,

«Det er berre ho Gerd»

Sommarkveld i Botnane. Moloen i inste Stegen i Øvrebotten. Foto: Gerd Gjelsvik.

Sidan i sommar har det blitt lagt ut mange fine bilete på Fjesboksida til grendalaget, frå strekninga Myklebust – Sørgulen – Botnane – Villevika. Med signaturen GGJ. Kven er det, har vi lurt på. Det syner seg å vere Gerd Gjelsvik, frå Førde, som i årevis har vore hekta på å fotografere båtar og har reist mykje til Florø og andre kyststrok for å kome dei nær nok.

No har ho blitt heilt forgapt  i denne strekninga og av kor nær ho kjem båtane i Botnane. Ho er redd folk byrjar lure på denne dama som helst kjem køyrande i skyminga eller tidleg morgon, då det er best lys til fotografering. – Eg vil at folk skal forstå at «det er berre ho Gerd» når dei ser ein grå SUV med KH-skilt. Dei treng ikkje vere på vakt, dei treng ikkje bekymre seg for at eg planlegg å bryte meg inn neste gong eg kjem, seier Gerd Gjelsvik.

Gerd er redd for å kome inn på eit privat tun og kjenne seg til bry. Ho fotograferer frå bilvindauget og går sjeldan ut av bilen. Gjer ho det er ho avhengig av krykkjer og rullestol. 61 år gamle Gerd Gjelsvik har hatt den nevrologiske sjukdommen MS sidan ho var 28 år, og eit fall for 12 år sidan gjorde at eine foten vart tung å dra med seg, sokalla droppfot. Det tek såleis si tid å finne beste plassen å stå med bilen for å få teke dei bileta ho ynskjer. Ho reiser helst åleine for å kunne stoppe der ho vil, sitte så lenge ho vil, og drive på til ho er fornøgd med bileta.

Gerd Gjelsvik med Pollen i Botnane i bakgrunnen. Men det er sjeldan ho forlet bilen for å fotografere. Foto: Magni Øvrebotten.

– Tenk å bu på ein slik plass

– Når eg svingar av på Myklebust får eg ei slik god kjensle, som berre forsterkar seg når eg nærmar meg Botnane. Eg reiser mykje rundt omkring, men denne kjensla får eg berre her. Fyrste gongen eg kom hit var det for å kome nærmare båtane, men så vart eg så fasinert av naturen. Han minner meg om å reise ut til Stavestrand og Staveneset heime frå Kvammen. Men det er noko eige her. Eg håpar folk ser det eg ser, og eg vil gjerne dele denne opplevinga. Tenk å bu på ein slik plass, dei er jammen heldige, seier Gerd Gjelsvik.

Etter at ho byrja legge ut bilete på Fjesboksida til Botnane og Årebrot grendalag og Sogn og Fjordane i bilete får ho respons på kva det heiter der ho har teke bileta, og blir på det viset betre kjend med stadnamna enn kartet hjelper henne med. Fyrste gongen ho var i Botnane kom ho i kontakt med ei dame som tipsa henne om å legge bileta ut på Fjesboksida til grendalaget.
– Ho ba meg stoppe til kaffi når eg kom på tilbaketuren, men då var eg så sliten at eg måtte kome meg heimatt. For meg er det terapi å fare rundt på desse turane. Eg kjem inn i ei boble, leve her og no og tenkjer ikkje på at eg MÅ noko.

Her kjem ein både nær på båtane og får Kinnaklova i bakgrunnen. Foto: Gerd Gjelsvik.

– Korleis byrja denne fasinasjonen av båtar?

– Eg vaks opp i Kvammen i Førdefjorden og var van med å ta båt same kvar vi skulle. I den tida var det også mykje større båttrafikk på fjorden enn det er i dag. Eg hugsar lydane, lukta av tjøre, tauverk. Ja, eigentleg er eg vel fasinert av alt som har sjel i seg, som gamle båtar, hus, naust og bilar. Men det er noko spesielt med båtar…………………

– Eit sakn?

– Ja, absolutt. Eg gifta meg, fekk tre søner og budde slik til i Førde at eg ikkje såg sjøen. Eg sakna sjøen, så eg byrja å køyre dit det var sjø og båtar å sjå, særleg til Florø. Har vore mykje på kaia der og fotografert båtar fram gjennom åra. Der spurde eg også folk om kvar eg skulle fare for å fylgje båtane nordover leia, til det eg no skjønar er Årebrot og Botnane. Men det var ukjent for dei i Florø, det virka som det korkje var veg eller båtsamband dit. Men i sommar tok eg endeleg kartet fatt sjølv.

Kvinnfolk og båtar

Gerd Gjelsvik vart uføretrygda i 1993, på grunn av MS-sjukdomen. Ho prøvde å arbeide så mykje ho makta og selde kjemikaliar og reingjeringsmiddel til mellom anna båtar. Ho følgde med på skipslistene og vart med i ei gruppe på nettet om lastebåtar. – Der diskuterte eg med karane om korleis ein før heiste dyr om bord i båtane, slik eg hugsa det frå heime i Kvammen. Men som kvinnfolk følte eg meg ikkje heilt velkomen i den gruppa. Det var nok av andre grupper å vere med i, så deretter vart det sider for fraktebåtar, fjordabåtar og fiskebåtar eg konsentrerte meg om.

– Er det framleis nokon som reagerer på at du som kvinnfolk er så oppeken av båtar?

– Ja, det er det, men det får dei berre gjere. Det er ikkje genetisk bestemt at det er ei interesse berre for menn. Eg får mykje skryt for videoane eg tek og legg ut, der kjem også lyden med. På nyare båtar er det mest ikkje lyd, veit du….

– Kva gjer det med deg å reise rundt og ta bilete?

– Det er reine terapien for meg. Då slappar eg av, nyt det og blir glad av det. Trur mange ikkje forstår korleis det er, kor viktig det er å kome seg ut og oppsøke noko som gjev meg opplevingar og kontakt med folk. Eg kjenner meg betre. Ja, eg føler faktisk at eg også går litt betre når eg har vore ute på desse turane mine.

– Korleis unngår du å bli bitter?

– Det hjelpe ingenting å sette seg ned å synest synd i seg sjølv, det vert ein berre verre av, tru meg. Men eg har hatt stor nytte av at eg er så sta. Livet har også lært meg at det er meir helsebot i å vere positiv enn negativ. Ikkje henge meg opp i bagatellar, ikkje ta sorgene på forskot. Sjølv når ting virkar håplause så ligg det noko godt der framme.

Motiv frå Uravika. Foto Gerd Gjelsvik

Stamcellebehandling i Mexico

– I 2016 tok du stamcellebehandling mot MS i Mexico?

– Ja, men eg gjekk mange rundar med meg sjølv før eg våga meg på det. Det var mykje tru og tvil, både av økonomiske grunnar og helsa. Om eg ikkje hadde øydelagt eine foten i 2011 veit eg ikkje om eg hadde teke stamcellebehandling. Eg hadde i alle høve ikkje kunna gjort det utan at eks-mannen min var med meg til Mexico og også hjelpte meg økonomisk. Det er ikkje mange slike eks-menn, legg ho til.

Det er helsebot i turane rundt om for å fotografere, meiner Gerd Gjelsvik. Foto: Magni Øvrebotten.

Etter stamcellebehandlinga har ikkje MS-sjukdomen utvikla seg vidare, men dei skadane han hadde gjort dei mange åra før stamcellebehandlinga er der. Den avstiva ankelen på venstre foten gjer at ho kan gå med høgre foten, men ikkje den venstre. Det krev sterke armar å ta seg fram med krykkjer, og rullestolen bør vere i nærleiken. Det er den ho brukar mest.

– Men så glad som du er i sjøen, bur du slik at du ser sjøen no?

– Ja, eg leige eit hus på Hornnes i Førde. Fyrste gongen eg var der kom det sigande ein båt inn fjorden og eg var heilt fortapt. Eg er eigentleg ikkje noko bydame, men med den helsa eg har, og born og borneborn i Førde er det praktisk å bu her. Men hadde eg vore friskare hadde draumen vore å bu i Botnane, der det går alle slags båtar forbi stoveglaset heile tida. Då hadde eg landa 100 %. Håpar dei veit kor heldige dei er dei som bur der. Så får eg kome på turane mine for å fotografere, i alt slags ver, seier Gerd Gjelsvik.

 

 

Intervju Magni Øvrebotten 29.10.2023