Eit spesielt år – også for BÅG

2.april 2021

Til alle medlemmene i BÅG

Dato og stad for årsmøte er endå ikkje endeleg fastsett. Men når vi får vite nye smittevernreglar den 12.april vil styret ta ei avgjerd om det går å ha det, eller om vi må vente endå ei stund. Det går å halde årsmøte digitalt, men styret vil helst ha det som vanleg.

Saksapira er klare. De finn dei med å klikke på lenkjene under.

I tillegg til vanlege årsmøtesaker skal årsmøte i år ta stilling til om grendalaget skal ta over eigedomen til Partslaget Årebrot grendahus. Eit ekstraordinært årsmøte i partslaget har vedteke å løyse opp laget og overføre eigedomen til Botnane og Årebrot grendalag. Litt om saka og innstilling frå styret finn de under ei av lenkjene under, saksutgreiing og innstillingar.

Rekneskapen er levert til revisjon. Rekneskapen er eit kontantrekneskap. Det betyr mellom anna at inntekter som gjeld 2020, men fyrst kom inn i 2021 ikkje kom med på rekneskapen. Dei er med på budsjettet for 2021. Difor syner rekneskapen eit underskot, medan budsjettet for 2021 er sett opp med eit stor overskot.

Har de spørsmål eller synspunkt på sakene så send dei til leiaren i styret på sms 93237073 eller e-post:asmund.berthelsen@icloud.com

Vi minner samstundes om innbetaling av kontingent for 2021, 150 kr for vaksne og 50 kr for dei mellom 7 og 18 år. Til konto 3775.65.59177 eller Vipps

Sakliste

Årsmelding 2020

Forslag arbeidsplan 2021

Saksutgreiing og innstillingar

Rekneskap BÅG 2020

Budsjett BÅG 2021