Håpar mange kjem på julemessa 25. november

(29.10.2023) Det heiter seg at vil du ha noko gjort skal du be nokon som har nok å gjere frå før om å gjere det. Kanskje var det slik leiaren i Botnane og Årebrot grendalag tenkte då han i fjor spurde Britt Maret Sunde om ho kunne få med seg folk og lage til ei julemesse?

 – Åsmund hadde fått med seg at vi var nokre kvinnfolk som møttest på Årebrot grendahus for å sy i lag og lurde på om vi kunne ta opp tråden frå tidlegare julemesser i Botnane og i Vindspollen? Vi fekk frie tøylar, drøfta det litt og vart samde om å prøve med julemesse og kafe på Årebrot grendahus. Sjølv om vi var litt skuffa over frammøte i fjor, gjev vi oss ikkje og prøver på nytt laurdag 25. november, frå 13.00-16.00, seier Britt Maret Sunde.

Britt Maret Sunde på julemessa i fjor med strikka og quilta ting ho har laga. Det er  også handarbeid av andre på dette bilete.

Etter julemessa i fjor møtte ho fleire som ikkje visste at ein på laurdagar kan ta rutebåt frå Florø til Villevika. Båten går frå Florø kl. 13.00 (båten til Smørhamn), er framme på Villevika kl.13.10, med retur til Florø kl.16.00. Dei som ikkje er førte til å gå frå kaia til grendahuset kan avtale skyss med å ringe Britt Maret på førehand, så vert det organisert køyring.

– Med dette tidsrommet til rådvelde har folk god tid til både å sjå, drikke kaffi og ete heimelaga mat på kafeen, før dei bestemmer seg for kva dei vil handle, seier Britt Maret. Ho er litt forundra over kor få som veit kvar Botnane og Årebrot er. – Folk trur Årebrot er ei øy, utan samband med omverda!

Dei som vil ha ekstra god tid på julemessa og kafeen kan kome med bil langs Frøysjøvegen, der dei tek av i Myklebustkrysset rett etter/før Magnhildskar-tunellen, alt etter om dei kjem fylkesveg 614 frå Førde/Florø-kanten eller frå Svelgen/Nordfjord. Det står Botnane på skiltet og det er berre å køyre vidare sørover derifrå, så endar ein på Årebrot. Grendahuset der har adresse Frøysjøvegen 4200 og det er god plass til å parkere.

Årebrot grendahus, Frøysjøvegen 4200.

Kvalitet i både mat og handarbeid

I år er det ti utstillarar med kvalitetsprodukt innan mat og handarbeid på julemessa. Der er arbeid i toving, strikking, tegerbinding, quilting, måling på stein og tre. Av mat er det honning, lefser, natronkaker, fiskebrød og kanskje meir når vi kjem så langt.

I tillegg kan ein førehandstinge røykt laks, som vert levert på julemessa. Det gjer ein med å ringe Kåre Vedvik direkte på mobil 41 32 55 02. Det kostar kr. 350 for ei halv lakseside, som er delt i fire og vakumpakka.  Julemessa og kafeen vert avslutta med eit lynlotteri med gevinstar frå messa, der inntekta går til grendahuset på Årebrot.

– Men er det ikkje vanskeleg å konkurrere med alle julemessene som er rundt om?

– Jau, det er det sjølvsagt. Men vi har prøvt å styre unna å ligge for tett opp til liknande arrangement i Florø. Sanitetsbasaren der er 5. november og julemessa 11. november. Då er det litt pust i bakken før vår julemesse 25. november. Vi håpar på fint ver og godt føre, og at både lokalbefolking og andre kan ha glede av å møtas ein laurdag på Årebrot grendahus. Til mat, prat og julehandel. Det er ein utstillar i kvar sjanser. – Vi skal ikkje konkurrere med kvarandre i ei slik lita bygd, slår ho fast. I tillegg er det utstillarar frå både Kalvåg, Svelgen, Florø, Førde og Myklebust.

Strikkar over alt

Britt Maret Sunde strikkar på eit par lubbar medan vi snakkar. Ho er av dei som alltid har eit handarbeid i hendene eller i veska. – Eg strikkar på båten, på bussen, ja, over alt om høvet byr seg. Det strikkearbeidet som krev konsentrasjon ligg heime, det eg kan tyte til er med på tur.

– Du syr og strikkar til julemessene heile året du då?

– Ja, eg driv med handarbeid heile året, men ikkje med tanke på messene/basarane. Eg gjev vekk mykje, men litt har eg att til basarar og julemesser.

– Har du alltid vore oppteken av handarbeid?

– Ja, eg lærde å strikke då eg var seks år gamal. Heime på Askrova hadde vi ei gamal tante av far min buande på loftet. Kristofa Sunde heitte ho, trur jentenamnet hennar var Sørgulen. Det var ho som lærde meg å strikke. Ho hadde tid, det hadde ikkje farmor og mamma. Og dei tre damene hadde alltid handarbeid i hendene når dei sette seg ned. Det var slik det var den tida, no er det meir uvanleg, sjølv om strikkelysta har teke seg opp blant folk.

Britt Maret fortel at mora fekk seg elektrisk symaskin då Britt Maret var 7-8 år, og ho fekk lov til å bruke den nye maskina!! Mora var mindre redd for at ho skulle øydelegge den enn bestemora si gamle sveivemaskin.  – Vi var fire sysken, bror min var eldst og eg var eldst av oss jentene, så eg sydde dokkekle til systrene mine. Bror min snikra i kjellaren saman med pappa. Ein gong hugsar eg han sa at «den jentungen syr opp ei heil formue i tråsneller», men då fekk han raskt svar frå mamma: «og den andre halvparten av formuen går til spikar», ler ho. Men sjølv om det gjekk mykje i handarbeid var det også aksept i familien for å lese bøker, og Britt Maret likte å sitte i ein krok for seg sjølv og lese.

Det er vid og vakker utsikt frå hytta til Britt Maret Sunde, her sørover mot Villevika, der rutebåtane legg til kai.

Alltid likt meg på Årebrot

No har Britt Maret Sunde leilegheit i Florø og hytte på Årebrot. Hytta kjøpe ho i 2020. Det er ei hytte med utsikt over skipsleia, Villevika og øyriket utanfor Årebrot. Ein kan lett bli sittande å glo her, med naturen og særleg sjøen så nær innpå seg.

– Du var gift med Håkon Årebrot og budde her frå 1975 til 1995, så skilde de lag og du busette deg i Florø og bygde deg seinare ny hytte på Nekkøya. Men så selde du den og kjøpe hytte på Årebrot. Kvifor?

– Eg har alltid likt meg godt her på Årebrot, det minner meg om Askrova og eg er glad i naturen, sjøen og fjella. Her er flott å sykle og gå tur, og med ei hytte som treng oppussing vert eg ikkje arbeidslaus. Treng eg litt hjelp kan eg spørje Håkon om det, verre er det ikkje.  Dessutan er det lettare å kome seg til og frå her med båt, sidan eg ikkje har bil. Eg likte aldri å køyre bil, så eg brukar beina, sykkel, båt, buss og fly. Nokon må gjere det også.

Nordsjøen var ein god arbeidsplass

Ho er van med å reise og ta seg fram etter over 30 år på plattform i Nordsjøen. Der var ho reinhaldsleiar dei fleste åra. – Eg likte meg verkeleg godt i Nordsjøen. Det var travelt, men flott å arbeide der. Mykje godt kameratskap og venskap. Der må ein lære seg å leve tett på andre, ta omsyn og ikkje ryke uklar med folk. Blir det ei konflikt må du rydde opp i den, elles kan du ikkje vere der, rett og slett.

Britt Maret Sunde var 33 år då ho byrja å arbeide i Nordsjøen og hadde tre born heime på Årebrot, den yngste var tre år då ho byrja i Nordsjøturnusen. I starten var det to veker ute og tre veker heime, seinare vart det to veker ute og fire veker heime. Tolv timars arbeidsdag i to veker når ho var på arbeid. I 2017 vart ho langtidssjukmeld og tok tidleg pensjon 63 år gamal. Ho er revmatikar og kunne ikkje arbeide så mykje lenger.

– Mi store frykt då eg slutta i Nordsjøen var å bli sittande i ein stol, gamal og einsam. Eg bestemte meg for å vere aktiv, og no har det teke heilt av, ler ho. Britt Maret er aktiv i  Saniteten i Florø, Flora husflidslag og ho er leiar av Flora revmatikarlag.

– Vi prøver å vere aktive med å få folk ut, gje dei opplevingar, trene i terapibassenget og bli med på ein fast gåtur i veka. Vi har mange medlemmer, men få er aktive. Det må vere opp til den einskilde, men det er kjekt å sjå kor folk blomstrar opp når dei berre kjem seg ut. Han kjem tidsnok den dagen vi vert sittande i ein stol og ikkje kan gjere det vi vil, seier Britt Maret Sunde med ettertrykk.

Tekst og bilete Magni Øvrebotten, 29. oktober 2023