkingane veks til dei òg, og Tone har nett fått ein son. Det er overvekt av gutar i neste generasjon.

– Vi har hatt Anita og Lars med på jag, og vi håpar at dei vil like det etter kvart, og fleire veks til. Vi har i alle høve gjort avtale om at jakta i Seljestokken ikkje skal leigast vekk, seier Nina, som driv Seljestokken båtverkstad saman med faren og tre tilsette.

 

Det er mange kring langbordet når storfamilien Seljestokken er samla. Dei var langtfrå alle då dette bilete vart teke 29. september 2018, fyrste helga i haustferien.

 

Intervju: Magni Øvrebotten