– Abraham var ein utprega maktpolitikar

– Abraham Øvrebotten fekk eit ettermæle som ein av dei sentrale politikarane frå Bremanger i si tid. Han var med i kommunepolitikken i ein mannsalder, var ordførar i 12 år og sat på fylkestinget i 16 år. Abraham hadde eit uvanleg godt lag til å bli kjend med folk, han kjende heile fylket og var på førenamn med dei fleste. Han var ein utprega maktpolitikar. Når batteriet var tomt reiste han heim til Botnane for lading, snart klar til nye dystar og debattar, oppsummerer Johs. B. Thue, tidlegare fylkesleiar og fylkespolitikar for Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

For Anne Lise Gilleshammer sin del hadde Abraham Øvrebotten sitt å seie for at ho vart den fyrste kvinnelege leiaren i Sogn og Fjordane Arbeidarparti i 1982, men det byrja med at han verva henne til partiet. Mannen hennar, Reidar Haugen, var leiar i Bremanger Arbeidarparti og hadde bedt meg seg Abraham heim etter eit årsmøte:

– Reidar gjekk på do og Abraham kom inn i stova til meg og det fyrste han sa var: «Eg har tenkt at eg vil ha deg med i Arbeidarpartiet». Eg takka ja før Reidar kom og fortalde at dei på årsmøte hadde bestemt at alle skulle verve eitt medlem kvar. «Så eg har tenkt å gjere det enkelt med å verve deg». «Det har eg alt gjort», sa Abraham fornøgd. Når eg spør Anne Lise Gilleshammer kva politikartype Abraham var tykkjer ho det er vanskeleg å svare på det.

–  Han var ein svært samansett type, både som person og politikar. Men han var VEKSTPOLITIKAR med store bokstavar. Han kom med i kommunepolitikken på den tid dei store fiskeria svikta, og Smelteverket i Svelgen fekk mykje å bety. Halve Bremanger for til Svelgen og fekk seg jobb på Verket. Det var viktig for etterkrigsgenerasjonen.  Og her var det kraftutbygging utan debatt og motstand. Bremanger kommune klarde seg godt. Ja, vart ein rik kommune, samanlikna med andre, som hadde mest fiske og jordbruk som leveveg.

– Hugsar du saker og hendingar han var særleg nøgd med?

–  Ja, eg hugsar då vi fekk den snøggåande skyssbåten «Bremanger» i 1973. Det trur eg han Abraham opplevde som det største framsteget som hadde skjedd. Men den båten førde òg til at vi la ned alle småskulane rundt om i bygdene. Han arbeidde også mykje med å få til rådhuset i Svelgen, etter at kommuneadministrasjonen vart flytta frå Kalvåg til Svelgen (etter kommunesamanslåinga med deler av gamle Davik i 1964). Han la ned mykje arbeid i det, og var veldig stolt av det moderne rådhuset vårt då vi opna det i 1971/72. Abraham likte å stelle til store tilstellingar. Då skulle alt vere på stell, minnest Gilleshammer.

– Men han Abraham fanst ikkje interessert i vegar. Det var ikkje hans greie. Det følte vi på og irriterte oss over. Han likte veldig godt å reise med båt, då fekk han tid til å prate med folk, og eg trur aldri han såg føre seg å køyre bil sjølv.  Abraham var jamt over ein framsynt politikar, men han såg ikkje kva betydning vegutbygginga skulle få for samfunnsutviklinga og samferdsla, også på kysten. Det var ikkje berre i Botnane de var frustrerte over det.

Støttande og lojal

Anne Lise Gilleshammer kom inn i Bremanger kommunestyre i 1968. Ho var det ho rekna som «listefyll» på Ap-lista, men også leiar i Husmorlaget. Det vart kvinnekupp og ho vart vald inn med like mange røyster som Abraham, som var kumulert. –  Det var ingen sure miner for det. Vi var valde inn på eit godt gjennomarbeidd program med krav om minst ei kvinne i kvart utval, og bygging av barnehagar og leikeplassar. Han gav meg beskjed om at no måtte eg føreslå, både kvinner og tiltak, «så skal eg støtte deg i alt du seier». Og det gjorde han. Han var veldig lojal mot både meg og partiprogrammet.

Ho hugsar godt eit formannskapsmøte der ein eldre, dresskledd mann, frå ei bygdeliste i Ytre Bremanger, tykte det gjekk vel langt med denne «kvinnerepresentasjonen». – Då vi kom til samferdsleutvalet utbraut han: «I samferdsleutvalet skal det i alle høve ikkje vere med noko kvinnfolk!» Men Abraham synte berre til det som stod i programmet vårt, og slik vart det.

Stolt av av Oline og oppteken av kle

Anne Lise Gilleshammer hugsar elles at Abraham var veldig kry og stolt av kona si, Oline.
– Han beundra henne, og det hadde han vel grunn til. Ho hadde så fine auge, hugsar eg han sa. Det var ikkje vanleg at karar i hans generasjon snakka om at dei tykte dei hadde ei fin kone, ja, sa det uoppfordra til andre. Han la heller ikkje skjul på at det var ho som stod for mykje av arbeidet heime, og gjorde at han kunne vere så mykje vekke.

Ein annan ting Anne Lise Gilleshammer merka seg, som heller ikkje var så vanleg, var at Abraham var så interessert i kle og kvalitet. Det skulle vere skikkeleg det han gjekk i. Til mannfolk å vere var han veldig oppteken av kleskodar, å vere «rett kledd» til ulike høve. Det er kanskje meir vanleg blant menn no, men ikkje i hans tid.

Eg intervjuar Gilleshammer og Thue kvar for seg, på telefon, og vi snakkar lite om kva den andre har sagt. Men også Thue trekkjer fram kor viktig det var for Abraham å vere velkledd. – Han var alltid velstelt og utruleg velkledd, i dei flottaste slips, lyse jakker og fargekombinasjonar.  Det var uvanleg at gardbrukarar var opptekne av slikt, og eg trur det overraska mange, meg sjølv medrekna, seier Thue.

Ein samlande og god ordførar

– Abraham var ein flink ordførar, seier Anne Lise Gilleshammer. – Det var ikkje så mange i administrasjonen på den tid og han styrde kommunen på ein god og samlande måte. Det var mange bygdelister den gongen, men dei røysta på han som ordførar. Han var ikkje konfliktsøkjande, eg trur eigentleg ikkje at han likte konflikter så godt. I dag ville han vel blitt kalla «løysingsorientert». Men han vart aldri nokon folketalar. Det var springande greier når han heldt innlegg. Den eine assosiasjonen tok den andre og det var ikkje lett å fylgje tankerekkjene hans. Du måtte i alle høve venje deg til dei. Når han skulle halde skrivne talar såg du på heile fyren kor han vantreivst med manus.

– Han var best i fri dressur ?

– Ja, så absolutt. Han var best når han hadde krota ned nokre stikkord på lause lappar, og kunne snakke fritt. Då såg han ut i lufta, som om han henta inspirasjon derifrå. Han var kunnskapsrik og kvikk i hovudet, hadde naturleg autoritet, ein god replikk og var også sjarmerande. Han kunne vere veldig avvæpnande i debattar og fekk oss ofte til å le.

– Men mange var også redde han?

– Ja, han var skarp i replikken og kunne «drepe» med blikket. Han hadde særleg lite tolmod med folk han ikkje tykte hadde noko å fare med. Han var stor og ruvande, kvass i blikket og god i kjeften. Eg trur folk var mest redde for kva han kunne kome til å svare dei, for han var ofte treffande i replikken. Difor var det nok mange som kvidde seg for ein debatt med Abraham Øvrebotten.

Sjukehussaka var vanskeleg

Når eg spør Anne Lise Gilleshammer kva saker som var vanskelege for Abraham er det sjukehussaka som er det mest openberre svaret.

–  Det stod mellom Florø og Førde, og han var tilhengar av å bygge sentralsjukehuset i Førde. Han var i mindretal i partiet, både lokalt og i fylket. Han fekk mykje kjeft, men stod i det. Førde var utpeika til vekstsenter og Abraham var ein overtydd vekstpolitikar, og godtok den sentraliseringa som følgde med. Han var framsynt og såg at vi ikkje kunne beholde alle dei fire sjukehusa vi hadde den gongen. I Bremanger ville vi bygge nytt sjukehus i Florø, men ikkje midt i byn, slik som dei ville i Flora.

– Var han best som kommunepolitikar eller fylkespolitikar?

– Eg meiner han var best som kommunepolitikar, men eg trur han treivst best som fylkespolitikar. I fylkespolitikken var det fleire han kunne bryne seg på, og det likte han. På møta i fylkestinget bladde og las han i Bergens Tidende, prata med sidemannen og følgde med på møte samstundes. Det meinte han gjekk heilt fint!

På same måten som han verva Anne Lise Gilleshammer som medlem i Arbeidarpartiet var han aktiv då ho kom inn i fylkesstyret for Sogn og Fjordane Arbeidarparti i 1980.

– Han ringde meg gledesstrålande ein søndagskveld og sa at eg ikkje ville tru kva som hadde skjedd! Eg var blitt styremedlem i fylkestyret! Eg vart heilt fortvila. Ikkje var eg spurd, ikkje hadde eg lyst, og dessutan hadde eg meir enn nok å gjere lokalt. «Eg vil ikkje», sa eg. «Det må du, for du er vald», svara Abraham. Han kunne rett og slett ikkje fatte og begripe at eg ikkje tykte det var fantastisk. For Abraham var politikk det kjekkaste og mest interessante du kunne drive på med, seier Anne Lise Gilleshammer. Året etter vart ho valt til nestleiar, og i 1982 vart ho den fyrste kvinnelege leiaren i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, eit verv ho hadde til 1988.

Johs. B. Thue: – Abraham snakka med og «kjende» alle

Johs. B. Thue hugsar Abraham som eit fargerikt menneske, som det var kjekt å bli kjend med, både som politikar og person. Men det var ikkje alltid like kjekt å diskutere med han, for han kunne vere svært personleg og gjekk ikkje av vegen for å skjelle ut dei han var usamd med.
– Han var ein utprega maktpolitikar, med masse hersketeknikkar, både bevisste og ubevisste. Det kunne gjere mange utrygge i møte med Abraham, meiner Johs. B. Thue.

Men samstundes minnest han ein mann som folk flokka seg rundt og gjerne ville sitte saman med kring bordet. Der var det debatt og sterke meiningar, gode historier, lått og løye. Thue  kan ikkje hugse å ha møtt noko anna menneske med eit så imponerande kontaktnett som Abraham hadde. – Det var i alle lag av samfunnet, både lokalt og nasjonalt. Abraham «kjende» liksom alle. Det var ikkje ein matros på ei ferje han ikkje hadde prata med og spurt kven var? Thue meiner det er ein enorm styrke hjå ein politikar å snakke med folk slik, høyre kva dei er opptekne av og kjenne på trekken i tida.

– Sjølv om mange kvidde seg for å rive kjeft med han Abraham var han omtykt og ein som snakka med «alle». Han var eit svært kontrastfylt menneske, både hard og mjuk. Det var til dømes under hans myndige leiarskap i Helse- og sosialutvalet i fylket at dei fylkeskommunale tenestene for psykisk utviklingshemma vart bygde ut til dei beste i landet, og psykiatrien vart samla til beste for dei som trong den og familiane deira.

Fyrst og fremst forsvarspolitikar
Thue peikar på at det tidsrommet Abraham var politikar i, var ei uroleg tid, både i verda, politikken og Arbeidarpartiet. Det var ikkje lett å vere politikar i den tida, heller ikkje lokalt, meiner Thue.

– Mange vil hugse Abraham som kraft- og helsepolitikar, men når eg tenkjer på han i ettertid vil eg fyrst og fremst kalle han forsvarspolitikar. Han var svært oppteken av Forsvaret generelt og Heimevernet spesielt. Han ivra til dømes i mange år for å få på plass ein heimevernsinstitusjon i Sogn og Fjordane. Det var ein årelang lokaliseringskamp før HV10 på Jølster vart vedteke i 1987, då Johan Jørgen Holst var forsvarsminister. Norulv Øvrebotten, son til Abraham, var politisk rådgjevar for Holst (1986-88). Det var Abrahamn, naturleg nok, stolt av, og eg hugsar godt kor fornøgd Abraham var då HV10 på Jølster vart vedteke.

Meir og meir sansen for «kraftsosialistane»

– Kva då med det mykje siterte utsagnet «Alt vatn som ikkje renn i røyr er ein uting»?

– Ja, det er eit gamalt syn i Arbeidarpartiet, som Abraham absolutt stod for, og klarde å spissformulere slik at den utsegna blir ståande att etter han. Det var ikkje så nøye med konsesjon før ein byrja bygge krafttunellane, det var fyrst når ein kopla på vatnet at ein trong konsesjon. Vi har til dømes historia om då industrikomiteen på Stortinget kom til Sognefjellet på synfaring. Dei kom for å vurdere om dei skulle gje konsesjon, og det var 100 mann i arbeid med tunelldriving!

Men Johs. B. Thue har etter kvart fått meir og meir sansen for «kraftsosialistane» og det dei stod for. – Dei var opptekne av å nytte naturressursane til felleskapet sitt beste, dei tok ikkje ut store styrehonorar og selde ikkje arvesølvet til utlandet. Det var det Senterpartiet, med Eivind Reiten som olje – og energiminister (i Syse-regjeringa 1989-90) og seinare liberalistar, i ulike parti, som gjorde, seier Johs. B. Thue. Det var godt å få sagt det, legg han til.

Intervjuar Magni Øvrebotten – 10. og 11. april 2020

Fotografia av Abraham og Oline Øvrebotten er tekne av fotograf Hans Jørgen Bruun, i Bergen, i 1986. Diverre er ikkje attgjevinga av dei god, då dette er bilete av fotografia.

Abraham Øvrebotten (1922-92). Budde i Botnane heile livet, gardbrukar og politikar. Gifta seg i 1947 med Oline Sande (1919). Dei fekk tre born: Vigdis (1948), Ingunn (1951) og Norulv (1955).

Abraham Øvrebotten kom inn i Bremanger kommunestyre i 1951, på ei upolitisk bygdeliste. Han sat der, utan avbrot, til 1979. Frå 1963 var han med i formannskapet, frå 1964 som varaordførar. Han var ordførar i Bremanger, for Arbeidarpartiet, frå 1968 til 1979.

Han sat 16 år i Sogn og Fjordane fylkesting. Fyrst åtte år som ordførar, i fire av dei var han med i fylkesutvalet.  Etter at det vart direkte val til fylkestinget sat han der i to periodar, frå 1980 til 1988. I desse åtte åra var han leiar for helse- og sosialutvalet.

Anne Lise Gilleshammer (f.1939), Frå Kjølsdalen, busett i Svelgen sidan 1961. Medlem av Bremanger kommunestyret frå 1968 til 1980, åtte år i formannskapet. Leiar av Sogn og Fjordane Arbeidarparti 1982-88, og sat samstundes i Arbeidarpartiet sitt sentralstyre. Medlem av Sogn og Fjordane fylkesting 1988-91. Arbeidde i kommuneadm. i Bremanger frå 1971 til 2003.

Johs. B. Thue (f. 1940). Frå Balestrand. Leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti 1988-93, og medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet i same tidsrom. Medlem av Sogn og Fjordane fylkestinget 1981-93, ei tid også i fylkesutvalet. Hovudfag i historie, høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 1975-83, rektor i 1981-83. Redaktør i Sogn Dagblad 1994—97 og forfattar av ei rekkje bøker.