Bygdehelga 23.-25.juli:
Aktivitetar frå fredag til søndag!
Bygdehelga startar med kunstutstilling og held fram med fellesturar og omvisingar – og vert avslutta med sommarbasaren på søndag den 25.juli!
Programmet for sommarhelga om under fjorten dagar er klart – og vi håpar at mange finn høve til å delta på nokre av arrangementa. Helga vert avslutta med den tradisjonelle sommarbasaren på Årebrot grendahus søndag ettermiddag den 25.juli, med matservering, loddal og trekning! Som tidlegare år reknar vi med mange fine gevinstar og godt loddsal. Inntekta går til drift og vedlikehald av dei to grendahusa.
Helga opnar med kunst. Aase Botnmark (1927-2012) var frå Botnane. Ho arbeidde som kunstnar i mange år og skapt

mange skulpturar. Skulpturane er doner til Bremanger kommune og grendalaget har teke på seg å stille dei ut i grendahuset. Magni Øvrebotten vil fredagskvelden den 23.juni seier litt om kunstnaren og kunsten hennar.

På veg inn i Uradalen med utsyn mot Årebrot og øyane utanfor.
Elles vert helga ei friluftshelg, med både fellesturar og omvisingar i både Diktarsti og til gravrøysane. Laurdag vert det fellestur frå Uradalen til Husefest. Håkon Årebrot har teke på seg å vere turleiar. Turen tek frå 3 til 3,5 timar. På søndag går turen til Opnaren i Botnane med Rune Nordbotten som turleiar. Han har hatt ansvaret for merking av stiane i området. Og turen søndag vert ei markering av den jobben som er gjort med merking og oppsetting av informasjonstavler.
Helga vert avslutta med den tradisjonelle sommarbasaren. Som i fjor vert den i Årebrot grendahus. Det er der det er plass til så mange vi håpar vil kome – og møte kjentfolk, ete og kjøpe lodd!
Laurdag den 24.5. er det lagt opp til ein fellestur frå Uradalen til Husefest. Frammøte ved Vasskreken, merka med raud prikk på kartet over.
Søndag den 25.5. går turen til Opnaren i Botnane. Frammøte i Korsnesvika, merka med raud prikk på kartet under.
Laurdag er det omvising i Diktarstien i Botnane – med dikt av Jan-Magnus Bruheim. Bilete til høgre viser starten på stien på Jørnjorda.
Søndag er det omvising til gravrøysane i Botnane og på Årebrot. Bilete til venstre viser gravrøyser og informasjonsskilt ved Opnarhella sør for Botnane. Dei som vil vere med på omvisinga må nytte bil.





