Mange har historia si i veggane her

Solnedgangen over Uravika frå stoveglaset på gamleskulen. Foto: Atle Faye.
– Det er veldig spesielt å ta over skulehuset og skulle vere den som tek historia vidare. Vi er mange som har historia vår i veggane her, seier Venche Faye Sandvik. Saman med mannen Magnar Sandvik, fekk ho skøyte på gamleskulen på Årebrot som hytte tidleg på 2000-talet. – Om nokon har lyst til å sjå att huset dei gjekk på skulen i er det berre å kome. Vi kjem til å vere her meir no når begge er pensjonistar, seier Venche Faye Sandvik.
Det var Simon Solberg som bygde skulehuset, som vart teke i bruk i 1905. Då hadde det lenge vore semje om at det trongst eit skulehus, men krangel om kvar det skulle ligge. Gamlebøen på Ura vart valt, det var omlag midt på strekninga Husefest-Årebrotsvågen.
– Huset vart ståande ei stund før vi vann på å pusse det opp. Vi dreiv gard i Sandvika (Eikefjord) med kyr og ungbeist. Magnar hadde heiltidsjobb utanfor garden, medan eg hadde deltid. Så det meste av arbeidet her er gjort av Magnar (73 år) etter at han vart pensjonist, og det kom vel med at han er bygningsmann, seier Venche Faye Sandvik.

Utvendes har huset same form og farge som då det var skulehus. Foto: Atle Faye.
Naturen var i ferd med å ta over både uteområdet og sjølve bygget då dei tok over. Då hadde huset vore både utleigd og stått tomt, og bar preg av det. Huset var i bruk som skulehus til 1985, då det vart bygt ein ny Årebrot skule, og lærarbustad i 1979.
– Randi og Sigbjørn Holsen var det siste lærarparet som budde her på gamleskulen. Eg må seie at eg er imponert over at dei tok mot jobben med dei buforholda. Dei hadde to barn då, og her var liten plass og utedo. Kjøkken nede, ei lita loftsstove utan takglas og tre små soverom, alt oppe med skråtak. Det var neimen ikkje nokon luksusbustad, slår Venche Faye Sandvik fast.
– Vi har skifta alle vindauga attende til slik dei var før husmorvindauga kom på 1970-talet. Huset er etterisolert utvendig og det er bytt kledning. Alt det elektriske er bytt og no er her avløp etter forskriftene. Før gjekk alt det rett utfor muren. Og vi har bora etter vatn, fortel Magnar Sandvik, som får æra for å ha stått for det meste av dette arbeidet. Sjølv seier han at svoger Øystein Faye, med gravemaskin, har vore ei uvurderleg god hjelp å ha. Utvendig ser huset ut slik det gjorde som skulehus. Det har vore kvitt så lenge Venche kan hugse.

Venche ser heim til Kvalvika, der ho vaks opp. Foto: Magni Øvrebotten.

Skulestova har blitt stove. Foto: Magni Øvrebotten.

Kammerset har blitt kjøkken. Foto: Magni Øvrebotten
Inne har det som var kjøkken i skulehuset blitt eit kombinert bad, toalett og vaskerom, og kammerset ved sida av skulestova har blitt kjøkken. Gangen og trappa opp i andre høgda er som dei var. Skulestova har si opphavlege form og dei kledde veggane er måla og tapetserte. – Huset er eit tømmerhus med høvla og kløyvd tretoms tømmer. Skulestova var ei tømmerstove til ho vart kledd med plater, truleg på 1950-talet, seier fagmannen Magnar Sandvik. Tilbygget vart bygt av bestefar til Venche, Hjalmar Uren, saman med Hjalmar Holstad, etter det Venche har høyrt.
Skuldrane senkar seg
– Det har vore skule i dette huset i 80 år. Var det mange klenodium å finne frå skuletida?
– Nei, det var diverre lite med klenodium. Det einaste var då vi reiv taket. Då kome det for ein dag ei bok og ei rekning på poteter kjøpt av Magnus Fimland. Han var lærar her og døydde sommaren før eg skulle byrje på skulen i 1966. Eg hadde gledd meg slik til å få han som lærar, minnest Venche. Ho vart sjølv lærar og tykkjer det har vore eit gjevande yrke. Ho avslutta yrkeslivet som rektor ved Stavang skule. No vert den lagt ned og det høver å bli pensjonist i ein alder av 65 år. Ho håpar dei får tid til å vere meir på hytta no når begge er pensjonistar. Dei har tre barn, som alle har vore med på oppussinga av huset, og foreldra håpar dei også får tid til å bruke det.
– Er det mange gamle elevar som kjem for å sjå att skulen?
– Det har slett ikkje vore noko renn av dei, men eg merkar av folk er knytte til skulen sin. Dei som har lyst må berre kome så skal dei få sjå korleis det har blitt. Det var mindre innreidd i andre høgda då eg gjekk på skule her, og ute står utedoen frampå kanten som han har gjort.

Magnar Sandvik og Venche Faye Sandvik. Foto; Magni Øvrebotten.
– Kva betyr det for deg å ha dette huset på Ura?
– Skuldrane senkar seg når eg kjem hit. Når eg har passert Botnane og byrja på stranda sørover då kjenner eg roa senke seg. Eg har lurt litt på kvifor det er slik? Kanskje er ikkje krava dei same? Det eg ikkje har med det får eg ikkje gjort noko med, det er mindre kav. Denne kjensla har forsterka seg etter kvart som eg eldest, og difor håpar eg at vi får god tid til å vere her framover, seier Venche Faye Sandvik.

Gamleskulen på Årebrot tronar på toppen av den vesle klynga med hus på Gamlebøen. Foto; Atle Faye.
Tekst: Magni Øvrebotten 02.08.2025.
