,

Aldri opplevd ein slik sommar

Rune Nordbotten (58) slår seks gardar i Botnane, men i år er han langt frå ferdig med fyrste slåtten. Det er så mykje væte i jorda at han ikkje kjem utpå med traktor. – Eg har 2,5 månad med fôr av kvalitet, resten er vombafyll, mest berre brukande til ungdyra. Difor har eg alt tinga to trailerlass med fôr. Eg har aldri opplevd ein slik sommar før, seier Nordbotten, som har drive som gardbrukar sidan tidleg på 1990-talet.

Mor hans, Kari Nordbotten (93) er no den einaste attlevande av foreldregenerasjonen vår i Botnane og ho fortel at det var like eins sommaren 1964. Det var uråd å få høyet turt, korkje i hesjar eller på bakken, og vanskeleg å fare ut på bøen med slåredskap. Det året la vinden hesjane flate. I tillegg hadde ho to bleiebarn, som ho ikkje fekk turka bleiene til. Rune var eit halvt år gamal sommaren 1964. Kari minnest den sommaren som eit mareritt.

– Eg burde sikkert bli motlaus, men eg får ikkje gjort så mykje med dette veret. Det er uråd å fare ut på bøen, køyrer eg der no vert det ei blanding av jord og gras, som ikkje er brukande til noko. Og svære dammar etter meg. Veret må snu ein gong…..

Per dags dato har Nordbotten 40 storfe, av dei 19 mjølkekyr. Men når kalvane vert slakta i løpet av hausten er det 30 dyr som skal ha mat gjennom vinteren. – I år har kyrne fått mest stutkalvar og dei vert slakta som kvalitetskalv når dei er 6.-7. mnd gamle. Å slakte, for å kjøpe att dyr og ikkje fylle mjølkekvoten, er dårleg økonomi. Då er det betre å kjøpe fôr, men det løner seg lite å kjøpe fôr til kjøtproduksjon, seier han.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Han prøver å slå litt kveldsmat til dyra langs vegen, der det er turrast. Men spora er tydelege.

 

– Kva kostar to trailerlass med fôr?

– No stig jo alt i pris, så det er litt usikkert. Men ein stad mellom 140.000 og 150.000 kroner. Nettoen forsvinn. Eg får vere glad for at det er eit godt turistår, med godt belegg på utleigehytta. Der er det så nær hundre prosent utleige som det går an å kome.

Sverm av fiskemåsar

– Har du fått slege noko i august i det heile?

– Ja, eg slo litt i månadskifte juli-august, og det var kolsvart etter meg. Det vart ikkje betre då det kom mellom 200 og 300 fiskemåsar, som vi kallar småmåse, og la seg på bøen for å ete makk. Dei kom så tett på traktoren at vengene slo mot ruta i hytta. Dei forfølgde meg rundt traktoren, det har eg aldri vore borti før.

Dette bilete er henta frå Fjesbok-sida til Nordbotten. Han har teke det frå traktorhytta 30. juli.

– Er det ikkje vanleg at måsen legg seg på bøen når du slår?

– Jau, det er vanleg med måse på marka i august. Men ikkje i slike mengder. Dei seinare åra er det berre gråmåse og svartbak som har hekka og halde seg her. Fiskemåsen har vorte bymann og held seg i Florø og Førde, der det er jamnare tilgang på mat folk kastar frå seg.

Berre åtte dagar med opplett

Rune Nordbotten har registrert veret i Botnane i 47 år og har aldri målt så mykje nedbør i juni-august før. Det har snart passert ein meter.

– Frå 10. juni til 12. august har vi hatt berre åtte dagar utan nedbør. Det er uvanleg. Tidlegare har det i same tidsperiode vore 20-25 dagar opplett slik at det går an å slå. Som regel har det brukt å vere ei veke med godver slik at ein får slege.

– Kva er det nærmaste du kan samanlikne denne sommaren med?

– I 2001 registrerte eg mest nedbør i juni-juli-august. Då var det likevel 23 dagar opplett i juni-juli, og medrekna august var det 34 dagar opplett. Så vi har fått vår del av nedbøren sommaren 2022, slår han fast.

– Du snakkar ofte om eit verskilje som ligg ved Botnane. Er det det som har heimsøkt oss denne sommaren?

– Ja, når det ligg høgtrykk sør for oss og lågtrykka ligg ut i havet då vert nedbøren pressa ned her, men trenger ikkje så sterkt innover land. Vi har fått 175 mm til no i august. Til samanlikning har det kome 97 mm i Svelgen, 57 i Davik, 109 på Fureneset og 70 mm i Bergen på dei tolv fyrste dagane i august.

– Har du ikkje for tung traktor når du ikkje kjem deg ut på bøen utan å køyre opp jordet?

– Så vått som det er no er det mest uråd same kva eg brukar av redskap. Det var ikkje råd med den gamle traktoren min heller, som eg brukte før den gjekk sund. Den nyaste traktorane veg fort 6-8 tonn.

 

I Nordbotten er det både nyslegne jorde og bøar der håslåtten burde vore teken.

Nordbotten slår seks gardar i Botnane og har så langt fått slege fire av dei. Han er ferdig på sin eigen gard og nabobruka i Nordbotten. Der skulle han no ha slege håa, men får ikkje gjort det heller på grunn av regn og væte.

– Korleis kan du rekke over dette åleine?

– Nei, når eg får slege er det arbeid frå seks om morgonen til midnatt. Stundom tek eg natta til hjelp også. Eg har yngste dotter vår, Karen, med meg i siloen og prøver å få hjelp til å mjølke, slik at eg slepp det når det står på som verst med slåtten.

Høymolen ser ut som plantefelt

I Øvrebotten ser høymolen ut som ein juletreskog.

Rune Nordbotten slår også dei to gardane i Øvrebotten og der har han ikkje fått byrja. Der ser høymolen ut som brune plantefelt og gjev ein skrekkvisjon om korleis det kan bli sjåande ut den dagen heller ikkje Rune slår lenger. Høymolen likar seg ekstra godt når det er mykje væte.

– Ja, høymolen blir ei større og større plage, og det blir ikkje betre når han får stå og frø seg no når eg ikkje får slege. Den tid alle hadde sauer og kyr som åt han, var det råd å ha kontroll med høymolen.

– Korleis då?

– Vekselbruket mellom sauer og kyr var nyttig. Sauer er gode beitedyr på høymol, dei et alt og gjekk på bøen vår og haust. Dei forseinka høymolen på våren, det er alltid mjukt gras der sauene beitar. Kyrne beita der etter at håa var i hus. Dei åt også den høymolen som ydda opp att. Men no er det lite av dette vekselbruket.

Bøen, den innerste garden i Nordbotten er eit godt døme på ein gamal bø der det var slikt vekselbruk og høymolen ikkje har fått tak. Difor jyllar ikkje Rune der, det spreier berre høymolefrøa, som har passert kyramagane.

– Kvifor sprøytar du ikkje mot høymol?

– Eg gjorde det i Mækja for to år sidan, og i fjor var all høymol vekke der, men i år er han på plass att. Frøa ligg i jorda. I 2020/21 trudde eg at eg fekk litt hjelp av insektet gullsmed, som gjekk på høymolen i svære svermar og åt opp alt det grøne på han. Men heller ikkje det reduserte mengda med høymol.

Hjorten forseinkar slåtten

Rune Nordbotten er gardbrukar i Garden der det er tradisjon for å vere dei fyrste som byrjar å slå i juni. Far hans, Johannes, byrja å slå 10. juni mest same kva som stod på.

– Det går diverre ikkje lenger. 10. juni er det berre ei veke eller to sidan store flokkar med hjort beita på bøen og åt graset nedåt. Då eg byrja som gardbrukar på 1990-talet slo eg garden tre gonger. Det varde til tidleg på 2000-talet, men no er det uråd. No er 18.-20. juni det vanlege, litt avhengig av veret. Det er ideelt å slå frå då og fram til 1. juli. Då får ein beste graset. Og håslått frå 1. august omlag.

– Men i år gjekk ikkje dette?

– Nei, men det må vel bli ei råd slik at eg får slege resten. Men nett no ser det ikkje lyst ut på vermeldinga. Eg håpar ikkje dotter Birthe vert sanndrøymt. Ho drøymde at eg slo i silo julafta!

Intervju og foto Magni Øvrebotten 12.08.2022.