Ny hamn og gjestebrygge på Piren

Det gamle naustet frå slutten av 1890-talet ligg no midt mellom to flytebrygger på tolv meter. Omlag der Rune Nordbotten står skal det opp eit nytt naust med plass til båtar og sørvisrom for turistar.
Om du har vore i Botnane det siste halvanna året har du kanskje lurt på kva som går føre seg i fjøra på garden til Rune Nordbotten? Saman med gravemaskinkøyrar Ronny Brandsøy har Rune bygt ei ny hamn, der det er plass til åtte mindre båtar. Ved den gamle kaia Piren skal det vere gjestebrygge for to båtar sommarstid.
– Heilt sidan eg tok over garden 1991 har eg tenkt på å få til betre hamneforhold her. Både synna- og vestavinden tek hardt på Piren, og mang ei styggeversnatt har eg måtta opp for å sjå etter båten. Det same gjorde far min, seier Rune Nordbotten.
No er det tidkrevjande arbeidet i sjøen ferdig. Det er uråd med samanhengande arbeid når du skal rette deg etter flo og fjøre. – Det store fjøra var alltid der når eg skulle i fjøsen, så kyrne mine har måtta lære seg fleksitid, seier Rune. Det er til saman mura over 100 meter med mur i hamna, pluss ein halvhøg mur på steinfyllinga inn mot Øvrebotten. Mellom dei to murane i innløpet til hamna er det ein avstand på 25 meter, og det er lagt ut to flytebrygger på 12 meter. Ved dei er det plass til totalt åtte båtar og to plassar er leigde ut fast. Gamlekaia Piren skal han bruke til forskaling og støype 30 centimeter oppå, slik at kaia kjem over flodmålet. Der vert det gjestebrygge for to båtar sommarstid.

Det er lagt ut to slike flytebrygger på 12 meter og det er 25 meter mellom dei to murane som omkransar den nye hamna.

Den nye båthamnen sette frå den nordre muren. Her det plass til åtte mindre båtar.
Viktig å bruke lokale fagfolk
Kva det har kosta vil ikkje Rune Nordbotten snakke om, men det har kosta mykje, både tid, pengar og arbeid, let han om. – Men eg hadde ikkje hatt råd til dette om her ikkje var fagfolk å bruke lokalt. Ronny (Brandsøy) bur på Årebrot og har maskiner der, dermed slepp eg å betale for lang arbeidsreise og transport av eigna maskiner. Ronny er ein flink fyr og vi har samarbeidd om muringa. Han har understreka at det er eg som er sjefen og bestemmer kvar steinane skal ligge, seier Rune og fortel at han har samla på eigna stein sidan 1991. Då var det ein annan lokal gravemaskinkøyrar, Øystein Faye (no pensjonist), som dyrka jord og bygde veg for han, og byrja legge til sides større steinar til hamneføremålet. Rune Nordbotten er oppteken av at det er viktig å bruke dei fagfolka vi har lokalt.
I arbeidet med få på plass ein landgang frå ei av flytebryggene skada Rune sist veke venstre handa. Ho kom i klem mot gravemaskina og det vart brot i tre fingrar og ein vart klemstra. – Eg var litt uoppmerksam, skulle skunde meg og få det gjort før eg skulle i fjøsen. Slikt er fort gjort, men eg vil understreke at det var mitt ansvar. Det tek seks veker før beina er grodde og så må eg trene mykje for å få fingrane i vigør att, konstaterer Rune Nordbotten.
No er det arbeidet med å jamne ut området på land som står att og det skal opp eit nytt naust, i tillegg til det gamle frå slutten av 1890-talet. – Vi treng eit naust vi kan ha båtane i vinterstid. Naustet vil også innehalde sørvisrom for turistane våre, til sløying, stell og frysing av fisk. Og når vi fyrste byggjer vert det og eit kjølerom for opphenging av hjort.

Dette er badetrappa til jentene mine, seier Rune Nordbotten. Ho er alt teken i bruk, fortel han og siktar til kona Elisabeth og døtrene Bolette, Birthe og Karen. I tillegg har det nyleg kome til gards to barnebarn, som sikkert også får glede av trappa.
– Molbupolitikk å ville ha vekk turistfiske
Opphavleg var det for å få ei trygg hamn for båtane sine at Rune ville bygge småbåthamn ved Piren. Men etter at han byrja med turisme ser han også nytten av å legge til rette for turistane. Han har ei utleigehytte som stort sett er leigd vekk til tyskarar frå 1. mai til ut september. Per no er ti veker alt leigde ut for sommaren 2025.
– Skal vi ha pengar av turistane må vi også legge til rette for dei. Dei som vil ha vekk turistfiske, at kvar turist kan ta med seg heim 18 kg fisk, driv molbupolitikk. Det vil øydelegge mykje for turistnæringa. Eg har ektepar her som reiser rundt fordi dei likar å fiske, og dei kjem att, år etter år. Om det vert redusert fiske vil færre kome. Dei som kjem for å drive tjuvfiske vil kome uansett, meiner Rune Nordbotten. Då han bygde utleigehytta si i 2005/06 var ho ikkje tenkt berre for turistar, men også for familie og avløysarar. I avtalen med det tyske firmaet han samarbeider med har Rune sikra seg at at han kan «låse hytta» til eige bruk når som helst i sesongen, og for kor mange dagar/veker han ynskjer.
I mai i år flytta eldste dottera på garden, Bolette Nordbotten Espedal, heim med familie. Svigerson Fredrik Espedal seier han ser lyst på at svigerfaren legg til rette for turisme. Kva det kan bli til veit ikkje Rune enno, det får tida vise. – Fyrst må vi få gjort ferdig hamna her, seier han, og ser utover mykje stein som skal flyttast på før hamna på Piren er ferdig. Men det er lettare å få arbeidet gjort på land enn når ein skal rette seg etter flo og fjøre.

Den gamle kaia på Piren blir forskaling til ei 30 cm høgare, støypt kai, der det sommarstid skal bli gjestebrygge for to båtar.

Det er framleis att ein god del arbeid før anlegget er ferdig, men no er det arbeid på land.
Tekst og foto: Magni Øvrebotten, 28. juli 2024.
–
