,

Hagen forlengar livet

– Dei som driv med hage lever lenger og er friskare enn andre. Det trur eg på, seier Anne-Karin Holm Årebrot bestemt. – Det er mykje god terapi i å arbeide i hagen, legg ho til, og skildrar leande kor godt det gjer å denge laus på ein stein eller hakke i jorda når du er skikkeleg forarga. 

– Desse blomstrane likar ikkje slike regnsomrar som vi har i år, seier Anne-Karin Holm Årebrot, og plukkar vekk det som har visna.

Etter ein  regntung sommar har eg endeleg kome meg på besøk i hagen til Anne-Karin i Vaulen på Årebrot, der ho og mannen Håkon Årebrot bur. Stadig fleire på Årebrot spurde om eg hadde vore der? Den hagen er noko å skrive om, meinte dei. Sjølv synst ho at eg helst burde ha kome i tidsrommet april-juni, når løkplantane og rododendronane blømer. Då er hagen eit syn! Men trass i alt regnet lyser vakre roser, klematis, busknellikar og massevis av stauder mot meg i sterke fargar, fint avstemt mot gråstein og grøne blad og busker. Blomane vitnar om godt stell og mykje arbeid.

Dette bilete har Håkon teke av Anne-Karin i arbeid med rosene. Det er så grunn jord at ho må plante dei i vide tønner for å få skikkeleg vokster på dei.

– Har du alltid vore oppteken av hagearbeid?

– Nei, på ingen måte. Eg trur det er ei sjeldan interesse hjå folk i heilt ung alder. Men eg vaks opp med ei adoptivmor på Furset, i Fjaler og hagen hennar var rekna for å vere fin. Der var det bærtre og prydbusker som sette preg på hagen.

Fyrste hagen i Luxemburg

Det var i Luxemburg Anne-Karin hadde fyrste hagen sin. – Der budde eg i seks år (1986-92), med den dåverande mannen min og dei tre borna våre. Der merka eg ei gryande interesse for å plante til hagen, særleg med busker, blant anna eit mandeltre. Borna mine har vore attende og sett huset vi budde i og fortel at buskene vi planta framleis står der og er frodige.

– Stor skilnad på Luxemburg og Årebrot reknar eg med?

– Ja, men mellom dei to hagane hadde eg hus og stor hage i Florø i mange år. Det var fyrst då eg selde huset der i 2012 at byrja med hagen her som Håkon hadde hus.

Håkon og Anne-Karin har stor glede av hagen og likar å finne ut kva dei kan få til å vekse der.

Dei var begge skilde då dei møttest på dans i Flora samfunnshus i januar 2000. Ho har to døtrer og ein son, han har to søner og ei dotter. I mange år budde dei fast i Florø og brukte huset på Årebrot i helgar og feriar. No har dei ei leilegheit i Florø, men bur mest på Årebrot. Begge er pensjonistar, men ho tek framleis vakter i omsorgstenesta i Florø når dei spør.

– Hagen her har blitt til litt etter litt. Det bles og er verhardt, så det er spennande å sjå kva ein kan få til å vekse her. No er det stauder som står hjarte mitt nærast, og dei plantar eg tettast råd, då er det minst arbeid med dei. Ugraset sleppe ikkje til på same måten som når det er opa mold, forklarar Anne-Karin.

Ingenting å seie på utsikta. Denne kvelden gjekk Christian Radich forbi.

– Er du med på dette hagearbeidet, Håkon?

– Det var ikkje mykje hage her med meg då Anne-Karin kom hit, eg konsentrete meg om å halde husa ved like. Men etter at eg fekk meg gravemaskin flyttar eg stein og planerer, berre ho seie korleis ho vil ha det. Vi brukar mykje naturstein som alt er på tomta, men som må flyttast både hit og dit.

Han er openbert stolt over hagen til kona, men tykkjer han er stor nok no. På ein rundtur i hagen fortel ho levande om at her ynskjer ho seg ein dam, her skal det bli meir bed, fleire stader trengst det ein ny sitteplass for å få nyte nett den nydelege sjøutsikta. Dei har panoramautsikt over hovudskipsleia, og medan eg er der fer Christian Radich forbi.

– Det er ikkje alltid at Håkon er ledig når eg vil ha noko gjort, ler Anne-Kristin. Men etter kvart har det vorte mindre snakk om at eg ikkje må kjøpe meir blomar. Det gjer eg no uansett, for eg vil plante tett, og så er det så spennande å prøve nye sortar.

Til dømes druer i drivhuset, som dei bardunerer fast om vinteren, slik at det ikkje fyk til himmels. Men no modnar det druene der.

Håkon byr på prøvesmaking av druene i drivhuset i Vaulen.

Tang mot sniglar 

Håkon er mest med i samtalen når han kan dele gode råd mot sniglar på grønsakene. Det hjelper å legge tang kring karmane på beda, då slepp ein at gråsnigelen et opp grønsakene. Tang er også godt for bærtrea, ein sekk med tang per tre held dei friske og grøne. Mot lus på rosene hjelper det med neslevatn, så Anne-Karin har brennesle i blomsterbedet for å vere sjølvberga. Nesleblad og vatn skal stå i to veker til det luktar kloakk før ein blandar det ut i vatn og tek luseangrepet, raskt og effektivt.

Dei ynskjer å bruke minst mogeleg med kunstgjødsel og har funne løysinga i sokalla Bokashi-kompost. Dei samlar matavfallet i små plastbøtter, strør på sukkerhaldige frø og let det stå i to veker og gjære, også kalla fermertering. – Sniglar likar ikkje fermertert materiale, men makk og padder er det mykje av i komposten etter denne nedbrytingsprosessen. Og frå plastbøttene med matavfall tappar Anne-Karin vatn og brukar som gjødsel på plantane, fortel Håkon entusiastisk.

– Korleis reddar de hagen frå å bli oppeten av hjort?

– Straumgjerde, seier Håkon kontant. Han har sett opp eit høgt sauegjerde med eit straumførande kvit band/streng ca. 50 cm over på toppen. – Du merkar at du er borti det, seier han. – Det er vår og haust det er viktigast å ha straumen på. Det verkar som om hjorten har lært at her er det ikkje vits i å hoppe gjerde. Hadde vi ikkje hatt det gjerde hadde vi  berre hatt rododendron og påskeliljer, for det et ikkje hjorten, seier Anne-Karin Holm Årebrot.

Ingenting kan måle seg med våren og forsommaren i hagen, meiner Anne-Karin, og dette bilete syner kva ho snakkar om då. Privat foto.

Intervju og foto: Magni Øvrebotten, 1. august 2022.