,

Gravplassen fortel bygda si historie

Det er fjerna mange gravminne i naturstein frå den gamle delen av gravplassen i Botnane dei seinare åra, og til færre steinar til lettare er det å slå.

– Gravstaden i Botnane er framleis ein fin og fredeleg plass, med graver som er fint stelte. Men det er noko som manglar. Her var langt fleire gravminne, busker og blomar fyrste gongen eg var her enn no. Det ser ut til at lettstelt plen er viktigare enn bygda si historie. Men ein gravstad er meir enn ein arbeidsplass, seier Mai Liss Hellingsæther Sørbotten. Ho har bakgrunn som kyrkjeverge i Birkenes kommune i Agder (2002-18) og har vore på besøk til Botnane fleire gonger etter at ho gifta seg med den historieinteresserte Vidar Sørbotten. Far hans, Ulrik Sørbotten, vaks opp i Botnane.

– Det er bygda si historie som ligg her. Det er her eg kan «møte» forfedrane mine. Ein konkret plass, der eg finn namn og datoar om dei eg har høyrt om, og kan oppdage dei eg ikkje har høyrt om, seier Vidar Sørbotten. Han vart opprørt då kyrkjekontoret ville fjerne grava til ein farbror som døydde som småbarn. – Eg hadde ikkje høyrt om denne onkel Arthur før eg kom hit og oppdaga at far min hadde ein bror han aldri snakka om. Då var vi nokre syskenbarn som gjekk saman om å ordne stein på grava til denne onkelen vår.

Mai Liss Hellingsæther Sørbotten seier at dette er eitt av mange døme på kva historier ein gravstad kan fortelje. Vidar si familiehistorie omfattar også drukningsulukka i 1934, då farmor hans, Maria Sørbotten, var ei av dei tre som drukna ved Opnarhella på veg til gravferd i Husefest. På gravstaden i Botnane ligg dei gravlagde både han dei skulle i gravferd til, dei tre som drukna og dei tre som overlevde og vart gamle folk.

– Kva fortel gravstaden i Botnane det tidlegare kyrkjeverget, Mai Liss?

– Han syner meg at her har slektene lege sidan år 1900. Eg kan sjå at nokon døydde tidleg, noko som var meir vanleg før. Fleire drukna, men det står ingenting om spesielle hendingar på steinane. Det ville det kanskje gjort i dag. Det som var meir vanleg før var at dei hadde tittlar på gravsteinane, særleg dei med «fine» tittlar. Her har eg sett ein gravstein der det står «poståpner», elles er det ingen tittlar. Det kan fortelje om eit nokså jamstilt samfunn, eller at det ikkje var god tone å stikke seg fram slik. No er det få særprega og høgreiste gravminne att, men dei kan vere fjerna? Det er rart at her ikkje er eit einaste kors av jern eller steinar med engel eller fugl på toppen av steinen. Nokon hadde berre ein enkel naturstein. Gravsteinane er prega av tidas mote som alt anna, og dette mangfoldet er spennande å sjå og viktig å ta vare på.

Gravminne frå ulike tidsepokar er også ein del av gamle gravplassar og viktig å ta vare på, seier Mai Liss Hellingsæther Sørbotten.

– Det er feil at alt skal forenklast og forsimplast. Framtidige generasjonar skal også ha noko å kome til som fortel ei historie, skyt Vidar inn. Han syner til at gravrøysene i Botnane, frå 1700 f. Kr til 500 e. Kr. no er merka som dei fremste fortidsminna i landet frå bronsealderen, medan graver frå dei siste 120 åra vert fjerna fordi ingen betalar for dei og for å gjere det lettare å slå gravplassen med maskin.

– Tenk om forfedrane våre hadde vore like historielause, då hadde her ikkje vore gravrøyser å merke. Men fordi dei fekk ligge i fred fortel dei no historia om bygda langt attende i tid, mykje lenger enn vi visste om, seier Vidar Sørbotten.

Råd å ta vare på

Det er mogeleg å ta vare på gamle graver om kyrkjekontoret vil det, men det er ulike kulturar for det. Der eg arbeidde hugsar eg at det var ei lita bygd der vi let gravstaden ligge som han var, fordi det var eit sterkt ynskje frå bygda. Biskopen var på visitas og ville sjå denne gravplassen som ligg på ein haug ved ei elv. Så vakker gravplass hadde dei aldri sett før, og kom ikkje til å sjå heller, let han om. Men gravplassen hadde ikkje vore slik om vi ikkje hadde bestemt oss for å ta vare på han som ein liten bygdegravplass, seier Mai Liss Hellingsæther Sørbotten.

– Må ikkje alle gravplassar forvaltast likt?

– Nei, det står ingen stad skrive at dei må det. Plassbehov er den einaste grunnen til å ta vekk graver og det behovet finst ikkje i Botnane. Gravplassar i Botnane og Oslo treng ikkje forvaltast likt. Om dei vil kan kyrkjekontoret i Bremanger lage ein forvaltningsplan og seie at gravstaden i Botnane skal stå som han er. Det er heller ikkje eit argument at graver er fjerna i stor stil ved andre gravplassar i kommunen. Det kan tvert om vere ein grunn til å la vere her, slik at noko av det gamle blir teke vare på.

Dette er grava til Harald Sørbotten som drukna saman med farmora til Vidar Sørbotten og ei kvinne til i 1934. «Herrens vegar er undarlege», står det på steinen.

– Men kyrkjekontoret er ansvarleg for at gravsteinar ikkje kan velte over på nokon, og sit då med heile ansvaret?

– Det formelle ansvaret ligg hjå festaren av grava, men i 2003 var det ei ulukke med ein stein som velta i Trondheim. Då tok KA (Kyrkjeleg arbeidsgjevarorganisasjon) ein aksjon for å få bolta steinar rundt om på gravplassane i heile landet. I Birkenes kommune leigde vi inn eit steinhoggeri til å feste alle steinane, med to boltar. Eg sende rekning der det var nokon å sende rekning til, dei andre gravsteinane freda vi. Vi tok ein pris som gjorde at det jamna seg ut, 500 kr. for ein stor stein og 300 kr for ein liten. Vi opplevde at folk var glade for at det vart gjort.

– Er det ulik praksis frå kommune til kommune med ein eller to boltar i gravsteinen?

– I gravferdsforskriftene står det at det skal vere to boltar på kvar stein, for at dei skal vere sikra nok. Men i dag vert dei ofte sette opp med berre ein bolt for at dei skal svinge for slåmaskina. Det kan jo vere ein fordel for å unngå skade, men er ikkje i tråd med Gravferdslovas punkt om bolting (sjå heile ordlyden her under intervjuet).

Verna mange gravminne

– Forvaltinga og vedlikehaldet av gravstadane er noko av det mest interessante ved jobben som kyrkjeverge. Eg var også ute og jobba på gravstadane, mellom anna med å bolte gamle steinar. I mi tid som kyrkjeverge i Birkenes hadde vi ein gjennomgang av alle dei fem gravplassane i kommunen for å ta best mogeleg vare på dei. Gjennom det arbeidet fekk eg mange historier og kontakt med eldre folk som kunne fortelje om gravene. Vi vurderte om dei skulle takast vare på og vernast, eller ikkje.

– Kva grunngjeving var det for vern?

– Eg var med på å gje mange gamle gravminne vernestatus. Som til dømes gamle obeliskar og kors av jern med englar og andre symbol. Vi ynskte å la dei stå der dei hadde stått for å vise historia. Ein sjeldan gong hende det at vi trong ei ny grav der det var ei gamal, og då tok vi vekk den grava når det ikkje var etterkomarar til ho.

– Tok de også vare på graver det ikkje vart betalt for?

– Ja, vi dreiv detektivarbeid for å finne ut om folk ville ha dei. Det var eit gamalt manuelt gravregister, og utifrå det fann vi då etterkomarar. Hadde mest med steinen å gjere, meir enn person. Men det kunne også vere at det knytte seg spesielle historier til personen. Når vi hadde den prosessen kjende vi oss trygge på kva vi kunne gjere. Ein gong fjerna vi ein stein som skapte reaksjonar i bygda, og den sette vi attende.  Det var grava til splinten i Herefoss vi hadde teke vekk og det ville ikkje bygdefolket ha noko av. Det er viktig å ha respekt både for folk og historie, både i smått og stort, når ein forvaltar gravminne. Det er mange fleire enn vi trur som oppsøkjer gravplassar for å finne historia si, seier Mai Liss Hellingsæther Sørbotten.

Intervju 23. juli 2021. Magni Øvrebotten.

Ordlyden i gravferdslova om bolting av gravminne:

§ 24. Sikring. Stående gravminne i stein skal festes til fundament i stein med to 15 cm lange og 12 mm tykke rustfrie bolter. Fundament skal ha en form og en størrelse som sikrer at gravminnet står stabilt og skal i bunnen ha en anleggsflate som er dobbelt så bred som gravminnets tykkelse. Fundamentet kan være opptil 10 cm lengre enn gravminnets bredde. Gravminne som er mer enn 60 cm høyt skal ha en fundamentdybde som utgjør minst 20 % av gravminnets høyde over bakken. Fundament skal ikke være synlig over bakken. Ved anlegg, utvidelse og vesentlig endring av gravplass kan det fastsettes særskilte bestemmelser for sikring av gravminner i vedtektene for gravplassen. Når særlige grunner tilsier det, kan kirkelig fellesråd i enkeltsaker skjerpe eller lempe kravene etter denne paragrafen.