Magni Øvrebotten:

Om Sigrun Solberg og andre motstandskvinner

Tale ved avdukinga av krigsminnesmerke i Florø 8. mai 2020.

«Vi såg vel aldri på henne som ein helt. Heltar, dei gjekk ikkje i uttrakka, avskorne gummistøvlar og rutete forkle. Eller kom på basaren i blå gabardinkåpe. Heltar gjekk ikkje på basar i det heile. Dei hadde anna å gjere».

«Det var ikkje krigen som stod i tunet på Solberg. Ikkje fedrelandet som kalla med tung og malma røyst. Det var menneske i mørkret, som trong hjelp. Dei hadde bruk for henne».

«Krigsåra gjekk. Agentar kom og for. Ho Sigrun kunne dei lite på. Ho var der støtt. Ho kom gåande skogalangs så ingen skulle sjå. Ho kom stilt roande i landskuggen, for ingen måtte sjå og ingen måtte høyre. Om dei såg og høyrde så måtte dei ikkje forstå».

«Då stasjonen fall ein tidleg vårdag i 45 måtte ho på skogen ho òg. Vi ville ha heltar med stengunn i neven og korslagde patronbelte. Heltar med fiendelik i haug og dunge ville vi ha. Ho Sigrun høyrde ikkje til i det biletet. Ho hadde gjort det ho kjende som plikt.»

«Då freden kom vende ho heim etter nokre veker i dekning. Då var det kvardagen som stod i grinda og tok i mot ho. Møkka måtte ut om det var fred i landet».

Dette er sambygdingen Fridtjov Urdal si jordnære skildring av Sigrun Solberg og krigen. Betre kan det ikkje seiast. Ho såg ganske visst ikkje på seg sjølv som nokon helt, ho gjorde berre det ho tykte ho måtte gjere. Attåt garden og stell av gamle foreldre, og otten for to brødre i tysk fangenskap. Ho var av dei som kunne teie og te seg slik at ingen spurde, pliktkjensla var ei rettesnor i livet og sjølv sa ho at «det vart no berre slik».

I dag har Sigrun Solberg kome på sokkel, saman med Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen. Dei to karane som banka på utedøra på Solberg 21. august 1941, og ba om hjelp.
Det fekk dei; med husly, transport og mat, helgar og julekveld på Solberg, beskjedar til og frå andre hjelpesmenn. Sigrun vart deira auge og øyre i kvardagen dei sjølve ikkje lenger var ein del av. To av dei som hjelpte henne med dette var far og son Daniel og Dagfinn Hjertnes.

Kvinnene måtte bli

Sigrun Solberg ville heilt sikkert tykt at det er storveges at det vert sett opp eit minnesmerke over Svardal og Ulriksen, men som kvinne i sin generasjon ville ho truleg ha vore brydd over å stå der sjølv. «Det er no så altfor mykje», som dei brukte å seie.

Difor er det så fint at ho står der både for eigen innsats, og som representant for alle dei kvinnene som var med og gjorde det mogeleg å drive motstandsarbeid under krigen.
Med mat, vaska og bøtte kle, omsorg og ansvar for ungar, gamle og sjuke folk og heile gardsdrifta, og andre næringsvegar. Kvinnene kunne ikkje fare frå alt dette, dei måtte bli. Åleine med frykta for kva som kunne skje. Det galdt å ikkje sleppe ho til. Arbeid dag og natt, helg og ørke, var god hjelp i så måte. Men ho sette seg i kroppen for livet.

«Eg laug så mykje under krigen»

«Eg laug så mykje under krigen at eg lurde på om eg kunne snakk sant meir då han var over». sa Besta mi, Magna, når eg ba henne fortelje om krigen. Saman med den 15- 16 år gamle dottera Oddbjørg, stod ho for maten til dei som gøymde seg i hus, uthus og hytte i Botnane. Ein av dei som låg i kammerset heime var Linge-mannen, og den seinare krigshistorikaren, Ragnar Ulstein. Besta kunne aldri snakke om han utan å seie: «Han såg ut som ein gutunge då han kom her». Med all den omsut som låg i det utsagnet.

Mannen Thorbjørn og sonen Arne var offisielt farne til England, så ingen måtte sjå dei eller andre som gøymde seg i skogen. Heime på garden var det dei to kvinnene og ei gamal bestemor. Det var farleg når det kom folk i hus og såg kor mykje mat dei laga, for det kunne skape mistankar, for tre kvinnfolk trong då ikkje så mykje mat. Det var bale med store gryter på vedkomfyren, fulle av komler, når du ikkje fekk røre i dei, fordi besøket ikkje ville gå. Det kunne kome heilt frå Kalvåg for å høyre om det «ikkje låg att noko tobakk etter karane?»

På det meste var det 6-7 mann som skulle ha mat. Det gjekk i komler, spekesild, røykesild og graut av krigsmjøl, natronkaker og potetkaker i uendelege mengder. For poteter hadde dei nok av. Faster Oddbjørn er i dag 91 år og hugsar framleis at ho hadde store blemmer i hendene over all kjevlinga.  Det var ho som gjekk med matspanna til skogs og sette dei på avtalte plassar, i urdar, der faren henta og bar dei vidare. Ingen måtte sjå eller høyre dei, skyming og bekmørkna var tryggast. Aldri ope lende.

«Besta grein ikkje i utrengsmål»

Det var også ho som sprang til skogs for å hente faren heim for å snakke med Isak i Breivika når han kom med beskjedar. Isak kom alltid etter at det var mørkt og la seg å sove til ho kom att. Det galdt å kvile når ein kunne.

Ein slik kveld hugsar Oddbjørg at mora gav uttrykk for at ho var redd, ho byrja grine og utbraut; «Eg kjem ikkje til å sjå deg levande att om du går i kveld».  Besta grein ikkje i utrengsmål, men denne eine kvelden hugsar dottera at alt arbeidet, ansvaret og frykta ho levde med rann over. Men dei kunne ikkje gje seg over. – Å vere redd har ein ikkje råd til i slike situasjonar, då får ein ikkje gjort noko, seier Oddbjørg i dag.

Roa deira kom vel med den dagen tyskarane kom på døra for å fange karane, 13. mars 1945, også då var det berre kvinnfolk heime. Kesting og kompani kom rett frå Breivika, der dei hadde skote Svardal, kverrsett Roska-stasjonen og kommandert ut alle mennene i Botnane til å bere ned utstyret. Sigrun Solberg visste ikkje kva som hadde skjedd før neste dag. Då måtte ho ryme og late to gamle foreldre site att til ein usikker lagnad når tyskarane kom.

Ei skam for etterkrigs-Norge

Det er ei skam for etterkrigs-Norge at alle dei motstandskvinner og – menn som ikkje bar uniform under krigen fekk så lite takk for innsatsen etterpå. Mange gjekk i grava utan, andre vandra på randa av grava då dei vart takka. Aller minst takk fekk kvinnene.

Heldigvis vart Sigrun Solberg 100 år, så ho rakk å få si takk og påskjøning. Heldigvis vart også krigshistorikaren Ragnar Ulstein mest 100 år. Han arbeidde mykje for at ukjende motstands-kvinner- og menn skulle bli heidra. Men skjemdavitet sat ofte langt inne hjå dei han måtte overtyde om at dei fortente det. Og dei som fekk heider hadde ilt av å tenkje på alle dei som ikkje fekk.

I dag står motstandskvinna Sigrun Solberg her på sokkel, saman med dei fyrste som banka på og ba om hjelp. Til heider for dei tre og andre som gjorde motstand under andre verdskrig. Ikkje for at vi skal sole oss i glansen, men som ei påminning til oss og komande generasjonar om at ingen kamp og ingen fred er vunnen for alltid. Då gjeld å kjenne si historie, også den lokale historia. Diktaren Jan-Magnus Bruheim formulerte det slik:

Veit vi ikkje noko om det som har vore,
vil vi heller ikkje klårt kunne sjå det som er.

Veit vi ikkje kvar vi står,
veit vi heller ikkje kvar vi skal gå.

«I dag har Sigrun Solberg kome på sokkel, saman med Atle Svardal og Dagfinn Ulriksen. Dei to karane som banka på utedøra på Solberg 21. august 1941, og ba om hjelp.
Det fekk dei; med husly, transport og mat, helgar og julekveld på Solberg, beskjedar til og frå andre hjelpesmenn. Sigrun vart deira auge og øyre i kvardagen dei sjølve ikkje lenger var ein del av. »

«Sigrun Solberg ville heilt sikkert tykt at det er storveges at det vert sett opp eit minnesmerke over Svardal og Ulriksen, men som kvinne i sin generasjon ville ho truleg ha vore brydd over å stå der sjølv. «Det er no så altfor mykje», som dei brukte å seie.»

«Det er ei skam for etterkrigs-Norge at alle dei motstandskvinner og – menn som ikkje bar uniform under krigen fekk så lite takk for innsatsen etterpå. Mange gjekk i grava utan, andre vandra på randa av grava då dei vart takka. Aller minst takk fekk kvinnene.»