,

30 år med veg – fin markering søndag!

Leiaren i Arbeidsnemda for fast vegsamband til Botnane og Årebrot Åsmund Berthelsen gjekk gjennom kampen for veg til dei to bygdene på 30-årsmarkeringa søndag 3.12.

Er det her det skal ende? Det var tittelen på eit hefte som Arbeidsnemnda for fast vegsamband til Årebrot og Botnane sende til fylkespolitikarane i 1984. Med det starta  sluttkampen for veg mellom dei to bygdene. Og det vart veg, og dagane då vegstrekningane vart offisielt opna er to merkedagar i historia til Årebrot og Botnane, 1.august 1987 og 11.desember 1993.

22 kom, åt middag og prata. Dei fekk også høyre kortversjonen av historia om vegen som til slutt vart ein røyndom.

Og dette ville grendalaget markere og inviterte til fellesmiddag i grendahuset i Botnane i dag, søndag 3.desember. 22 kom, åt ein god middag og prata om den lange vegkampen. Og fekk ein gjennomgang av veghistoria, frå 1930-talet og fram til den 11.desember 1993 då det var offisiell opning av den siste parsellen, frå Sagebø til Botnane. Den 1.august i 1987 var det offisiell opning ved grensa mellom Flora og Bremanger kommune, ved Husefest.

Leiaren i samferdsleutvalet i Vestland, Arve Helle var invitert og kom. Han hadde aldri køyrd Frøysjøvegen frå Myklebustkrysset og sørover. Men han hadde vore innom Botnane med ferja som gjekk frå Smørhamn, via Botnane til Florø. Den slutta å gå den dagen vegen mellom Sørgulen/Sagebø og Botnane vart opna.

Helle tykte veghistoria var spennande og interessant å høyre, og han kjende seg mykje att med den kampen dei hadde hatt for Dalsfjordbrua gjennom nokre 10 år fram til realisering for 10 år sidan i  2013.

Randi Holsen, t.v og Else Frøynes var aktivt med i Arbeidsnemnda for fast vegsamband til Årebrot og Botnane og var på fylkestinget fleire gonger for å få vegen inn på vegbudsjettet.

Arbeidsnemnda for fast vegsamband var samansett av folk frå båe dei to bygdene. På festen søndag var Else Frøynes, Randi Holsen, Håkon Årebrot og underskrivne med. Solbjørg Sørbotten var også med då nemnda var på fylkestinget for å påverke politikarane. Johannes Nordbotten og Norvald Seljestokken er døde.

I mitt riss av veghistoria stilte eg spørsmål om kva vegsaka handla om, og korleis vi nådde fram. Svaret på det fyrste var at det handla om framtida for bygdene. Det var eit vere eller ikkje vere. Kanhende spesielt for Botnane som ikkje hadde veg fram til snøggbåtane som trafikkerte Villevika på Årebrot. Vegen mellom dei to bygdene gjorde at dei kunne pendle til jobb i Florø.

Flytte til bygda

Nokon flytte til bygda på lovnad om veg – og fleire kom då vegen var eit faktum. Og det er fleire arbeidsplassar enn innbyggarar i dei to bygdene. Så her er det innpendling.

I Botnane bygde folk sjølv veg gjennom bygda  frå 1930-talet og framover til kring 1960. Sysselsettingsarbeid og eigeninnsats var oppskrifta. Frå Villevika og nordover vart det bygd vegfondsveg med ein sum kvart anna år. Men denne vegen stoppa i fleire år, 500 meter frå Breivika der det budde tre eldre menneske i 1984.

Det vart etterkvart brukt hardare ord for å påverke. Her frå ei fråsegn vedteke på folkemøte den 13.mai 1984

Oppsitjarane i Botnane prøvde å få kommunen til å bygge veg sørover mot grensa til Flora, men fekk knapt svar. Og i eit vedtak sa Bremanger kommune direkte nei til å ta inn vegprosjektet.

Men kring 1980 var tålmodet slutt og ein brukte hardare ord og  ba ikkje lenger om veg, men kravde det. Her er eit døme frå eit folkemøte 13.mai 1984:

Ei ny tid

Arbeidsnemnda skreiv ikkje lenger berre brev, men reiste på fylkesting og møtte politikarar frå alle parti. Og vi hadde møte med Samferdsleutval. Vi gav oss ikkje, men det var både oppturar og nedturar. Gladmelding eine året – og sjokk neste år. Til slutt vart det eit spleiselag for å få bygd vegen mellom bygdene. Og så kom vegen nordover frå Botnane til vegen som alt vart bygd til Sørgulen/Sagebø.

Bremanger kommune var lenge ikkje til stor hjelp. Og då kommunen bygde fleire vegar til bygder i kommunen kom ikkje Botnane med, men då kom vegen inn i fylkesvegplanen vegparsellen vart realisert.

Det som for mange var ein draum vart røyndom til slutt! Og ei ny tid kom til bygdene. Dei hadde fått fridomen til å reise og kome når dei ville – og dei kunne pendle med bil, båt og buss.

 

Teskt: Åsmund Berthelsen

Foto: Magni Øvrebotten