Turking av torsk på Vengane

Vengane i Frøysjøen i solnedgang i 2021. Foto: Magni Øvrebotten.

I 1980 oppmoda Landslaget for bygde- og byhistorie og Nasjonalforeininga for folkehelsa folk som var fødde før 1914 om å skrive sokalla minneoppgåver. I Sogn og Fjordane deltok 161 pensjonistar og ein av dei var Magna Øvrebotten, fødd Nordbotten (1900-1992), frå Botnane. Eit av livsminna ho sende inn var dette om turking av torsk på Vengane:

Frå reina i Sletten ser ein tydeleg at Vengane består av to vengar. Den mot vest heiter Skavengen og vart brukt til sommarbeite for sauer frå gardane i Sletten. Vengen med seglemerket på heiter Langevengen og vart brukt av gardane i Nordbotten.  Foto: Ingrid Bruflot.

«Det var i 1912. Det hadde vore godt torskefiske på havet om vinteren og det var mange frå Botnane som fiska. Dei selde fisken på Kalvåg, der det var mange oppkjøparar. Desse salta fisken for å turke han seinare på våren. Og ein av dei ville turke fisken på Vengane, rett utanfor Botnane.  Det var vaksne folk som vaska fisken, og når det var gjort, skulle vi ungane vere med eit par vaksne karar og arbeide med fisken.

Vi rodde ut til Vengane i småbåtar tidleg om morgonen. Der la vi desse store fiskane utover berga så dei kunne turke. Det måtte vere opplett vêr, for det måtte ikkje kome regn på fisken. Men fisken var tung og stor, og det var ikkje greit å orke dette arbeidet. Du verda kor eg sleit!

Det var nok for tungt for ei 11-års jentunge. Men eg tenkte på pengane, tenk 80 øre for ein dags slit. Hendene var såre og fulle av salt, og ofte stakk eg meg på beina i fisken. Det var hardt nok og eg sleit meir enn eg vilde syne.

Ved middagsbel åt vi nista vi hadde med oss. Då hadde vi det gildt der vi sat i lag alle. Vi var ein seks-sju stykke. Men kvilda var ikkje lang. No skulle fisken snuast slik at han turka på den andre sida òg.

Då det leid ut på dagen var det å samle fisken saman og leggje han pent i store, runde stablar. Vi kom ikkje heim att før seine kvelden, og neste dag var det same arbeidet opp att. Dette arbeidet heldt fram i fleire veker før fisken var turr og fast».

Dette bilete av syskenflokken til Magna vart teke i 1912, same året som ho var med på å turke torsk på Vengane. Det er grunn til å rekne med at fleire av syskena var med på det. Frå venstre: Nils (1906-1966), Olav (1893-1973), Astrid (1894-1970), Magna (1900-1992), Malfrid (1897-1979), syskenbarnet deira Magnhild Sletten (1893-1970) og den eldste av syskena i Nordbotten, Solveig (1891-1975). Bilete er truleg teke av Arne Nordbotten, bror til Magnhild. Han var den fyrste frå Botnane som skaffa seg fotoapparat.

Kjelder:

Ståle Sørbotten, om Vengane.

Boka «Sogn og Fjordane i nær fortid». Det Norske Samlaget 1986.

Skanna bilete frå Bygdebok for Bremanger, band ll. Av Årstein Svihus. Selja forlag. Om nokon har dette bilete av syskenflokken i Nordbotten i original må dei ta kontakt, slik at vi kan få betre biletkvalitet på det.