Laurdag 26.november kl.13-16.00 vert det julemesse med sal av handarbeid og kafe på Årebrot grendahus. Det er åtte utstillarar og det vert utlodding til inntekt for grendahuset på Årebrot, med gevinstar frå utstillarane. – Lodda kostar kr. 10, fortel Britt Maret Sunde. Det er ho og Marit Brandsøy som har teke initiativet til julemessa på Årebrot.

Desse stiller ut for sal:
Kari Hauge – honning
Anne-Karin Holm Årebrot – lefser
Åsmund Berthelsen – tegerbinding
Merete Langeland – toving/nålefilting
Gerd Drageset – dokkeklær, store nissar, ol.
Linda Førde – hekla produkt (vesker, barneleikar, ol.)
Bente Årebrot – strikk
Britt Maret Sunde – Quliting og litt broderi
Bileta er døme på kva du kan få kjøpt. Det er fleire bilete på Fjesboksida til Botnane og Årebrot grendalag.
På Årebrot grendahus er det god plass til julemesse og kafe i same rommet. Marit Brandsøy og Ingrid Seljestokken står for kafeen.
Korleis kjem du deg til Årebrot?
På laurdagar kan du kome til Årebrot med rutebåt frå Florø kl.13.00. Båten er på Villevika kai kl. 13.10. Retur derifrå kl. 16.05. – Om nokon treng skyss let det seg ordne, seier Britt Maret Sunde (E-post;bmsunde@online.no eller mobil 95 87 67 87).
Med bil kjem du deg til Årebrot via fv 511 Frøysjøvegen. Du tek av frå fv 614 i det store krysset på Myklebust, rett før/etter tunellen i Magnhildskaret. I Myklebustkrysset står det skilt til Botnane. Det tek omlag 45 min. å køyre til Årebrot grendahus frå Myklebust.