, ,

Ein kunstnar med kniven

Kvar gong eg ser skulpturane til Aase Botnmark vert eg minna om at eg lova henne å skrive om farbror hennar, Thorbjørn Øvrebotten (1886-1967), som skar geiter, kyr og sauer i tre med tollekniven. «Han var ein kunstnar med kniven», sa Aase, og fortalde at ho kjende på eit sterkt kunstnerisk slektskap med denne onkelen. «Vi hadde same givnaden», sa Aase Botnmark.

Thorbjørn Øvrebotten og litt av alle dyra han skar i tre. Bilete er teke 30. september 1962, av fotograf Kaare Botnmark. 

Farbror til Aase var farfaren min og eg har vegra meg for å skrive om mine eigne. Men no er det ikkje lenger så mange andre som kan fortelje om den store geiteflokken hans i tre. Den er etter kvart delt i mange mindre flokkar og enkeltdyr til oldeborn, borneborn, born, folk han var onkel til og andre som han, eller Besta Magna, sette pris på. Mange har truleg ei geit i hylla, som dei har arva, men ikkje veit meir om. Nokon godt vaksne hugsar kanskje monteren med «Bukkane bruse», i samband med Florø by sitt 100-årsjubileum 16. mai 1960? Der hadde Aase Botnmark dramatisert dette eventyret med Bestefar sine bukkar i ein monter for Florø husflidslag, på Florø barneskule (?) Der var det mange utstillingar av det folk dreiv på med i området i 1960, og eg har eit svakt minne om at vi var på Flora for å sjå bukkane til Bestefar på utstilling.

Aase Botnmark si dramatisering av eventyret «Bukkane bruse» til ei husflidutstilling i høve 100-årsjubileet for Florø by i 1960. Foto: Aase Botnmark. 

Thorbjørn Øvrebotten vart fødd 22. mars 1886. Foreldra var Brita Øvrebotten (1858-1951), fødd Husefest, og Hans Øvrebotten (1859-1928), eigar av inste garden i Botnane. Dei fekk til saman 13 born, to av dei døydde som små barn. Bestefar hadde to eldre brør, August og Peder, som reiste til Amerika og døydde der som unge. Thorbjørn var eldst av dei fem gutane som var att heime og vart såleis odelsgut. I 1923 gifta han seg med Magna Nordbotten (1900-1992) og dei fekk to barn, Arne (1923-2017) og Oddbjørg (1928-2023).

Skar fyrste dyra på anlegg

Til liks med fleire (alle?) av brødrene sine gjekk Thorbjørn Øvrebotten på Holmøy arbeidsskulen, Holmøyane i Nordfjord. Skulen var den eldste i sitt slag her i landet og føremålet med skulen var å gje opplæring i snekring, smiing, måling og teknisk teikning, tilpassa å vere attåtnæring i jordbruket og for handverk på landsbygda. Det var ein god skule.

Det var som anleggsarbeidar på Rjukan-anlegga, truleg rundt 1910, at Thorbjørn byrja å skjere i tre. Vi har ein liten dyreflokk frå den tida, som har overlevd motten (bille som går på treverk). I Telemark laga han små modellar som kom att i seinare og større arbeid. Bestefar si tid som anleggsarbeidar omfatta også starten på kraftutbygginga i Svelgen kring 1917. Kor lenge han arbeidde der veit eg ikkje, men frå starten av 1920-talet dreiv han garden i Botnane med geiter, kyr og hest.

Dyreflokken frå då han byrja skjere i tre, som anleggsarbeidar rundt 1910. Foto: Magni Øvrebotten.

Under andre verdskrig (1940-45) var han aktiv i motstandsarbeidet mot den tyske okkupasjonsmakta. Vi veit ikkje når han byrja med det, men i alle høve frå januar 1944 til krigen slutta var han og familien hans med i arbeidet med å gøyme og halde mat i motstandsfolk, fyrst i heimehusa, seinare i ei spartansk hytte i Nøre dalen. Der hyste dei 6-7 mann og ein radiosendar. Våren 1945 måtte Thorbjørn og sonen Arne også gøyme seg på skogen, då tyskarane kom på døra etter dei 13. mars 1945. Det var same dagen som tyskarane fann radiostasjonen Roska i Breivika og skaut radiotelegrafisten Atle Svardal og tok medhjelparen Fredrik Persen til fange. Motstandsmannen Isak Breivik, som dei samarbeidde med, vart og teken til fange den dagen.

Fram på 1950-talet byrja helsa til Thorbjørn å svikte, han fekk problem med å gå. Beina svikta fordi hoftene gjorde det. Det er ei familiesvaktheit som i dag kan opererast, men ikkje den gongen. Han hadde vore ein grusar til å arbeide, seint og tidleg, og hadde teke mange tunge tak både med steinrydding på garden og arbeid i skogen. Han prøvde å henge med i gardsarbeidet så lenge han makta, men med to stavar var det begrensa kva han fekk gjort.

Han var fysisk utsliten, men det låg ikkje for han å sitte gjerandslaus, så han tok opp att treskjeringa frå ungdomen. Kor mange dyrefigurar han laga har eg inga aning om, men det var store flokkar med dyr. Mest geiter. Han må ha vore glad i geita. Han skar også nokre sauer, kyr og stutar, to hundar, ein gris, ei kjerring og ein mislukka mann.

 To tilhogde emne, det største til ein bukk, den minste til ei geit. Det andre er av ei
geit brordottera Aase Botnmark fargela til utstillinga i Florø i 1960. Aase arbeidde då som retusjør og fotograf i Florø. 

Laga kjerring som barnevakt

Fyrst grovhogg han eit emne med øks, for så å gå laus på det med tollkniven. Han trylla fram den eine geita etter den andre. Kjøkkengolvet vart fullt av spon der han sat på ein krakk, mellom vindauget og kjøkkenbordet, og smidde. Som liten unge hadde eg stor glede av å ligge på rygg under bordet og putte spon opp i bestikkskuffa! Kvar gong dei opna skuffa taut det ut spon. Det er slikt berre besteforeldre finn seg i.

Eg var i tre-fire-årsalderen då Bestefar fekk ansvaret for å passe meg medan dei andre var i ei gravferd i bygda. Han skar på ein kvinnefigur og heldt meg i ånde med å fortelje at han laga ei kjerring, ei slik som Besta. Eg sat i vindaugskarmen med føtene på krakken han sat på, og drog i dei breie bukseselane hans. Dei var grå med blå striper. Drog dei ut og slepte så det small mot den breie ryggen hans. Om att og omatt, medan han skar og kjerringa med knute i nakken vaks fram. Tolmodet hans virka endelaust. Då det gjekk i utedøra rende eg ut i gangen og ba alle om å kome og sjå på «sjæringa hass bestefar». Besta var oppteken av at eg måtte arve denne kjerringa. No står ho hjå meg saman med ein mann Bestefar aldri hadde framme. Han er litt kortføtt, eller «for side i lortefallet», hugsar eg det vart sagt om den karen.

Det var dyr, og særleg geiter, han levandegjorde best med kniven. Stolte bukkar som kneisar med hovudet og geiter med føtene godt planta i bakken. Og eit og anna kje. Men det ypperste arbeidet vart kyra, som sleikjer seg bak på låret, rekna for å vere. Ho fanst i liten versjon frå då han var på anlegg i Telemark, og fekk meir liv i seg frå den aldrande Thorbjørn si hand. Den kyra skulle fylgje garden, fastslo Besta.

Kyra som sleikjer seg bak på låret er halden for å vere av det beste han skar.

Geiter på alle skåp og hyller

Det siste bilete av Bestefar og dyra er teke av fotograf Kaare Botnmark (mannen til Aase Botnmark) 30. september 1962, dagen etter at Faster Oddbjørg gifte seg med Ståle Sørbotten. Geitene stod i mengder oppe på alle skåp og hyller. Bestefar skar nok geiter eit tid etter dette, men dei siste fem åra han levde var han lam etter fleire slag. Han vart sengeliggande og kunne ikkje snakke. Besta stelte han heime, med avbrot av fleire innleggingar på sjukehuset i Florø. Han døydde 8. september i 1967. Då var eg 13 år.

Det var vanskeleg at Bestefar ikkje kunne snakke, eg visste ikkje kva eg skulle seie når eg var på besøk i kammerset hjå han. Kvidde meg for å gå inn. Besta måtte alltid vere med og fortelje for meg, kva eg dreiv på med. Eg sat berre der og hadde lyst til å gå, og hadde dårleg samvit for det, både då og etterpå.

Bestefar var ikkje ein veldig pratsam mann, han lytta nok meir enn han snakka. Det var ikkje han som fortalde om då han var liten, det tok storesystra Ragna seg av. Ho budde på nabogarden og var ein forteljar av Guds nåde. Ragna var ikkje tung å be når eg ville høyre om barndommen deira. Eit glansnummer var då fleire av brørne sette ei kyrabjølle på grisen og slapp han ut. Det var vinter, og det vart eit svare leven og vanskeleg å få grisen i hus att. Bestefar hadde vore med på det, men han var ikkje av dei mest kreative spiloppmakarane i brødreflokken, slik Ragna skildra dei. Livet hans elles har eg blitt fortalt om av Besta, Faster og far min. Men dyra hans fekk eg eit nært forhold til gjennom leiken i sponen, og minnet om då hine var i gravferd og Bestefar skar seg ei kjerring, med meg som styggen på ryggen.

Kjerringa Bestefar laga frå to vinklar. Foto: Magni Øvrebotten.

Av Magni Øvrebotten, 23.03.2023.