Naustet i Myrane blir vølt

Det smålåtne grøne naustet i Myrane i Sørbotten har vakna til liv. Det ryk frå pipa, og det vert openbert arbeidd både ute og inne. Sist helg kom det veg heilt ned. Hallvard Flaten, frå Masdalen i Førde, kjøpte eigedomen av morbroren Knut i fjor sommar og er så heldig at foreldra, Tone og Kjell, er ivrige medhjelparar for å sette hytta i stand. – Her kjem vi til å kose oss masse, seier Kjell Flaten.

Det er Tone som er bindeleddet til plassen. – Eg har mange gode minne herifrå. Det var stas for oss borneborna å vere med Besta hit på ferie. Hugsar godt at ho serverte gul saft og det ho kalla pølsestappe. Det var potetstappe med pølsebitar i, fortel Tone Flaten. Besteforeldra hennar, Dorthea (Thea) og Magnus Øvrebotten, var begge frå Botnane og sette opp naustet i 1945. Dei kjøpte grunn hjå far til Thea, Bernt Sørbotten i Runnane, og hadde planar om både hus og naust. Men sjukdom gjorde at det vart med dette naustet, med plass til ein båt og utedo nede, og to spartanske rom oppe. Og ei hengebratt trapp. Magnus Øvrebotten bygde naustet med hjelp av Olaf Øvrebotn, som han var både onkel og svoger til.

Eksklusivt å vere med hit

Sidan det var så liten plass på naustet hadde Thea (2010-1999) ofte med seg eitt barnebarn i gongen når ho drog hit frå Svelgen på ferie eit par veker om sommaren. Det gav opphaldet eit eksklusivt preg for ungane. Thea ville ha det ryddig og reint rundt seg, så det fyrste ho sette i gong med var å vaske, medan dei som var med bada, leika og sola seg. – Elles var vi med henne rundt på besøk til slekta i Runnane, på Håjen og i Botn, seier Tone, som sjølv vaks opp på gard på Indrehus, som yngstebarnet til Berit og Torfinn Øvrebotten.

– Det er litt ansvar å ta over noko slikt som dette. Det var i grevens tid at vi tok fatt. Vi fekk bytt ein yttervegg i fjor og når vegen ned hit no er ferdig skal vi til å byte tak og vindauge. Det blir full oppussing av heile naustet, men i ein nøktern stil som kler det. For å sleppe å køyre att og fram mellom Førde og Botnane kjem vi til å ha ei campingvogn ståande her medan vi arbeider på naustet, seier Hallvard Flaten. Han har familie og gler seg til å ha fri her med sambuar og tre barn på 2, 10 og 13 år.

– Korleis fekk du løyve til å bygge veg ned her, over ei stor myr?

– Det var mange som trudde det ikkje ville gå, med det var vegrett i det tinglyste skøyte på eigedomen, som strekkjer seg heilt opp til fylkesvegen. Vilkåret no var at vi legg duk og fyller grus opp på den, for då er vegen i prinsippet råd å ta vekk. Når vi jamnar til langsmed vegen grør han fort til. Alt vert mykje enklare med veg ned og eg trur det vil auke bruken av naustet.

– Kva forhold har du sjølv til naustet?

– Eg har vore her på tur med Besten (Torfinn), men vi overnatta aldri. Det var fram og attende på dagen. Han såg til at ting var i orden og reparerte det som trong det.

 Må unne oss meir fri

Tone og Kjell Flaten driv gard med eit stort lausdriftsfjøs i Masdalen, og roboten som mjølkar kyrne melder seg på mobilen medan vi pratar. – Vi har kome til at vi treng litt meir fri enn vi har unnt oss tidlegare. Men no som før er det slik at som bønder kan vi ikkje berre låse døra og reise på ferie. Vi har kjøpt oss båt og ser fram til å vere her og bruke sjøen. Eg fekk ein liten robåt av far min for mange år sidan og den har eg tenkt å ha i naustet her i Botnane, seier Tone.

– Det nyttar ikkje å vere heime og ta «fri», der er det alltid noko du må gjere. Vi er avhengige av avløysar for å kunne fare hit og sommaren er travlegaste tida. Det er ein stor kontrast frå Masdalen og hit til fjøresteinane i Botnane, sjølv om det ikkje er så langt. Eg kosar meg kvar gong eg er her og trur vi kjem til å kose oss mykje her i Myrane, sier Kjell Flaten, før han set seg i gravemaskina att for å gjere ferdig vegen.

 

 

Intervju og foto: Magni Øvrebotten 08.05.2021.