Frøysjøvegen – litt historie og framtid
Litt meir om vegen som har fått ny asfalt frå Villevika til Botnane. Vegen vart opna for snart 32 år sidan, den 2.august i 1987. Opninga var på grensa mellom den gongen Flora og Bremanger kommune, ved Husefest. Arbeidet med vegen starta sørfrå og vart bygd etappevis nordover. I lang tid sto det heilt stille rett nord for Seljestokken. Etter mykje påverknadsarbeid og midlar frå fleire kantar vart det veg fram til Botnane. Med det kunne folk i Botnane nå båtrutene som gjekk på Villevika – og folk på Årebrot kunne nå ferja i Botnane. Med ny asfalt på denne strekningen har det vorte ein flott sykkelveg også – og for ein natur å nyte på vegen både nordover og sørover.
Særleg i samband med bygginga av vindturbinane på Guleslettene for ein del år sidan vart det transportert mykje masse på vegen frå steinbrotet i Seljestokken. Vegen vart ganske nedkøyrd og grendalaget og andre har peika på behovet for å få nytt fast dekke på vegen. Det er på plass no. Og takk for det til Vestland fylkeskommune. For eit par år sidan vart det også gjort mykje utbetringsarbeid frå Myklebust, der Frøysjøvegen startar nordfrå og vidare til Sørgulen og Sagebø. Så no står det att å få gjort noko med vegen gjennom Botnane. Her er det behov for å utvide og få nytt fast dekke ein del stader. Og så er det stort behov for å få redusert fartsgrensa til både 60 og 50 km i timen.
Og så er det sjølvsagt også behov for ein breiare veg på Myklebust, ikkje minst i ein sving heilt utan oversikt. Grendalaget vil stå på for at også dette vert gjort om ikkje for lang tid.
Tekst og foto: Åsmund Berthelsen

Her startar den nye asfalten på Håjen i Botnane.

På veg mot Botnane med utsyn mot Frøyalandet og Bremanger.

På veg sørover mot Husefest og vidare til Villevika.

Utsyn over Frøysjøen nær Opnarhella.

Den nye asfalten startar ved kaihuset på Villevika.
