, ,

Are på Gamlebøen

Når Are Skoglund slår med ljå mellom steinane på Gamlebøen vekkjer dei gode minne frå barndommen, like eins når han ror til Florø for å handle eller kokar nytrekt fisk midt på natta. – Eg var mykje her på Gamlebøen åleine som unge, saman med Agnes og Richard. Dei gav meg del i ein ubroten, urnorsk tradisjon som gjev meg ei ryggrad eg ikkje ville vore utan. Vi skal ikkje gløyme kvar vi kjem frå, seier Are Skoglund.

Are Skoglund på Gamlebøen hausten 2022. Foto: Magni Øvrebotten.

Han er klar over at mange ser på han som ein håplaus romantikar, men meiner sjølv at han er ein realist. – Den rettlinja historia med stadig framgang trur eg ikkje på. Vi kan stå i steinrøysa att før vi veit ordet av det. Når det kjem til stykke er det viktig å vite kva som skal til for å bu i dette landet, og her på Gamlebøen lærde eg om korleis det går an å overleve her i Vestlands-Norge.

Are Skoglund tok over Gamlebøen etter far sin, læraren og rektoren Einar Skoglund (1929-1994), som hadde det same inderlege forholdet til plassen som sonen. Einar planla å busette seg her når han vart pensjonist, men døydde før han kom så langt. Det var mor hans, Jenny (1898-1989), som kom frå Gamlebøen. Ho var nest eldste dotter til Juditta (1868-1957) og Hermann (Holmen) Uren (1877-1928), og syster til Maria og Agnes. Eldstedotter Maria gifta seg med Torvald Husefest, som hadde gard i Husefest.

Bilete er truleg teke i 1953, på den solide steintrappa framfor huset på Gamlebøen. Framme mor til Are, Kari og oldemora Juditta. Bak far hans, Einar og gamletanta Agnes.

Den yngste, Agnes, vart buande på Gamlebøen til ho døydde i 1992, 89 år gamal. Hermann Uren døydde 51 år gamal, av lungebetennelse.  Juditta tok til seg to fostersøner, Agnar Faye og Richard Rasmussen. Richard var fetter til Juditta. Han vart maskinist og budde på Gamlebøen til han døydde i 1986. Agnar Faye fekk seg eige bruk og stifta familie i nabolaget.

Farmor til Are, Jenny, arbeidde på kafe, fyrst i Florø, deretter i Sauda.
– Der møtte ho ein utruleg stileg fyr, Arthur Skoglund (1894-1976), med eigen bil. Han fekk mora Anna (f.1874) sitt svenske etternamn, sidan ho fekk han utanfor ekteskap. Foreldra hennar  kom til Norge kring 1865, etter at mange i slekta deira døydde i fattigmannsepidemien kolera, fortel Are Skoglund.

Rundt 1900 var det så mange svenskar i Oslo at det vart snakka svensk i fleire bydelar. Oldemor Anna var den fyrste kvinnelege arbeidsformannen i Norge, på ein syfabrikk i Oslo. Ho hadde god løn og eiga leilegheit i Trondheimsveien. Jenny og Arthur gifta seg i Florø i 1919, og flytta til Oslo. – Det var å fare langt den gongen, så heile slekta var møtte fram for å vinke farvel då ho reiste.

Gamlebøen var eit omsorgshus

Farmora Jenny fekk fire barn og den fyrstefødde Alf døydde berre eit halvt år gamal, av tuberkulose. Han vart smitta av bestemora Anna, som var sjuk, men likevel ville ha barnet opp i senga til seg. – Det fekk Agnes til å reise til Oslo for å rydde opp. Ho truga visst med både skilsmål og anna om dei ikkje fekk den sjuke bestemora inn på ein tuberkuloseheim. Det lukkast dei med. Agnes var ved fleire høve ein reisande familieterapeut, med oppbretta armar og mykje kraft, fortel Are med stor respekt for gamletanta på Gamlebøen. Han er sjølv psykolog og har fundert mykje på kor små kår fremjar det beste i nokon, og det verste i andre. Han finn døme i slekta:

Far til Juditta, Johannes Rasmusson Rogaldsvåg (1834-1922), var klokkar på Kinn i 40 år og rodde årleg til Bergen med uer for å kjøpe salt.( Han skal ha kome til verda på Ytre Reksten, faren heitte Rasmus Bendiksen og mora Oline Førdeleitane). – Tippoldefar Johannes rekna seg som ein mann av høg moral og var ikkje nådig då dottera Rakel fekk eit barn utanfor ekteskap. Han var av dette strenge folket som klora seg fast til tilværelsen med fingertuppane. Alle vart ikkje snille av det, meiner Are Skoglund. Oldemora hans, Juditta, tok eit oppgjer med denne strengheita då systra fekk dette «uekte» barnet.

– Juditta stod nok sjølv for ei streng grunnhaldning, men skilde mest mellom beviseleg skikkelege og uskikkelege folk. Det gjorde nok Agnes óg, men begge var svære til å ta seg av folk som trong hjelp på ulikt vis, både i nær familie og elles. For Are Skoglund er dei to døme på at små kår også kan fremje det beste i menneske. – Gamlebøen var eit omsorgshus, slår han fast. Juditta døydde i 1957, så henne hugsar han ikkje. Men han trur ikkje han har møtt eit meir gjestfritt menneske enn Agnes Uren.

Dette måleriet av Gamlebøen har Skoglund fått Trud Nybø til å måle etter eit gamalt bilete.

Mjølkering med flatbrød

Familien til Jenny og Arthur Skoglund i Oslo talde tre søner etter at den fyrstefødde døydde. Det var Harry, Arvid og Einar. Heile familien reiste til Gamlebøen i sommarferiane. Det var fast tradisjon at dei skulle ha mjølkering (rømmekolle) med flatbrød når dei kom, og at dei hjelpte til med slåtten og anna som trong gjerast. – Alle vart sterkt knytte til plassen. Men sidan far min var yngst var han også mykje her åleine, ikkje minst etter at vi flytta til Svelgen i 1963, fortel Are Skoglund.

Einar Skoglund var utdanna jerndreiar då han fekk det for seg at han skulle bli lærar. Han gifta seg med Kari Andersen i 1950 og dei fekk to barn, Are i 1954 og Nina 1958. – Då far skulle levere hovudoppgåva si (om dei grunnlovsforslaga som ikkje vart vedtekne i 1814) vart det brått ledig lærarjobb i Svelgen og det hadde han sikta seg inn på lenge. Han var høgmotivert for jobben på realskulen i Svelgen og fekk den, og hovudoppgåva vart aldri fullført. Han var svært glad for å få jobb nær slekta sin heimstad, og oppteken av at ungdom herifrå fekk seg utdanning og kunne tevle om viktige posisjonar i samfunnet.

Are Skoglund var åtte år då dei flytta til Svelgen. Han snakka austkantdialekt frå Oslo, men somrane på Gamlebøen gav han ei kjensle av å kome heim. Den kjensla er særleg knytt til dialekta her og det har gjort han glad i språk. Han veit ikkje om nokon finare dialekt enn dialekta ute på Bremanger-landet, men sjølv lukkast han aldri med å skifte talemål.

Familien Skoglund kom raskt inn i miljøet i Svelgen fordi svelgaren Ragnvald Rise (1894-1968) og Einar Skoglund var i slekt (Rise var søskenbarn med Juditta) og godt kjende frå sams opphald på Gamlebøen. Familien budde i Svelgen til Bremanger kommune avslutta to-årig realskule og innførde ungdomsskule i 1973. Då reiste Kari og Einar Skoglund toeine attende til Oslo og han heldt fram som lærar der, men med hyppige og lange opphald på Gamlebøen.

Yngstejenta Agnes framfor foreldra Hermann og Juditte Uren. Bak dei står fostersonen Richard Rasmussen og døtrene Maria og Jenny. Foto privat

 

– Kva med meg då?    

Det var ikkje planen at Agnes Uren skulle bli på Gamlebøen all sin dag. I ungdomen var ho aktiv i Frelsesarmeen og hadde fått seg arbeid på eit hotell dei dreiv i London. Ho stod reiseklar då mora Juditta utbryt: «Kva med meg då?» og Agnes tek av seg reisekleda og blir.

– Agnes hadde vore svært motivert og reiseklar. Ho snakka om London med ei avklara sorg. Men mora kunne ikkje sitte att åleine med ei ku og fem sauer. Etter å ha gjeve opp London forlova ho seg med Mandius Sønnervåg, som óg budde på stranda. Men han fekk tuberkulose og hamna på tuberkuloseheimen på Sandane, der han døydde i 1944. Dei gifta seg aldri, men ho gjekk med ringen hans heile livet, fortel Are stille. Ho planta ein vakker hage kring husa, som han trur var til minne om Mandius. Ein kjærleikens hage.

Are Skoglund og kona Berit Nygård bur i Oslo. Dei har to søner og ei dotter, og to barnebarn. Sommarstid er dei fleire på Gamlebøen, men elles i året er han her mest åleine i kortare og lengre bolkar. Han finn seg godt til rette med det, og søkjer den roa han finn her, seier han.

Den pensjonerte psykologen har planar om å skrive bok om sosialiserande miljøterapi, ein utviklingsteori han har utvikla i arbeidet sitt som psykolog og no prøver å utvikle vidare i lag med kollegaer som er interesserte og framleis aktive psykologar. Som psykolog har Are Skoglund arbeidd mest med barn og unge som vert sett på som «verstingar». Dei viktigaste spørsmåla å få svar på for å hjelpe dei meiner han er: «Kvar har utviklinga deira låst seg?» og «Korleis kan vi få normalutviklinga deira i gong att?».

– Vi har fått til utruleg ting med folk når vi tek dette utgangspunktet, men det er vanskeleg å få gjennomslag for det i systemet. Der er oppdraget å behandle psykisk sjukdom, ikkje å få i gong att ei fastlåst utvikling. Det eg kallar «støttande sosialisering og kulturell innpoding» er det menneske treng. Det fekk eg her på Gamlebøen og det har vore sentralt for meg å bruke som psykolog. Men det har vore tungt å omsette det til miljøterapi i praksis rundt om i ei tid der sjukdomsbegrepet rår hos alle leiarar, seier Are Skoglund.

Huset på Gamlebøen sett frå der fylkesvegen svingar seg forbi Urane. Foto: Magni Øvrebotten

I år tykkjer han at det har blitt lite gjort, både ute og inne, fordi han fleire gonger har friska oppatt ein lungebetennelse han pådrog seg etter å ha vore koronasjuk i april. Han har både gått for lange turar og vore for tynnkledd i skitveret denne sommaren, meiner han. Are har minna seg sjølv om at oldefar Hermann døydde av lungebetennelse, 51 år gamal, etter ein noko dumdristig rotur.

– Lungene mine er som store, opne og kalde grotter, som tek til seg all kulde og vind. Det kan jo vere ei svakheit eg har frå familien, så det er best å passe seg, ler Are Skoglund med aning av ein alvorleg undertone. Han fylgjer meg ut på trappa der tante Agnes sin eføy held på å få overtaket mellom dei solide steinhellene. Han påpeikar at her framleis er nok å ta tak i, sjølv kjærleikshagar steller seg ikkje sjølv.

 Intervju Magni Øvrebotten, 23.10.22.