Bryllaupsreise til Botnane

I år er det Jorunn Russøy og Asbjørn Vie som skal spele i gong Bygdehelga Botnane-Årebrot, fredag 11. juli. Dei kjem med konserten «Cohen Boulevard», som dei sette saman i 2016 for å markere ti års samliv. – I år har vi gifta oss og ikkje hatt tid til noko bryllaupsreise, så den får bli til Botnane, ler Jorunn Russøy. Dei er nett ferdige med slåtten og er dei siste som driv med kyr, ja, dyr i det heile, på Vie i Førde.  

Dei har levd og spelt i lag i snart 20 år, og i fleire år spelte dei helg etter helg. – Men vi har slutta med speleoppdrag som byrjar kl. 22.00 og varer utover natta. Det vart for travelt å kombinere med å vere bønder. No tek vi på oss mindre konsertar som den i Botnane. Då treng eg berre skaffe meg fjøsavløysar for ein kveld, seier Asbjørn Vie.

Jorunn Russøy syng og spelar gitar, trompet og kontrabass, medan Asbjørn Vie held seg til tangentinstrumenta. Dei er ikkje knytte opp til ein spesiell musikksjanger. For tida driv dei og øver inn ein julekonsert med norsk popmusikk, saman med andre. Elles har dei spelt både jazz og blues, piano Boggie Woogie, Edith Piaff,  Berthold Brecht og Leonard Cohen. – Vi lagar våre eigne versjonar, som til dømes av Cohen. Han hadde med seg eit ti manns orkester og vi er berre to, så det er ein dyd av nødvendigheit. Det har vore godt motteke der vi har vore før, så vi håpar det slår an også i Botnane, seier Asbjørn Vie.

Han reknar seg sjølv som bonde og spelemann, medan han kallar kona Jorunn ein superkreativ multikunstnar. Mellom mykje anna lagar ho bilete i ulike teknikkar, til dømes i gyldenlær. Til Cohen-konserten har ho laga tre bilete som dei har med på konsert. – Til eit av dei tok eg alle slipsa til Asbjørn og laga til ein installasjon som eg kalla « I’m Your Man», fortel  Jorunn Russøy. Ho har bakgrunn frå kysten, med foreldre frå Værlandet og Russøya, og oppvekst på Askrova. – Det er lyset på kysten eg saknar mest til vanleg, og eg føler meg mest heime når eg sit på eit berg med litt sjø rundt.

Konserten «Cohen Boulevard» fredag 11. juli byrjar kl. 19.00 i Botnane grendahus, Frøysjøvegen 2964. Bilettprisen er kr. 300 og omfattar både konsert, mat og drikke. Du kan betale til Vipps 50 14 65 og merke innbetalinga «konsert». Send også ei melding til leiaren i Botnane og Årebrot grendalag, Åsmund Berthelsen, mobil 93 23 70 73, om kor mange som kjem. Velkomen.