,

Vi har det med å ha smålåtne planar

Ingrid og Torleif Seljestokken har bygt på 70-talshuset sitt i Seljestokken for å kunne bu der lenger i alderdommen. Vaskerommet er flytta opp og badet har vorte betydeleg større enn det var. Då dei bygde hus i 1978 var det på 85 kvadratmeter, mot vanleg 95 kvadratmeter. Dei trudde ikkje dei trong så mykje plass. No hadde dei tenkt å bygge på 1,8 meter, men det vart 3. meter. – Vi har det med å ha smålåtne planar, seier Torleif Seljestokken (70), som er glad for at han høyrde på fagfolka og dottera Nina. – No kan vi klare oss her i 20 år til, legg Ingrid (68) nøgd til.

Tilbygget til høgre, sett frå oppsida av huset. Foto: Privat

Etter at dei gifta seg i 1976 budde dei på loftet i gamlehuset på garden, eit hus som er rive og erstatta av eit nytt hus, som dei tre døtrene eig i lag. Torleif vakse opp i det store og kalde gamlehuset, og ville ha seg eit lite og varmt hus. Grunnen til nyehuset var sprengt ut til bryllaupet deira, minnest Torleif. – Brurefylget gjekk i prosesjon kring røysa med skotstein, ler han og rister på hovudet.

Ingrid fortel at etter at dei sende ut nabovarsel fekk ho høyre på kaia at «Høyrer de skal bygge nytt hus i Seljestokken. Huset der er då stort nok til to familiar, men det er vel ikkje fint nok for deg som er byjente». Bergensjenta klarde å teie, men hugsar det godt.

– Eg brukar å vere treg av meg, men eg hadde hastverk med å få gifta meg. At vi gifta oss tidleg, bygde hus tidleg og fekk ungar tidleg det angrar eg ikkje på, slær Torleif fast, og blir ikkje motsagt av Ingrid på det.

Etter å ha bygt på huset satsar Torleif og Ingrid Seljestokken på å kunne bu der lenger som gamle.

Men dei har ulike versjonar av kvifor det nye tilbygget vart realisert. Ingrid hevdar at det var når ho opererte begge knea og ikkje kunne gå den bratte kjellartrappa, at Torleif skjønte kor tungvindt og lite framtidsretta den var. Han måtte ta over klesvask og anna vask, hente mat i frysen i kjellaren, ja, flyge opp og ned den trappa ho hadde klaga på i årevis.

Han skjønte det var fornuftig, men det tok tid. Han innsåg at badet var litt lite, men likte ikkje at kjøkkenet ikkje var godt nok heller lenger.  – Det var Nina (eldste dotter deira), som lanserte totalløysinga om kva som burde gjerast, og etter kvart gjekk eg med på det. Vi skulle klare det for 1. mill. kroner, men det vart meir. Vi fekk det så vidt til utan å ta opp lån, seier Torleif.

Litt humortistisk legg han til: – Du skjønar eg hadde så mykje å gjere på båtverkstaden at Ingrid fekk for mykje tid åleine med både snikkaren, røyrleggaren og elektrikaren. Då vart det fleire stikkontakter, lyspunkt og skifte av golv i heile fyrste høgda. Det var finast om det var likt over alt, sa dei, og eg ser jo at det er sant. Dessutan fekk vi bytt mykje som trong bytast etter 43 år, gamle vassrøyr, utløpsrøyr og varmtvasstank. Det var dårlege greier etter kvart, medgjev Torleif.

Vaskerom med plass til «alt nødvendig» er ein draum mange damer ber på.  

Ingrid er strålande fornøgd med eit nytt, stort og godt vaskerom, der det også er plass til strykebrettet, frysen og baketakka. Det er slutt på å steike sveler på kjøkkenet. Det er pussa opp og har fått ny innreiing, den far hennar laga då huset var nytt hadde gjort si teneste.
– Det gjer seg å få steikomn, kjøleskåp og vaskemaskin opp frå golvet, særleg når målsettinga er å kunne bu her så lenge som råd, seier Ingrid. Eit stort og romsleg bad vart det også plass til og gangen er større og romslegare. Det gamle vaskerommet i kjellaren er no staden for stell av fisk og hjortekjøt. I den nye kjellaren under tilbygget har Torleif fått seg ny redskapsbod, der det er plass til syklar, ski, verktøy og fiskeutstyr, slik som aldri har hatt nokon fast plass i huset. Oppe, attmed det nye vaskerommet, er det klerom med trådhyller, som Ingrid no har systematisert etter eigar.

Ingrid er glad for endeleg å ha fått rydda kle og sko på plass.  

– Der er det 15 korger. Kan du gjete kor mange som er mine? spør Torleif retorisk. Eg tenkjer at det er her som elles, at vi damene både har meir kle og treng meir plass til slikt enn karane, og føreslår at han har fire. – Nei, fem, ler han og virkar alt i alt nøgd med å sitte i eit nyoppussa hus med ei fornøgd kone, og god plass til besøk av borneborna, som var sende på dør for at eg skulle få gjort dette intervjuet.

Tekst og foto: Magni Øvrebotten 04.10.22.