30 år sidan vegen til Sørgulen opna

Den 11. desember 2023 er det 30 år sidan vegen mellom Botnane og Sagebø i Sørgulen vart opna av dåverande fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Sjur Hopperstad (Sp).

Den dagen slutta ferja å gå og vi kunne køyre til og frå når vi ville, vi var ikkje lenger avhengige av båt eller ferje.

For å friske oppatt minna frå dagen brukar vi delar av reportasjen i Firdaposten, frå 13.desember 1993. Utklyppa er frå framsida og ei heilside i avisa: 

Då alle vegar førte til Årebrot

Aldri før har nemninga «julekveld på forskot» høva betre enn på Sagebø laurdag. Snøen lava ned under vegopninga, og arrangørane hadde til og med kosta på seg eit juletre med lys. Under treet låg ein pakke med 13 kilometer med møteplassar.

Vidare skriv journalist Hans Morten Sundnes: Medan Smørhamn-ferja forsvann i snøkavet mot Bremanger, stoppa bilane opp ved Sagebø for siste gong. Kan hende var det også siste gong på lenge Sogn og Fjordane skulle opne eit slikt fylkesveganlegg.

– Det er ikkje kvardagskost i dag å opne store fylkesveganlegg, fastslo vegsjef Lars Lefdal. Det merka ein også på Firda Billag-direktør, Bjørn Nordberg, som knipsa på høgt turtal i snøføyket. Per Ytrehus hadde tatt vegen over fjorden på si siste vegopning som samferdslekomiteleiar.

Først og fremst tilhøyrde dagen likevel gamle og unge mellom Sørgulen og Villevik-kaia. Alle flokka dei seg føre flaggportalen, juletreet og talaroverbygget medan fylkesordførar Sjur Hopperstad tok mikrofonen og det aller første «Mellom bakkar og berg»-sitatet den laurdagen:– Ja, slik er det – og slik ynskjer me å ha det også i framtida. Me ynsker at forholda vert lagt slik til rette at folk kan byggje og bu der dei høyrer heime – der dei har røtene sine, la han til, kvessa saksa og opna ei ny verd for sørvestlege Bremanger og nordvestdelen av fastlands-Flora.

– Fridom, tok leiar i Arbeidsnemnda for fast vegsamband Årebrot og Botnane, Åsmund Berthelsen, i då vegfesten starta. Ordvalet var sterkt, men ingen av dei høgtidssame langs langborda fann dei upassande. Vegfesten i Årebrot grendahus var prega av sterke ønsje om å finne høvelege ord i slutt-timen for 50 år med vegkamp.

I reportasjen går det vidare fram at det var samla 200 menneske til matservering og program i Årebrot grendahus. Det var stappfullt med folk både i salen, det største klasserommet og i gangen. Vegfesten markerte slutten på 50 års kamp for veg og journalisten spør: «Kan hende har dei mange åra utanom asfaltnettet vore med på å odle ordkunst og diktarsjeler? For dei er det mange av mellom Sørgulen og Årebrot-skulen», og han ramsar opp: «Knut Gulestø (som hadde skrive prolog), Sigrid Øvrebotten (som hadde skrive song), Jan-Magnus Bruheim (som hadde budd i Botnane og det vart brukt dikt av) og Fridtjov Urdal (som hadde skrive duolog i høve vegopninga, framført av Åsmund Berthelsen og Torbjørn Øvrebotten), og talar av Johannes Nordbotten, Åge Tansøy og mange. mange fleire».  

«Alle hadde sin måte å uttrykkje seg på, men dei sa om lag det same: Signe ferja og det som var. Takk for vegen og kampen i lag», skreiv journalisten i Firdaposten.

«Masar du lenge nok blir dei leie»

I Arbeidsnemnda for fast vegsamband til Årebrot og Botnane hadde fleire vore medlemmer fram gjennom åra. Den dagen vegen vart opna var desse med: Åsmund Berthelsen, leiar, Johannes Nordbotten (1929-2022), Else Frøynes Sande, Håkon Årebrot og Randi Holsen. Dei hadde vore på tallause fylkesting for å snakke vegen si sak, og møtt mange nederlag. Johannes oppsummerte det slik, i fylgje Firdaposten:

– Har du masa lenge nok blir dei leie av deg til slutt, slo ein av dei eldste vegforkjemparane, Johannes Nordbotten, fast. Fleire nytta ordet svangerskap om den femti år lange kampen for vegutløysing. Takken gjekk på kryss og tvers, sjølvsagt til den driftige Botnane-svigersonen Berthelsen, som leia arbeidsnemnda dei siste 11 åra, og slutta av med å leie maratonfesten. Takksemda for at vegen endeleg vart handfast gjekk særleg til engtrepenør Svein Yri, som faktisk har lagt grunn for vegen heilt inn til riksvegkrysset på Myklebust.

Trass i gleda, verka det som alle i salen var klar over at dei også sa farvel til noko verdfullt. – Det var verdiar i dei veglause grendene. Dei hadde ei ro og eit fellesskap. No må vi finne nye former for desse verdiane, sa festleiar Åsmund Berthelsen og fekk mange med seg. Heidringa av Ragnvald Sørbotten var også ein måte å gjere opp for det som har vore. «Krumtappen i Botnane» blei 69-åringen kalla. Frå 50-åra til siste ferjestogg har Sørbotten vore ekspeditør på Botnane-kaia. Men han har også vore postopnar, transportert mjølka og vore linjevakt for kraftlaget. No må han og dei andre bu seg på eit anna liv.

– La forandringane kome, mana Fridtjov Urdal. Heilt til slutt klipte også Åsmund Berthelsen av navlesnora til fortida: – No er Arbeidsnemnda for fast vegsamband til Årebrot og Botnane oppheva», sitat slutt frå Firdaposten 13. desember 1993.

PS: Når eg kjem meg heim til Botnane skal eg sjå i albuma til far min, Arne Øvrebotten. Der er det nok bilete frå både opninga på Sagebøen og festen på Årebrot 11.12.1993.

Magni Øvrebotten 14.11.2023.