,

Konsert med Silisium i Botnane

 

– Det er kjekt at Silisum Vokal kjem til Botnane. Vi har spurt dei fleire gonger om å kome til Bygdehelga i juli, men det er vanskeleg å få til å passe for åtte personar midt i ferietida. No håpar vi at folk har tid til konsert ein vårkveld 18. april, kl. 17.00, seier Åsmund Berthelsen, leiar for Botnane og Årebrot grendalag.

Billettprisen blir kr. 300, og i den er det medrekna litt mat og drikke før konserten. Betal til Vipps 501465, og merk innbetalinga «Billett». Med hjelp av innbetalingane får vi også eit inntrykk av kor mange som kjem, noko vi treng å vite på grunn av maten. Vi opnar dørene kl. 16.00.

Silisium Vokal er ei vokalgruppe frå Bremanger kommune som starta opp i 2017. Damene som er med kjem frå fleire plassar i kommunen: Kalvåg, Bremanger, Svelgen og Ålfoten. Gruppa har gjort mange konsertar både lokalt og i nabokommunane.

– Vi har også spelt inn og gjeve ut musikk som er laga for oss og musikken ligg ute på ulike strøymetenester. I tillegg har vi selt inn videoar til ulike prosjekt, sist til julekonserten i fjor, seier Linn Kristin Sande Igland, leiar for gruppa.

Hausten 2024 hadde Silisium Vokal ein rein acapella-konsert, og til konserten i Botnane har dei med fleire av songane frå sist og nokre nye. – Eg kan nemne Billie Eilish, Aurora og låta «But I loved», som vi øvde inn til konkurransen om å vere kor for Highasakite og nokre gamle slagerar, seier Linn Kristin Sande Igland.