Atle Svardal

Krigshelten som fall i kampen for norsk fridom

Av Bjarte Sindre (1936)

Det var ein litt hustren dag i mars 1945. Rett nok var det skinande sol, men vinterkulden hadde enno ikkje heilt sleppt taket. Vi ungane var ute og leikte i bygatene. Det var betre mod mellom oss no. Alle visste vi at dei tyske okkupantane var på vikande front over alt. Ja, allierte styrkar hadde jamvel gått inn i sjølve Tyskland. Freden måtte vere nær. Berre eit par veker til meinte vettige folk. 9.april var ein truleg dag for freden sa dei som forsto seg på slikt. Då var det fem år sidan det tyske åtaket på Noreg kom.

Brått byrja ryktet å gå mellom oss. Ein av dei mest kjende motstandsmennene frå Florø hadde falle i strid med tyske styrkar nord ved Årebrotet. Det var eit namn vi ikkje hadde hatt lov til å seie høgt av omsyn til tyskarane. Jamvel om han var eit stort førebilete. Mannen var Atle Svardal. Eg hugsar vi slutta av leiken vår, og gjekk heim og gret.

Atle Svardal var fødd den 16.01.1919. Forelda var Gyrid og Daniel Svardal.

Han var ein framgangsrik ungdom, sterk, velvaksen og ikkje minst uredd. Han tok mellomskule, handelsskule og befalsskule. Han var nett i den avsluttande perioden då det tyske overfallet kom den 9. april 1940. Han gjekk straks hugheilt inn i kampen mot den tyske overmakta. Då nordmennene kapitulerte, skreiv skulesjefen kaptein Aarraa m.a. i attesten hans:

”Svardal var en meget flink elev. Hans forhold i skoletiden var bra, men hans forhold under krigen må karakteriseres som særdeles godt i alle dele, så vel i fremste linje som ellers. Hans arbeid i denne vanskelige tid var helt fortrinlig, og langt over det man vanlig så. Han var uforferdet, forstandig, rask og umåtelig utholdende.”

Søkte avskil frå politiet

Svardal tok no Politiskulen, meinte at han her kunne halde fram arbeidet mot tyskarane. Men tyskarane ville ikkje ha noko sjølvstendig norsk politi. Dei oppretta eit eige politidepartement, og alle i politiet vart oppmoda om å melde seg inn i NS. Ved juletider 1940 kom der påbod om at alle politifolk skulle helse med oppstrekt høgre hand. Ikkje noko av dette ville Atle Svardal finne seg i. Han sende den 14. februar 1941 avskilssøknad, og skriv mellom anna:

”Som grunn for min ansøkning tillater jeg meg å anføre at min innstilling ikke lar seg forene med de nylig inntrådte forhold, og at jeg av den grunn ikke kan utføre min tjeneste som konstabel på en tilfredsstillende måte.”

Søknaden vart innvilga, og Svardal løyst frå stillinga den 1. mars. Han drog straks heim til Florø. No ville han nytte kreftene sine til ein aktiv motstandskamp mot okkupantane.  Konge og regjering hadde drege til England for å leie dei frie norske styrkane derfrå. Kva var meir naturleg enn at Svardal ville over dit for å melde seg til aktiv teneste?

Sendestasjon på Gåsøya

Tyskarane hadde innført dødsstraff for dei som prøvde å ta seg over til England. Difor var ein slik plan forbunde med livsfåre. Likevel var det 8 ungdomar frå Florø som trassa all fåre. Med motorbåten ”Notbas” drog dei frå Florø den 29. april 1941. Skipper om bord var Dagfinn Ulriksen.  Det vart ein problemfri overfart, og dei var framme på Shetland den 4. mai. Utanom Svardal og Ulriksen var følgjande med:  Astrid Louise Wilman, Gerhard Edvardsen, Leif Fjellestad, Odvin Knapstad, Audun Nesheim og Bjarne Vadseth.

Etter dei vanlege formalitetane vart dei fordelte til ulike arbeidsoppgåver. Svardal og Ulriksen vart hyrte som dei første agentar som skulle drive med etterretning i det okkuperte Noreg.

Dei to måtte gjennom intensiv trening, og allereie i august 41 vart dei sende tilbake til fårefullt oppdrag. Dei oppretta sendestasjon med kodenamnet Eric. Utruleg nok heldt dei til på Gåsøya i eit sauefjøs.  Den siste plassen tyskarane ville finne på å leite. Det vart ein ulysteleg vinter for dei to. Det var spinnkaldt. Det la seg jamvel is på Florevika. Ulriksen fortalde etter krigen at den einaste måten dei klarte å halde varmen på, var å slåss. Om våren vart dei oppdaga av ei jente som skulle sjå etter sauene. Difor vart dei straks henta tilbake til England.

I januar 43 oppretta Svardal stasjonen Erica på mest same staden, men denne gongen på fastlandet. Med seg hadde han Eivind Viken. Stasjonen sende viktige meldingar til London heilt til ut i september. I arbeidet ved begge desse stasjonane hadde agentane Solbergfamilien som kontaktpersonar, særleg var det dottera Sigrun som stod for den jamnlege sambandet. Søskenbarnet hennar var Dagfinn Hjertenes i Florø. Han heldt kontroll med og reparerte alle fyrlyktene i distriktet. Derfor hadde han løyve til å ha motorbåt. Sigrun Solberg hyrte han til å skaffe agentane naudynte forsyningar.

Roska-stasjonen 

Neste oppdrag var stasjonen Roska, også i dette området, oppretta den 20.08.1944. Denne gongen hadde Svardal med seg Fredrik Persen frå Bergen. Dei ville no skifte opphaldstad for skuld dei tyske peilestasjonane. Solberg sine tilrådde då Isak Bredvik i Breivika. Han var ein mann ein kunne stole fullt og heilt på. Bredvik støtta straks agentane, og dei etablerte seg i førstninga ved Husefestvatnet. Dei sende stadig meldingar om tysk sjøtrafikk over til etterretninga i London. Dei hadde framifrå utsyn over leia, men tykte staden låg litt langt frå folk. Difor såg dei seg ut ein gøymeplass like ved garden til Breivika. I ein kilometer lang bergvegg er der ei skor med ei utilgjengeleg ur nedunder. Over denne ura laga dei seg ein gøymestad. Dei fekk tømrar Magnus Uren til å snekre ei solid lita bu. Denne vart deretter dekka til. Den var uråd å sjå frå over skrenten, og kom du opp gjennom ura kunne du krype rett framom utan å merke noko. Difor kjende dei seg heilt trygge her.

Dei var rett ofte nede hos Isak Bredvik, og det utvikla seg eit nært venskap mellom dei som budde på gardane og dei to agentane. Svardal hadde ei poetisk åre. Ingrid Kjørlaug Fromreide budde hos besteforeldra i Breivika på denne tida. Til fødselsdagen sin i august 44 fekk ho eit langt dikt av Svardal. Mor hennar fekk også eit dikt. Dei vågde diverre ikkje å ta vare på dikta. Tidlegare hadde Sigrunn Solberg fått. Også ho fann å måtte brenne diktet. Derimot tok faren henner, Simon, vare på det han fekk, av di det ikkje kunne avsløre noko. Det lyder slik:

Det er krig fra øst til vest –

helvete på jord!

Sorg og død er en hyppig gjest,

Bror kriger mot bror.

Men midt i dette virvar fødes i en stall,

et gledens bud!

En frelser som bevirker djevelens fall,

en sønn av Gud.

I dag vil vi glemme vår sorg og nød –

hør hans røst!

Borte er synd, borte død,

han har oss forløst.

Peila av tyskarane

Tyskarane hadde utetter i krigen skjerpa vakthaldet langs kysten, og fått betre peileapparat. Dei var merksam på at agentar opererte radiostasjonar, og sende løynde meldingar over til dei allierte. Dette ville dei ha slutt på. Difor sette dei i gang ein storaksjon for å peile inn dei ulike stasjonane. På den førre stasjonen hadde Svardal skifta på sendestadene. Men no nærma det seg krigsslutt. Han var overtydd om at tyskarane hadde andre ting å tenke på. Dei peilte frå ei vanleg fiskeskøyte som agentane etter kvart vart merksame på. Ho gjekk fram og tilbake langs kysten frå Årebrotet og forbi Botnane. Men tyskarane hadde sendt to spesialskip med det mest moderne peileutstyr til Noreg. Desse kunne ligge på lang fråstand og få nøyaktige peilingar. Jamvel om dei var varsame, fekk difor Gestapo etter kvart eit klårt bilete av kvar agentane heldt stad.

Engelskmennen hadde tidleg i krigen brote den tyske koden. Alle viktige data vart sende til Tyskland, og ordrar vart gjevne derfrå. På kodestasjonen i Selhurst Park utanfor London dechiffrerte dei ei melding. Tyske troppar ville gå til aksjon mot stasjonen Roska. Det vart straks sendt melding til Svardal. Agentane måtte snarast tilbake til England. Svardal var like logn. Dette var ikkje turvande. Han var overtydd om at tyskarane aldri ville finne gøymestaden over ura. Men det vart avtalt at dei skulle hentast ut den 14.mars.

På Seljestokken hadde dei då krigen byrja, ei utleigeskøyte som vart hyrt av handelsreisande. Det var ein smekker og rask båt med namnet ”Sonja”. Under krigen vart denne kverrsett av tyskarane. Dei gav han det talande namnet ”Brünhilde”. Med denne kom Gestapo saman med om lag 30 tungt væpna soldatar til Husefest om morgonen den 13. mars. No skulle agentane på stasjonen Roska takast. Diverre ante folket i Breivika ingenting om aksjonen, og fekk ikkje gjeve melding om fåren som truga.

Den tyske peileskuta hadde funne ganske nøyaktig i kva retning dei norske agentane måtte halde til, men dei tok litt feil av fråstanden. Trudde dei gøymde seg ved Husefestvatnet. Frå Husefest drog dei difor rett opp til vatnet. Dei hadde hatt spanarar i området, og dei sveipa seg no vestetter og nærma seg høgdedraget ved Breivika.

Svardal og Persen hadde ikkje sett at tyskarane var på leiting etter dei, og var uforsiktige. Laga seg mat og kokte kaffi. På veg ned frå fjellet merka tyskarane  kaffilukta og gjekk etter denne. Som sagt var gøymestaden umogleg å sjå, særleg om ein kom frampå den stupbratte bergveggen. Men dei to motstandsmennene hadde  ikkje teke ned antenna til sendaren. I enden på denne var der ein kvit isolasjonskopp. Denne oppdaga tyskarane, og då var det berre å følgje leidningen.

Stasjonen vart omringa, og det var ingen rømingsveg. Dei to sette seg til motverge, og Svardal vart råka av ei kule i magen og fall om. Persen fann  at all motstand var nytteslaus, og overgav seg. Han vart ille torturert, og dregen medvitslaus ned til Breivika. Der vart han slengt blødande på kjøkengolvet hos Bredevik.

«Berre sei det som det er, Isak»

Ingrid Kjørlaug Fromreide budde i Breivika hos bestemor i 1944-45. Isak  var morbror. Ho hugsar svært godt kor forferdeleg det var då skytinga byrja. Isak var på Dyrstad med båten for å hente materialar. Motstandsmannen Magne Sørbotten frå Botnane var ”dreng” i Breivika. Då det heile starta, skunda han seg til Botnane og fekk ringt Dyrstad og gjeve melding til Isak. Isak var ein svært roleg kar, og umogleg å få ut av balanse. Han tok sjansen på å dra heim att. Kom tilbake like etter at tyskarane hadde kome ned med Persen.

Gestaposjefen Kästing, som leia operasjonen, drog Isak Bredvik ut på kjøkenet, peikte på den blødande Persen og spurde brysk om han kjende denne mannen. Isak rista på hovudet, og svarte nei. Då opna Persen augene og stønna fram: ”Berre sei som det er, Isak. Eg har fortalt alt.”

Det var ein avtale mellom Isak og dei to agentane om kva som skulle seiast om stasjonen vart teken, og Isak fortalte dette. Han vart straks arrestert og ført om bord i gestaposkøyta.

Vaksne menn heilt til Botnane vart samla av tyskarane og kommanderte til å bere alt utstyret agentane hadde hatt, ned i Breivika. I heimane ikring skalv koner og born. Var overtydde om at no vart mennene skotne, eller sendt rett i fangenskap til Tyskland. Merkeleg nok fekk dei dra heim att om kvelden.

Då alle saker var borne ned, lurte Ingrid seg opp til hytta. Kroppen til Svardal låg klårt i dagen. Det er mogleg at han enno ikkje var død. Om kvelden sette dei tyska soldatane fyr på hytta. Svardal let dei berre ligge. Folk fekk ordre om at ingen hadde lov til å gå opp i skora.

Truga med å brenne husa

I Breivika fekk dei melding frå Kästing om at neste dag ville han kome att med ”Die Einsatzgruppe” og sprenge og brenne husa i Breivika, slik det hadde vore gjort i Televåg tidlegare under krigen. Ingrid vart forfereda, og sa:

”Det må de ikkje gjere, for då har vi ingen stad å bu.”

”Det betyr ikkje noko for deg,” svarte han med ein kaldflir. ”Du skal vere med oss.”

Neste dag venta dei i angest i Breivika. Og dei hadde grunn til å ottast. Skøyta med Die Einsatzgruppe var undervegs. Alle hus i Breivika skulle øydeleggast, og mennene sendast til konsentrasjonsleir. Nesten framme fekk det stoppordre. Dei måtte straks gå til Staveneset for å vere med i aksjon mot gruppa til Dagfinn Ulriksen på stasjonen Gaupen.  Såleis vart det ikkje noko av aksjonen i Breivika, og husa står der den dag i dag.

Isak Bredvik spelte dum

Isak Bredvik, Magnus Uren og Dagfinn Hjertenes vart arresterte og sette i fengsel i Bergen. Dei to første vart raskt overførte til fangeleiren på Espeland, medan Bredvik vart sittande i einecelle til krigen slutta. Alle tre overlevde. Det var dødsstraff for å hjelpe agentar som vart rekna for terroristar, og til vanleg vart alle skotne. Det har sikkert betydd mykje at den tyske kapitulasjonen måtte vere nær. Verst ute var sjølvsagt Isak Bredvik. Under forhøyra spelte han svært dum. Tyskarane trudde etter kvart at han var ein undermåls.  Sigrunn Solberg slapp unna tyskarane i siste augneblinken då dei skulle hente henne. Ho fekk gøymt seg bak eit steingjerde, og flykta i eit forferdeleg vêr innetter til Nordalsfjorden. Her vart ho halden gøymd av slektningar til krigen var slutt.

Merkeleg nok vart heller ikkje Fredrik Persen skoten. Liksom Bredvik vart han ført til Gestapo sitt hovudkvarter i Veiten. Han vart utsett for lange og harde forhøyr. Ved eit tilfelle fekk han og Bredvik samtalt seg imellom, og fekk samordna forklaringane sine. Den 7.mai vart han ført til Bergen Kretsfengsel. Her var han stilt opp mot ein mur. No var slutten komen, tenkte han. Men nei, han vart sett på einecelle. Litt seinare på dagen vart døra opna, og vaktaren kunne fortelje at freden var komen.

Mellombels gravlagd i sinkkiste

Liket av Atle Svardal vart ikkje liggande lenge i fjellskora. Vener i Florø tykte det var uhøyrt at den døde skulle ligge oppe i dagen der ville dyr og fuglar kunne kome til. Blikkenslagar Alf Apneseth laga ei sinkkiste til å legge liket i, og Apneseth, broren til Atle, Per Svardal og Odd Nybø drog i løynd av garde til Seljestokken. Dei hadde bede Thor Seljestokken om å vere med. Det var han, Odd Nybø og Alf Apneseth som klauv opp til skora, og fekk levningane opp i kista. Per Svardal, klarte ikkje å vere med på arbeidet. Det nedbrente taket hadde lagt seg over liket, og rovfugl og dyr hadde ikkje kome til. Kolet hadde også gjort til at mykje var bevart.  Likevel var det eit ulysteleg arbeid. Den døde vart lagt opp i sinkkista. Dei vågde ikkje å føre denne tilbake til Florø, men grov ho ned i ei myr på veg mot Seljestokken. Etter krigen vart det bestemt at Atle Svardal skulle gravleggast den 14. august. Heimefronten hadde ein vaktstyrke i Florø. Dei av styrken som hadde sovande vakt, drog den 13. til staden der han låg, grov opp sinkkista, og sette denne ned i ei vanleg likkiste. Denne vart ført til Florø og sett i kyrkja om kvelden den 13. Under gravferda dagen etter var kyrkja fylt til siste plass av folk som ville vise Svardal den siste vørdnad. Aldri har ein sett eit større gravfølgje i Florø.

Svardal hadde gifta seg i England i 1943 med australske Ede Jeanin Maigre. Dei hadde ein son som også bar namnet Atle.  Ho drog tilbake til Sydney i Australia. Sonen Atle omkom i ei vådeskotsulukke. Seinare gjorde Ede Jeanin eit oppofrande arbeid for den norske sjømannsmisjonen.

Dei redda mange liv

Atle Svardal og Fred Persen sende svært viktige meldingar til England om tyske skipstrafikk, ikkje minst om forflytningane av tyske krigsskip. Såleis kunne dei allierte ta åtgjerder og hindre dei tyske slagskipa og kryssarane å kome ut i Nordishavet og øydelegge konvoiskip på veg til Murmansk. Arbeidet deira redda såleis mang ein krigssiglar sitt liv. Når det var nordmenn som var ettersøkte av tyskarane for motstandsarbeid, formidla ROSKA transport til England. Aktiviteten til dei hemmelege agentane overtydde Hitler om at den allierte invasjonen ville kome i Noreg. Difor let han store troppestyrkar bli ståande her i landet. Dette gjorde at den allierte sigeren på aust- og vestfronten gjekk mykje raskare enn han elles ville ha gjort. Innsatsen til Svardal og Persen kan ikkje skattast høgt nok.

Kjelder:

Samtalar med:
Bjørg Gulestøl Mundal, Ingrid Kjørlaug Fromreide, Sigrunn Solberg og  Norvald Seljestokken.

Avisartiklar:
Lokalaviser og andre

Bøker:
Bjørn Rørholt: ”Usynlige soldater

Arnfinn Haga: ”Natt på Norskekysten”, ”Kystens partisaner” og”Rapport frå utpostene”.

Brorson til Atle Svardal, Per Dan Svardal, har vore til stor hjelp med å skaffe fram dokumentarisk stoff.

Atle Svardal etter møte med Kong Haakon etter første oppdraget sitt som agent på  Gåsøya. Han hadde ikkje vaska seg på eit halvt år, og skjegg og hår hadde grodd  som det ville. Etter møtet med Kongen bar det rett i badstu, og så til frisør. Ikkje rart han er blid.

Atle Svardal i politiuniform.

Isak Bredvik var ein svært roleg kar, og umogeleg å få ut av balanse.