,

Sendebrettbana er ein suksess

– Vi er positivt overraska over bruken av sendebrettbana i Botnane. I påska var det eit titals brukarar kvar dag, og ein dag med turnering, seier Rune Nordbotten. – Teknisk sett er bana kåra til ei av dei beste sendebrettbanane i Sogn og Fjordane, men vi ser at det er mykje vi kan gjere betre, legg Fredrik Espedal til. Han syner til det folk skriv på UDisc appen for bana. Svigerfar og svigerson har eit skikkeleg fellesprosjekt å brenne for i denne bana, saman med dotter/ektefelle Bolette Nordbotten Espedal.  Dei var primus motor, og bygdefolk var med og fekk på plass dei tunge rampane for utkast påska 2023.

Rune Nordbotten orienterer tilreisande om bana tidleg i vår. Foto: Ingeborg Sol Fure.

Botnane sendebrettbane har vore i drift sidan juli 2023, med årlege turneringar i påska og  Bygdehelga Botnane-Årebrot i juli. Det er tilreisande og folk på besøk i bygda som brukar bana, men ho er førebels lite brukt av dei fastbuande. – Det er mange par som går bana, og guteflokkar som kjem hit bil. Og folk som har hytte i området. Frå Kalvåg og Bremanger vert det tidvis sett opp båtskyss inn til Botnane for å bruke bana, fortel Rune Nordbotten.

Interessa for å spele diskgolf, på norsk sendebrett, har nærmast eksplodert dei seinare åra. Nokon legg opp ferien sin etter kvar det er banar. Kanskje starta det under koronaen, slik som for Bolette og Fredrik? Dei flytta til Botnane i fjor sommar og då var sendebrettbana alt på plass. Og faste feriefolk fortel at det er lettare å få med seg ungdommar på ferie hit fordi her er noko å gjere på.

– På nettsida kan eg sjå statistikk for til dømes kor langt folk har reist for å bruke bana. Når appen syner 137 unike spelarar, og dei har med seg familie eller vener, kan vi gange med fire i snitt, og det vert 500 ulike brukarar. Statistikken syner at det er gått 1,5 mill. skritt på denne bana, fortel Fredrik Espedal entusiastisk. Han drøymer om å få til ei turnering mellom banane i Sogn og Fjordane, ein «tour» Måløy, Botnane, Florø, Naustdal, Flekke og Solund. Og no vert det også laga bane i Førde. Fredrik drøymer om å få NM til Botnane. – Det er lov å drøyme, seier Rune.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ei utfordrande bane der sendebrettet må mellom tre og kan også  hamne oppi eit tre. Foto: Ingeborg Sol Fure

Skryt av bana

55 personar har gjeve karakter til bana i Botnane, og litt fleire enn ti har gjeve ei skriftleg melding. Her er nokre døme:

– Flott bane i vakre omgivelser.

– En teknisk bane. En gøy bane. En bane som det har blitt brukt tid på.

– Fine utkast og fin natur. Krevende vindforhold, en av de bedre banene i Norge.

– Nydelig bane, med korte tekniske hull. God variasjon, flotte tee pads. Merk at det kan bli ganske bløtt etter perioder med regn.   

Sendebrettbana i Botnane har 12 korger og 20 utkast. Ei korg på kvart utkast er standard om det skal vere konkurranse. – Det bør også vere meir variasjon i lengda på kasta. I dag er her nokre korger som er knytte til tre utkast, i tillegg til banar som kryssar kvarandre. Det er ikkje noko stort problem i Botnane, men skal ein ha turnering må det vere i orden. Det er planlagt ei ny turneringsløype med 10 nye lengre hol dei komande åra, seier Fredrik Espedal. Den korte løypa ligg i skogen bak grendahuset i Botnane og tek 30 minutt. Den lengste løypa tek om lag to timar og går vidare over elva søraust om grendahuset og utover mot fylkesvegen gjennom bygda.

Bana ligg i eit gamalt kulturbeite der det før beita sauer og kyr, no er det hjorten som rår grunnen. Foto: Ingeborg Sol Fure. 

Betal gjerne til 82 21 71

– Vi har nyleg oppgradert bana med eit sett innerkjetting i kvar korg. Det vil seie at korga fangar sendebrettet betre og hindrar at du kastar rett gjennom. Vi har også laga til fleire vegvisarskilt frå korg til korg, så no kan du gå ruta utan å bruke appen, fortel Fredrik Espedal. Han tykkjer bana er finast om våren, men det er mest om sommaren folk har fri og høve til å fare rundt og spele. Førebels er det få som betalar for bruken av bana. Det kan ein gjere med å vipse eit fritt beløp til  Vipps 82 21 71 og merke innbetalinga «Sendebrettbana». Det er Botnane og Årebrot grendalag som har bygt bana og held ho ved like med hjelp av familien Nordbotten/Espedal. Det er viktig at dei som ferdast på bana tek med seg boksar, flasker og anna avfall heimatt, slik at folk og dyr ikkje vert skada av slikt i naturen.

 

Fredrik Espedal og Rune Nordbotten påska 2023, då det var dugnad på bana. Foto: Magni Øvrebotten.

 

Tekst: Magni Øvrebotten 21. mai 2025.