Dikta til Bruheim er tidlause og universelle

Sigrid Moldestad er spent no når ho og Regnbogebandet skal ut og presentere ei familieførestilling med barnedikt av Jan-Magnus Bruheim, med premiere på  Folkemusikkfestivalen i Førde 7. juli. – Dikta hans er tidlause og universelle. Han skriv om ei mikroverd eg hugsar godt frå då eg var lita. Vi er nærmare bakken når vi er små, og no set eg meg ned på huk for å sjå og formidle dette til andre, seier Sigrid Moldestad. I Regndropebandet har ho med seg musikarane Jørgen Sandvik, Kåre Opheim og Sondre Meisfjord.  

Då eg fekk den store gåva å saumfare diktinga til Jan-Magnus Bruheim og tonesette dikt til CD-en «Brevet til kjærleiken» i 2014, sat mange av barnedikta hans så i meg etterpå. Dei er så flotte. Alt då sette eg tone til to av dei, Bekken syng og Kråketankar, men dei kom ikkje med den gongen. Og etterpå måtte eg ha litt tid for å gjere andre ting, fortel Sigrid Moldestad.

Ho gjev Roald Kaldestad æra for å ha sparka henne i gong att med Bruheim sine barnedikt. Kaldestad har vore med i bandet hennar lenge og han står bak Falturiltufestivalen på Stord, med fokus på førestillingar for born. – Det var i fjor vinter han føreslo at vi skulle prøve å få fleire festivalar til å gå saman om å få til ei ny Bruheim-førestilling. Falturiltufestivalen var med, det same vart Folkemusikkfestivalen i Førde og Vossajazz. Førde får premieren, vi skal til Stord i november og til Vossajazz i påska 2023. Til den tid håpar vi å ha spelt songane inn på plate, seier Moldestad. Førestillinga har fått tittelen Regndropeborna og andre dyr.

– Kva er det med barnedikta til Bruheim som fengar deg slik?

– Eg har framleis eit fantasifullt barn inni meg. Dikta har klåre bilete og forteljingar. Det er mykje empati for små dyr, som grashoppa, snigelen og åma. Han skildrar ei mikroverd eg hugsar frå då eg var lita. Vi er nærmare bakken når vi er små og desse dikta kling veldig inn til barnet i meg. Bruheim ser dei små og dei som står utanfor, både i menneske- og dyreverda. Eg er sjølvsagt spent på mottaking, men dikta er tidlause og universelle, dei er ikkje begrensa til om han skreiv dei til dømes på 1960-talet.

Titteldiktet Regndropeborna står i boka Røyskatten og andre barnerim, Noregs Boklag 1961. Vakkert illustrert av Reidar Johan Berle, som illustrerte mange av  barnebøkene til Bruheim.

– Kva dikt har du med?

Bekken syng og Kråketankar har vore med sidan dei vart sett tone til i Botnane hausten 2013. Eg ser framleis føre meg akkurat kvar den kråka sat då det diktet fekk tone. Elles gler eg meg veldig til å presentere Liten gut fortel som song, det er eit av dei sterkaste dikta hans. Det byrjar slik:

Eg fekk det ordet
eg var tverr
og lei og vrang
og sky og skjerr

Eg ikkje anna
høyre fekk,
og sturen var eg
kvar eg gjekk.

Nypoteta er streta

Titteldiktet Regndropeborna er sjølvsagt med, vidare Snigla som sykla, Sutrelid, Hjort er hjort, Grashoppa og den fine fluga, Om alle tre var like, Einsam blom og Ynskje. Det siste handlar om det ævelege ynskje om å vere noko anna enn det vi er, bortsett frå mauren:

Men mauren, han var ikkje
noko til kar,
for han ynskte berre å vera
det som han var!

– Kva med Nypoteta, som var yndlingsdiktet til mange den tid Bruheim budde i Botnane og las dikt på alle tilstellingar i bygda?

Nypoteta er streta, ho har ikkje vilja ta tone enno. Ho er litt slik som Den annsame var då vi laga førestillinga Brevet til kjærleiken. Det diktet bala eg lenge med før tonen sat. Men så er det andre dikt der tonen berre kjem flygande, som denne gongen til diktet Vinden:

Det var ein dag
at det var så stridt

at eg måtte saume fast
skjegget mitt.

Stormen kom kast i kast
og alle hadde nok med
å halde seg fast.

Sigrid Moldestad driv påminningshuset Pederhuset i Breim, der ho i sommar sette forfattarskapet til Bruheim på programmet. Her saman med Ove Eide, som skreiv om forfattarskapet og redigerte Dikt i utval i 2014. Foto: Magni Øvrebotten.

Det er 14 dikt/låtar med i familieførestillinga Regndropeborna og andre dyr, som har premiere på Folkemusikkfestivalen 7. juli. Moldestad trur ho kjem til å ha med endå fleire dikt på ei innspeling. – Det ligg eit par som måtte vike til denne konserten, men som eg gjerne vil ha med. Det er så mange fine dikt å ta av, og denne gongen valde eg å ha fokus på dikt som handlar om dyr og natur. Men det er alltid ein menneskeleg relevans og kjensle i det Bruheim skriv. Om det er om maurar, kattar eller blomar, så handlar det alltid også om deg og meg, seier Moldestad.

I juni 2014 samla Sigrid Moldestad og musikarane hennar vel 400 menneske på skulehusplassen i Botnane med førestillinga «Brevet til kjærleiken», i samband med at det var 100 år sidan Bruheim vart fødd. I strålande sol. I 2018 var ho attende for å vere med på opninga av Diktarstien i Botnane, som samla over 200 menneske i eit galever som er sjeldan i august.  Det bles og regna frå alle kantar.

– Kjem du att om vi tilbyr deg og bandet tak over hovudet for konsert i Årebrot grendahus neste sommar?

– Ja, vi må få lagt inn Botnane i turneplanane neste år. Fleire av dikta er skapte der, og som sagt hugsar eg akkurat kvar den kråka sat då diktet Kråketankar tok tone, seier Sigrid Moldestad. Ho fyller 50 år 19. juli og vi nyttar høve til å gratulere den fremste Bruheim-tolkaren i landet med dagen.

Intervju Magni Øvrebotten, 29. juni 2022.