Fem kvelds- og morgondikt
Fridtjov Urdal er ein trufast leverandør til heimesida for Botnane og Årebrot grendalag. Han hugsar som få og er ein framifrå forteljar, både munnleg og skriftleg. På sida for historikk her på Botnane.no finn de mykje lokalhistorie redda for ettertida av Fridtjov.
– Eg kjem på eitt og anna eg òg når han Fridtjov fortel, sa ein annan årebroting ein gong eg gramde meg for lite stofftilfang frå Årebrot. Denne hausten har det losna skikkeleg og eg håpar det held fram.
I år tinga eg dikt av Fridtjov Urdal til jul på Botnane.no, men ikkje nødvendigvis om jula. Og fekk fem morgon- og kveldsdikt, med vare datateikningar til. Med dei ynskjer Botnane og Årebrot grendalag god jul og godt nytt år.

Augustkveld
Seint flør mørkret
i mildmjuke
kvelden.
Stilt ringjer
blåklokkene
hausten inn.
Septemberkveld
Ned skaret
kom blåe
austavinden
fann seg
ei tom hes
spela ein slått.

Oktobermorgon
Dirrande blodig
gloraud glorand
over svarte fjellrand
lauv logande
slokna i svartbrende lier.
Tinkle sauebjøller
frå hi sida elva
staren flokkast
over vasstrekte bøar
roser står enno
i knopp.
Novembermorgon
Nipa fekk kvitt skaut
kaldbleik måne
knasande steg
over gul frosen bø.

Desembermorgon
Katten dryger
i dørglytten
går så med
høge steg
over nysnøa
tun.
