Møte med Gestapo
«Kvar dag sidan» heiter utstillinga på Gestapomuseet i Bergen om barn og unge sitt møte med Gestapo på Vestlandet. Eitt av dei åtte døma på slike møte er Oddbjørg Sørbotten (1928-2023) frå Botnane. Den dagen Roskastasjonen i Breivika fall i mars 1945 kom Gestapo på døra på leit etter far og bror hennar, og 16 år gamle Oddbjørg måtte vise rundt i huset med ein ladd pistol mellom skulderblada.

Magnhild Sørbotten og Peder August Arntzen Sørbotten, dotter og dotterson til Oddbjørg, framfor plakaten som fortel om hennar møte med Gestapo 13. mars 1945.
I utstillinga har kvar av dei åtte døma ein eigen plakat der historia deira vert fortalt. Oddbjørg er ei av tre kvinner som er med, og ho er ei av tre frå Sogn og Fjordane. Dei andre er frå Hordaland. Berre ein av dei åtte leve. Det er 93 år gamle Per Kvamme frå Granvin. Han var med på opninga av utstillinga på Gestapomuseet 17. juni, og fortalde om då han vart truga med pistol mot tinningen. Gestapo ville ha greie på kvar storebror hans, som var motstandsmann, var å finne. Per Kvamme var då 12 år. På opninga vart han intervjua av kurator for utstillinga Svein Arne Myhren Røyrvik.

Skulestilen til Halvdan Øvrebotten er, det vi veit, den einaste skriftlege kjelda vi har frå ein som var med då alle menn i Botnane vart kommanderte ut til Breivika.
På plakaten om Oddbjørg Sørbotten (f. Øvrebotten) vert også stilen til naboguten Halvdan Øvrebotten (1926-93) omtalt. Han var med då Gestapo kommanderte alle menn i Botnane til å vere med til Breivika og bere ned alt utstyret etter radiostasjonen Roska. Det er òg same dagen, 13. mars 1945, som tyskarane hadde skote Atle Svardal og mishandla Fredrik Persen stygt. Stilen er den einaste skriftlege augevitneskildringa frå ein som var med denne kvelden og natta. Halvdan Øvrebotten skreiv stilen etter krigen då han gjekk på Sunnfjord folkehøgskule i Førde. Heldigvis synte han stilen til tanta si, Magna Øvrebotten (1900-1992, mor til Oddbjørg). Ho spurde om å få skrive av stilen og tok vare på han, og takka vere det kan vi no lese om den dramatiske opplevinga. I samband med utstillinga «Kvar dag sidan» er det laga eit eige hefte med stilen som folk kan ta med seg for å lese. På plakaten er det QR-kode til heimesida til Botnane og Årebrot grendalag, www.Botnane.no, der begge historiene er å finne på sida for historikk.
I programhefte til utstillinga står det mellom anna: » Vitnemåla om brutaliteten er mange. Ein treng ikkje leite lenge. Historiene i utstillinga er valde ut mellom fleire. Dei dokumenterer og viser omfanget av det som hende då. Dei vonde minningane har i mange tilfelle sett sine mørke fargar på livet etterpå. Valdsmakta nytta alle midlar og påførte meir enn skrubbsår og blåmerke. Samstundes er det som hende, berre ein del av det som i dei fleste tilfelle har vore lange menneskeliv fylde av mange andre dagar. Livet er også godt.
Men minneforteljinga peikar òg fram mot notida, til det som skjer i dag, andre stader kring oss. Det er mange born og unge som no går gjennom det same som eldre vestlandske kvinner og menn fortel om som vonde barndomsminne».
Utstillinga blir ståande på Gestapomuseet i Bergen til august 2026 og det går an å tinge seg omvising. Ho skal brukast i eit nytt undervisingstilbod for elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen, og vil utfylle det alt eksisterande tilbodet Gestapomuseet og Stiftelsen Lenken tilbyr over 3000 elevar. Det er historiebasert undervising som har som mål å løfta menneskeverdet, byggja fred og sikra demokratiet ved å bidra til å skape unge, engasjerte og aktive medborgarar, heiter det i programhefte for «Kvar dag sidan».
Tekst og bilete: Magni Øvrebotten 18. juni 2025.
For ordens skuld må eg opplyse at Oddbjørg Sørbotten var farsyster mi.
