,

– Er ikkje borna våre like verdfulle som born i tettbygde strok?

Småbarnsforeldra John Magne Sande og Kjersti Straume snakkar med borna om å passe seg for trafikken kvar dag.

Frå 50-sona på Myklebust til Årebrot er det 80 km fartsgrense på Frøysjøvegen, trass i at vegen er nedkøyrd, svingete og går gjennom mange tun. Botnane og Årebrot grendalag søkte for nokre år sidan Vegvesenet om å få 60 km gjennom Botnane, men fekk avslag. Det var for få avkjøyrsler og for lite folk til at Vegvesenet ville senke farten. – Er ikkje borna våre like verdfulle som born i tettbygde strok, spør småbarnsforeldra i Botnane.

– Mellom Sørgulen og Botnane er det kanskje vegstandard til å køyre i 60 km. Men her i bygda er vegen bygd med hakke og spade som krisearbeid, og har knapt standard til det. Likevel susar bilane forbi her i 80 km og stundom meir, seier John Magne Sande (38). Han og familien bur i det fyrste tunet du kjem til i Botnane. Dei tre tuna i Sletten har trafikken mest heilt opp i husnova.

– Vi ser borna våre djupt inn i augene kvar dag og minner dei om at dei ikkje må gå ned i vegen, seier Kjersti Straume (37), sambuaren til Sande. Fyrst vart det drege ein raud strek i tunet, som dei ikkje måtte gå over. Men det vart for mange strekar å forholde seg til, no er det den kvite stripa dei må stoppe for. – Borna våre er så små at vi må vere ute med dei heile tida, men dei skal vekse opp her og kunne leike seg ute utan å risikere å bli ihelkjøyrde, seier Straume.

Hjå familien Sande/Straume prøvde dei fyrst med ein raud strek borna ikkje måtte gå over. Men no gjeld det å stoppe før den kvite streken, for her kjem bilane fort på begge vegar.

Lokalkjende tek omsyn

Dei understrekar at folk som er lokalkjende jamt over er flinke til å ta omsyn, dei veit kva tun det er ungar i. – Men det er nokre som køyrer faste ruter her som kostar forbi utan at det ser ut til at dei tenkjer på det, seier John Magne. Det var ekstra gale den tid det vart køyrd stein og sand frå steinbrotet i Seljestokken til vindkraftanlegget på Guleslettene.

– Då vart fleire bilar tekne med 20 tonn overlast og du kan tenke deg kva bremselengde ein slik bil vil ha, seier han og grøssar. Han prøvde å ta farten opp med selskapet som køyrde stein. – Men då fekk eg passet mitt påskrive. Eg vart kjefta opp med beskjed om å passe på ungane mine sjølv, dei køyrde stein. Rett nok køyrde dei litt forsiktig eit par dagar etterpå, men så var det full pining att, seier han.

Dei har sett opp skilt om at barn leikar og gjort syklar og leiketraktorar godt synlege, men det har ingen verknad. – Eg vert ganske motlaus når folk ikkje bryr seg om at her bur barn, seier Kjersti.

– Nokon bryr seg korkje om folk eller fe, dei skal berre køyre så fort dei vil. Far min driv med utegangarkyr, som beitar langs vegen nord i stranda, og vi må avlive stadig fleire som vert påkøyrde, seier John Magne. Han meiner det hadde vore nyttig med ei trafikkteljing, for både privat- og tungtrafikken er større enn ein vil tru. – Her er mykje trafikk av folk som pendlar inn og ut på arbeid og oppdrag til verksemdene i området. Men uansett må liv vere like mykje verd utanfor sentrale strok, og siktlinjer og vegstandard må vere viktigare enn kor mange avkøyrsler det er på ein veg, seier John Magne Sande.

Med hjarte i halsen

Ingrid Bruflot (68) er nærmaste nabo til familien Sande/Straume. Ho er bestemor og oldemor med mykje besøk av barn i ulike aldrar. – Eg sit med hjarte i halsen mange gonger. Når du ser kva fartsgrenser det er andre stader burde den ha vore maks 60 km her. Det er stadig bilar som kvin forbi og eg ser dei berre som ein strek.

Ho har prøvd seg både med skilt og tilsnakk, men det mest effektive var eit fugleskremsel døtrene hennar sette ned mot vegen, i redningsvest og caps. Det hjelpte ei stund, men så vart det ein vane og farten tok seg opp att gjennom eit tun der det ikkje er fri sikt i noko retning.

Eit heimelaga «kamera» var det mest effektive tiltaket for å få ned farten, fortel Bjørg Kleiven.

– Etter tungtrafikken mellom steinbrotet og Guleslettene er vegen så nedkøyrd at det går ikkje an. Han hallar alle vegar, ja, det er vanskeleg sjølv å gå på han. Når eg syklar lang vegen må eg gå av sykkelen når det kjem bilar, elles vert eg teken av dragsuget og den ujamne vegen. Dei kan ikkje ha undersøkt noko om kvaliteten på vegen dei som avslo 60 km-sone i Botnane, seier Ingrid Bruflot.

Dei tenkjer ikkje på konsekvensane

Bjørg Kleiven (41) har fostra opp fire barn i det tredje tunet i Sletten og minnest mange stygge episodar i trafikken fram gjennom åra. – Ein gong var vi samla tre familiar her til grilling i tunet, og 10 ungar frå 7-8 år og nedover leika rundt oss. Vi sat og grilla og høyrde det kom ein bil, men vi fekk ikkje med oss anna enn fargen på han i det han kosta forbi i ein himla fart. Hadde det vore ein eller fleire ungar i vegen då hadde det gått gale. Eg trur ikkje dei som køyrer rasfort tenkjer på konsekvensane.

– Borna fekk ikkje lov til å gå på vegen og kunne ikkje vere ute å leike åleine. Jentene hadde hestar og når dei var ute og rei på vegen var eg livredd for at dei skulle møte ein bil i 80 km. Det vart lite riding på den måten og det var ikkje kjekt for borna, seier Bjørg.

Ho meiner bygdefolket og dei som er her på tur køyrer skapleg. Men dei som ikkje kjenner nokon her, men kjenner vegen fordi dei har køyrt her ofte, er dei verste til å køyre fort.
– Det mest effektive tiltaket vi har hatt for å få ned farten var då son min laga eit slags «kamera» og sette det opp ved steingarden. Det var veldig effektivt i starten, mykje meir enn skilta om at barn leikar. Stundom virkar det som dei køyrande ikkje trur det bur folk her, seier Kleiven, som likevel trur at ei 60-sone gjennom bygda ville bli respektert av dei fleste.

Avslag på skilt om «Gardstun»

Bjørg Kleiven prøvde å få Vegvesenet med på å sette opp skilt med «Gardstun», men fekk avslag fordi hus og løe må ligge på kvar si side av vegen for å få godkjent eit slikt skilt. Husa ligg samla i tunet i Sletten.  – På Frøysjøvegen er det gardstun-skilt i Mulelida og i Seljestokken, men hus og løe ligg på same sida av vegen der også, så eg skjønar ikkje argumentasjonen når vi fekk avslag her, seier Kleiven.

Det er sett opp skilt om at «Barn leikar» fleire stader i bygda, men foreldra har ikkje inntrykk av at bilistane bryr seg om skilta.

 

Torleif Seljestokken (69) fortel at det var far hans Norvald som fekk Vegvesenet med på å sette opp eit skilt med «Gardstun» i Seljestokken. Han meiner det kom opp ikkje så lenge etter at vegen nordover vart opna i 1993, og at grunngjevinga var at gamlehuset låg nær vegen og den strake vegstrekninga innbaud til stor fart. – Men den gongen var det mest lokale trafikantar. I dag er det mykje meir trafikk generelt og mange framande trafikantar som ikkje er kjende, som køyrer både tungtransport og privatbil og ofte tykkjest å ha dårleg tid etter farten å døme, seier Torleif Seljestokken.

Jens Anders Sunde Midtbø og familien bur i Myrane i Sørbotten. Der er det uoversiktleg veg til resten av Sørbotten og bilane kjem i stor fart begge vegar. Det eldste barnet på bilete er på besøk.

«Ungane er på veg»  

I Myrane i Sørbotten er det eit lite bustadfelt der Linn Kristin Sørbotten (31) og Jens Anders Sunde Midtbø (41) bur saman med dei to borna sine på fem og seks år. Huset deira ligg ikkje heilt inn i fylkesvegen, men vegen er uoversiktleg og mange køyrer fort forbi.

– No er ungane så store at dei får lov til å gå på vegen ut til mamma, men eg ringjer henne alltid og seier at «Ungane er på veg», seier Linn Kristin Sørbotten. Ho har sjølv vakse opp i Runnane i Sørbotten, men under heilt andre trafikkforhold. – I dag kjem bilane i full fart opp over Håjen og «landar» inne i Runnane. Der er det rett i vegen frå tunet, seier Linn Kristin.

–  Vi har sett opp skilt med «Barn leikar», men det ser mest ut til at folk tenkjer at er det 80 km så køyrer vi i 80. Dei lokalkjende køyrer rolegare, men ulike firmabilar, posten og større bilar, feiar gjennom bygda. Dei verste er dei som tykkjer det «helsikes langt» ut her og køyrer tilsvarande fort. Det er mange bremsespor i vegen, seier Jens Anders.

Når dei har besøk av folk utanfrå, som er vane med rolege gater med låg fartsgrense, må dei passe ekstra på ungane og dei vaksne kan ikkje forstå at det kan vere 80 km fartsgrense her. Dei må nekte ungane å leike i ei lita elv ved vegen, for det er for uoversiktleg og farleg.  Det hadde hjelpt litt om Vegvesenet var meir opptekne av å ta vekk tre og kratt enn småblomar langs vegen, seier dei og held fram med å kjempe for lys langs vegen. Om vinteren er det kolande mørkt, og det kombinert med stor fart på bilane gjer at dei ofte kjenner seg utrygge.

Dei opplever at trafikken har auka mykje berre i sommar, både med bilar og folk som syklar gjennom bygda. – Det er eit utruleg sug etter stor lastebilar når du går og og syklar etter vegen. Små ungar misser lett balansen og det trur eg vaksne folk også gjer på denne nedkøyrde og ujamne vegen, seier Linn Kristin. Ho fortel at når ungane skulle lære seg å sykle med støttehjul, så er vegen så nedkøyrd at støttehjula ikkje tok nedi.

 

Det kan vere freistande å leike i vegen og foreldra må passe ekstra på når dei har besøk av barn som er vane med rolege gater med låg fart.

Burde ha fiksa vegen etter seg

– Det seier seg sjølv at ein veg som er bygd med handmakt ikkje er dimensjonert for slik trafikk som her er no. Etter alle lastebillassa frå Seljestokken til Guleslettene er han rett og slett totalt nedkøyrd. Dei burde ha måtta fiksa vegen etter seg, men det var det vel ingen som tenkte på å ta med i vilkåra då Guleslettene vart godkjende? seier Jens Anders.

Han køyrer sjølv lastebil og fortel at det er god oversikt frå høgt oppe i ein lastebil. – Men ein må ta omsyn til farten. Det er 50-60 tonn du skal stoppe og det stoppar du ikkje på meteren. Det er ingen stader her der det er forsvarleg å køyre i 80 km i timen. Eg trur mange tenkjer at det er så få folk her at dei berre kan peise på, utan å tenkje på konsekvensane. Men eit liv her er like mykje verd som andre stader skulle ein tru? spør småbarnsfaren Jens Anders Sunde Midtbø.

Intervju 7. og 8. august 2021. Magni Øvrebotten.