,

Nytt frå årsmøte

Det kom 14 medlemmer til årsmøte i Botnane og Årebrot grendalag i Botnane 16. mars 2024. Det er eit svært aktivt grendalag, særleg sett i høve til folketalet i området. Vi er heldige med at mange fleire kjenner seg knytte til bygdene og støttar opp om grendalaget, både med å vere medlemmer og delta i arbeidet. Per dags dato har Botnane og Årebrot grendalag 180 medlemmer. Det er rekord.

Framfor årsmøte 2024 gjekk vi nøye gjennom medlemslista og innebetalingane for å ha eit så rett medlemstal som råd. Vi hadde nok fleire enn 148 betalande medlemmer i 2023. Mange har betalt for fleire enn seg sjølv, utan å skrive opp namna på kven dei andre var. Og fleire nye medlemmer har ikkje sendt melding til leiaren om at dei melde seg inn, og dermed vert ikkje alle registrerte med namn på lista. No trur vi det skal vere i orden og vi er glade for alle medlemmer, både nye og gamle. Det gjev ein ekstra kveik i arbeidet at folk støttar opp om laget. Medlemmene er folk som bur her, har vakse opp i desse bygdene, har hytte og eigedom her, eller det er folk som ynskjer å støtte eit lite grendalag og ser verdien av arbeidet vårt.

Årebrot kai
Det kom framlegg om å byte namn på Villevik kai til Årebrot kai, for å hjelpe dei som ikkje er lokalkjende til å finne fram. Styret skal ta spørsmålet opp med vegstyresmaktene og på nytt søkje om å få eit skilt til Årebrot kai i Myklebustkrysset.

Meir parkeringsplass ved gravstaden
Styret vart også oppmoda om å ta kontakt med grunneigar og Bremanger kommune om utviding av parkeringsplassen ved gravstaden i Botnane. Der er det plass til få bilar i tillegg til bårebilen, og det tek lang tid før siste del av gravferda kan byrje, fordi folk må parkere lang frå gravstaden og gå attende dit.

Styret for grendalaget
Åsmund Berthelsen vart attvalt som leiar for Botnane og Årebrot grendalag for eitt år. Nestleiar Nina Seljestokken tok attval for to år, det same gjorde styremedlem Marion van Eck Ederveen. John Sande er nytt styremedlem etter Vetle Aase Øvrebotten, som ikkje tok attval. Styremedlem Helen Aasen var ikkje på val. Varafolk er Hannele Turunen, Britt Maret Sunde og Bjørg Kleiven. Dei to siste er nye. Dei som ynskjer å ta kontakt med folk i styret finn e-post og mobilnummer under «Om oss» på denne sida.

Sigfred Nøttingnes vart attvald som revisor. Valnemnd for 2025 er Elisabeth Ruud Nordbotten, Marit Brandsøy og Solbjørg Sørbotten.