Gravstaden
i Botnane
Gravstaden vart teken i bruk i 1899 og er framleis gravstad for Botnane. Jan-Magnus Bruheim såg på gravstaden som bygda si historiebok, der kvar grav fortel si historie. Diktet Tri grannar er inspirert av skikken med at to-tre menn frå bygda grov grava når nokon døydde. Slik var det heilt til maskinene tok over for handmakta då det kom ferjefri veg til bygda i 1993.
Skilta heng under tak på gravstaden og vert dermed ikkje vaska av regnet. Difor legg det seg salt sjørôk på skilta, som rustar og treng jamnleg rensing og vask.
Forfattaren sjølv les
I opptaket under kan du høyre Jan-Magnus Bruheim lese diktet Tri grannar. Opptaket er henta frå ein kasett Bruheim las inn dikt på til ein blind ven.