,

Attende i den gamle heimen

Utsikta frå altanen er hoggen fram att, i alle høve mot sjøen og skipsleia.

Randi og Sigbjørn Holsen er attende i lærarbustaden på Årebrot, som var heimen deira frå  1979 til 1985. – Det kjennest som å vinne i Lotto å få kjøpe dette huset til hytte, det var ei glede for heile familien, seier Randi Holsen. Ho trur dei kjem til å vere her meir enn dei tenkte då dei kjøpte huset i fjor haust. Her er fritt og roleg, og den fantastiske utsikta over sjøen og skipsleia er hoggen fram att or skogen som stod tett kring huset.   

Det er 45 år sidan dei kom til Årebrot fyrste gongen, med to små ungar, rett frå studietid i Bergen. Sigbjørn hadde fått jobb som lærar på Årebrot skule og dei skulle bu i det gamle skulehuset. Der var det smått med plass og ganske upraktisk for ein småbarnsfamilie. Randi hugsar at ho reiste på Flora og vaska kle hjå foreldra sine, det var enklast. Men dei hugsar best kor godt mottekne dei vart, kor naboane kring gamleskulen på Ura ville dei vel og prøvde å hjelpe dei til rettes.

– Det tok si tid for ei byjente som meg å lære den langtidsplanlegginga du må meistre for å bu der det ikkje er berre å springe i butikken om du manglar noko. Då var det å spørje Agnes eller Borghild om dei hadde det eg mangla, og det hadde dei som regel. Etter kvart lærde eg meg å skrive handleliste og kjøpe i stort, og i dag er eg glad for den lærdommen. Vi ringde på Combi og fekk varene sende med båten og henta vareøskja på kaia, fortel Randi.

Dei blir begge rørt når dei fortel om dei gamle sambygdingane sine og kva dei betydde for dei. – Ungane var veldig glade i han Paul, som hadde så mange historier å fortelje. Folket på Ura var som besteforeldre for oss. Vi gjekk tur nordover til Isak, Solveig og Kristi i Breivika, og sørover til Inger i Brotet. Og på vegen kunne vi gå innom til Bjarne og Helena, minnest Randi.

Ho hugsar godt den dagen dottera Cathrine var søkk vekk. Det var medan dei enno budde i gamleskulen. Naboane var med og leita og sjøen var det fyrste dei tenkte på. Alle vart meir og meir urolege etter kvart som tida gjekk. Det er då Borghild på Ura spør: – Ho har vel ikkje gått opp til ho Jenny?» Det var nett det jentungen hadde gjort. Der sat ho og las i Bibelen for ho Jenny. Det var ein god del born på Årebrot den gongen, men gamle folk var også spennande å vere i lag med.

Huset skifter farge frå brunt til grått. Det vart bygt som lærarbustad på Årebrot sist på 1970-talet.

Finn roa på Årebrot

Då dei kom til Årebrot i 1976 hadde skulen skifta lærar ofte. Det var seks elevar, ein på kvart klassetrinn. Sigbjørn var åleine lærar, men Randi hadde også nokre timar etter kvart. Dei brukar seie at eldstedottera Cathrine var 3,5 år då ho byrja på skulen, fordi mora måtte ha henne med seg når ho underviste. Det var god plass i klasserommet og jenta likte seg der, ho gjorde det same som dei andre.

– I dag ville ikkje seks elevar blitt sett på som «pedagogisk forsvarleg». Mange trur at små skular ikkje er gagn i, men det har kome mange glupingar frå små skular. Kva læremiljø som vert skapt avheng mykje av ånda i klassen, om dei er mange eller få, seier Sigbjørn engasjert.

Dei fekk med seg opninga av den nye skulen på Årebrot, i mai 1985, før dei flytta til Eikefjorden, der Sigbjørn kjem frå. Der har dei budd sidan. Det høvde å flytte då eldstejenta skulle byrje på ungdomsskulen. Men sjølv om dei flytta har dei halde kontakta med vener og kjende på Årebrot og i Seljestokken. 17. mai feirar dei i Eikefjorden på føremiddagen før dei set seg i bilen og køyrer til Årebrot.

– Det var ikkje 17.mai-fering på Årebrot då vi kom hit, dei som hadde ungar reiste for det meste til Florø. Ein vår meinte Borghild på Ura at det var så mange ungar på Årebrot at vi burde få til vår eiga 17.mai-feiring. Det var då eg lærde å lage rømmegraut av ho Agnes på Gamlebøen, fortel Randi.

– Korleis er det no å kome attende til Årebrot?

– Det er heilt vedunderleg, det er så godt og fritt. Det er lettare å puste her. Eg finn roa, seier Randi spontant.  Sigbjørn meiner at han har roa med seg. Men han er samd i at det er godt å vere her, dei høyrer og legg meir merke til dei lydane som er. Når dei høyrer måsen skrik og baksar går dei ut på altanen og ser ørna segle på vinden og luftstraumane. Dei får naturen nær innpå seg og likar det slik.

 

Utsikta frå sofaen i stova blir vidare til meir tre som vert saga ned.

Sigbjørn er 70 og Randi 68 år. Dei leiger seg hjelp til å sage ned tre og pusse opp huset. – Vi må ha tid til å kose oss og ikkje stresse, for det har ingen av oss godt av. Huset var i god stand, så det er målarkost og motorsag det har vore mest bruk for. Med på flyttelasset attende har dei same sofaen, dobbeltsenga, lampen og Thingnes-skåla (av keramikaren Svein Thingnes) som dei hadde då dei flytta herifrå i 1985. Dei høver godt til huset og sjølvfolket tykkjer det er viktig å ta vare på det som er brukande. Dei har også teke vare på venskapsband som vart knytte då dei budde her, så det er lett å kjenne seg heime att.

Betre samband, men færre folk

– Korleis har Årebrot forandra seg sidan de reiste i 1985?

– Det har grodd til og her er færre fastbuande enn då vi budde her. No er det mykje folk om sommaren og få om vinteren. Men det er lettare å kome både til og frå enn på 1980-talet, med veg og betre båtsamband, seier Sigbjørn Holsen.

Randi hugsar at ho var mot «hyttifiseringa» av Årebrot då ho budde her, ho ynskte fastbuande som kunne engasjere seg og halde liv i bygda. No er ho sjølv ein av hytteeigarane og spørjande til kvifor det ikkje er fleire som bur her.

– Det har vorte lettare å kome både til og frå, her er arbeidsplassar og det går an å arbeide og gå på skule i Florø. Kanskje det kan forandre seg no med koronaen, at folk har fått opp augene for at det kan vere bra å bu med litt meir avstand, og at heimekontor er mogeleg? spør Randi Holsen og syner til at Askrova har lukkast med å få unge folk til å busette seg der.

Sjølve trur dei at dei kjem til å vere meir på Årebrot framover enn dei tenkte då dei kjøpte huset. Det er godt å vere her og som pensjonistar kan dei kome og fare når dei vil. Det er berre ein time å køyre mellom Eikefjord og Årebrot, og «ungane» Tarjei, Veronica og Cathrine ser fram til å feriere i den gamle heimen sin på Årebrot.

Årebrot 08.08.21. Magni Øvrebotten.